Gå til innhold
Arkivverket

[#11572] Kvar og når er Mons Peersen (Pedersen) født (rundt 1766?)


Gjest Johannes Mjelde
 Del

Recommended Posts

Gjest Johannes Mjelde

I kyrkjeboka for Haus er Mons innførd som brudgom i 1792, og då som Mons Peersen Garnes. Ved folketeljinga 1801 er han oppførd som Mons Pedersen, alder 35 år. I bygdeboka for Haus (Lars Ådna) er han ført som 2. sonen til Per Johannesson Garnes og kona Kari Monsdtr., men med merknad om at han ikkje er funnen innført i kyrkjeboka. Eg har også vore på Riksarkivet og saumfare kyrkjeboka for Haus for døypte i dei tenkjelege årstala utan å finna nokon Mons med ein far som heiter Per, Peer eller Peder, korkje frå Garnes eller andre gardar. Er det tenkjeleg at presten kan ha gløymt å føra han inn i kyrkjeboka? Eg har vore inne på tanken at han kan ha vore ein mor- eller farlaus gut i Per og Kari si slekt, som dei har teke seg av, men om han hadde vore født og døypt i Haus, skulle han vel i alle fall ha vore innført der. Spørsmålet vert då om det i andre kommunar, kanskje først og fremst i Nordhordland, der det på 1760-talet har vore registrert som født ein Mons Pedersen, som ikkje dukkar opp att i folketeljinga 1801, eller på listene over døde fram til 1792?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Det hender at prester har glemt å føre inn døpte barn. Jeg har og registrert døpte i Haus for en del år på 1700- tallet. I denne basen har jeg heller ikke funnet noen kandidat på 1760-tallet. Spørsmålet mitt er om du har sjekket de introduserte kvinnene på 1760-tallet. Dette vil i hvert fall gi deg muligheten til å se om Per og Kari Garnes fikk et barn ca. 1766. En prest kunne glemme å føre inn en dåp, men å glemme å føre inn introduksjonen på samme dåp er vel heller tvilsomt.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johannes Mjelde

Takk for svaret. Eg er ikkje sikker på kva du legg i uttrykket ”introduserte kvinner” men om du tenkjer på om ikkje berre far, men også mor er registrert, så var nok det vorte regelen i Haus på den tida. Og i perioden 1764 - 1787 er Per og Kari Garnes registrert i kyrkjeboka som foreldre til 10 born, og av dei var det 3 som var trillingar. Eit av desse borna var odelsguten Johannes, som var døypt 15 februar 1767. Ved folketeljinga 1801 er Mons oppført med 35 år, og Johannes, odelsguten, 34 år. Men om Mons var son til Per og Kari, skulle han vera yngre enn odelsguten. Eg har vore inne på tanken om dei kunne vera tvillingar, jfr. at foreldra seinare fekk trillingar, men at presten skulle føra inn den eine av dei, men ikkje den andre, er vel ikkje særleg sannsynleg?Johs. Mjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

Slik jeg har lest dette, så ble vell kvinnen regnet for urein etter en fødsel, og ble ført av presten inn i kirken. Ofte finner en dette gjort samme søndag som barnet har vært døpt. Så vidt jeg vet er dette å 'introdusere en kvinne'. Mvh Torleif Odland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johannes Mjelde

Dette med å introdusere ei kvinne som ei kyrkjeleg handling har eg ikkje tenkt på. Eg kan ikkje hugsa å ha sett det registrert på dei filmrullane eg har sett på, men har vel ikkje sett på rette staden. På Kenneth sitt spørsmål vert difor svaret Nei. Og spørsmålet blir då kvar ein finn registrering av slik introduksjon.Mvh Johs. Mjelde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torleif Odland

De jeg har funnet har som regel presten notert som en bisetning i kirkeboken. Jeg har funnet et fra egen familie, der det nevnes en søndag på latin som etter min ordbok skal være midtfastesøndag i 1727. Der har presten notert: intr. Niels Ellingsen Aadlands q.de.Mvh Torleif

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johannes Mjelde

Takk for svaret. Dette er noko som eg ikkje har vore klar over til no. Etter mitt siste innlegg har eg elles tilfeldigvis komme over ein interessant artikkel på ”Lenke, og på Digitalarkivet fann eg denne sida på Digitalarkivet: ”Introduserte kvinner i Borgund 1739-1786”. Mitt spørsmål til Digitalarkivet vert då: Er det på tale med tilsvarande data for Haus?Mvh Johs.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.