Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#11641] Anna K. Amundsdotter frå Grindaker, Nes på Romerike, Akershus til Amerika?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Anna K. Amundsdotter 'Anna Amundson' gifte seg i St. Paul, MN 30.4.1888 med Anders Johannesson Næs 'Andrew J. Ness' frå Hafslo (Luster) i Sogn (1860-1894). Ho døydde i Minneapolis, MN 10.5.1942.Dødsattesten hennar syner at ho var fødd i 'Oslo, Norway' av ukjende foreldre 26.11.1862, men fødselsåret kan like gjerne vera 1863 eller 1864, om me skal dømma etter folketeljingane frå 1905, 1910 og 1920. Ho skal ha utvandra til Amerika i 1886 eller 1887.På Grindaker under Auli vestre i Nes, Akershus finn me i 1865 denne huslyden:* Amund Amundsen, husmann, f. 1833 i Nes* Bertha G(urine) Andersdatter, f. 1834 i Nes* Indiana Amundsdatter, f. 1858 i Nes* August C. Amundsen, f. 1861 i Nes* Anna K. Amundsdatter, f. 1864 i NesAmund og Bertha budde framleis på Grindaker i Nes ved folketeljingi i 1900 men då med tre yngre born og to barneborn.Er det nokon med lokalkunnskap frå Nes på Romerike som kan fortelja meg noko meir om denne huslyden og særleg om dotteri Anna K.? Kan ho vera 'Anna Amundson' frå St. Paul, MN? Var fødselsdatoen hennar 26.11??Eg takkar hjarteleg på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila N. Christiansen

Hei Lars! Familien er nevnt i bygdeboka for Nes Bind V s. 346. Men, det står ingenting du ikke allerede vet, annet enn at Anna het Anna Karoline og var f. ca 1863. Resten av opplysningene er hentet fra folketellingene.Laila

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Under ein kort visitt på Riksarkivet i går fann eg sjølv fødselsdatoen til Anna Caroline Amundsdotter Aulieie. Ho var fødd i Nes 6.10.1864. Eg er redd denne datoen kanskje ligg noko for langt unna den som vert oppgjeven frå Amerika, 26.11., men ein veit jo aldri...Gode forslag vert mottekne med stor takk! Kanskje finst det andre gode 'kandidatar' til denne Anna K. Amundsdotter som i 1893 vart enkje etter at mannen vart skoten under kortspel i Fargo, ND?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne i kveld blåsa liv i dette problemet frå 2002. Eg er framleis like viss på om Anna Caroline Amundsdotter Aulieige frå Nes på Romerike er ho som gifte seg i St. Paul, MN i 1888.Er det mogeleg å påvisa at denne jenta utvandra til Amerika kring 1886/1887? Eller kanskje andre ''kandidatar'' dukker opp i passasjerlistene?Eg takkar på ny for alle gode tips om denne jenta!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×