Gå til innhold
Arkivverket

[#11677] Helga Olsdtr f.kr. 1751. Frå Vik i Øygarden, Hordaland?


Gjest Tore Nordvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Tore Nordvik

Er det nokon som kjenner opphavet til Helga?Første gong ein treff på henne i kjeldene er truleg då ho blei konfirmert i Sund i 1767 som 'Helge Olsdatter Solswigen'.Deretter når ho giftar seg med enkemannen Rasmus Mikkelsen Landro i 1771. Då er ho oppførd med gardsnamn 'Wiig' og det er truleg garden Vik i Øygarden.Dei får borna Mikkel, døypt 25.05.1771. Fadrar: Ole Torgersen, Jacob Christophersen, Ole Larsen, Guri Iversdtr og Anne Nilsdtr Landro. I 1801 er han gift med Ingeborg Andersdtr og har borna Albrigt og Anders.Albrigt, døypt 26.01.1775. Fadrar: Michel Erichsen, Ole Larsen, Jacob Christophersen, Johanna Nielsdtr og Gertru Nilsdtr Landro.Martha f.kr. 1780, som i 1801 er tenestejente hos Jochum Schram Sørensen som var gjestgjevar i Solsvik.Helga Olsdtr blei gift andre gong 1792 med Anders Olsen Landro. Ho døyr i 1822, oppgitt alder: 75 år.Namnet Albrigt er lite brukt på Sotra, og det er truleg gjennom Helga at namnet blir teken i bruk. Kan ho vere bror til Albrigt Olsen Kjerrgard på Askøy (tilhøyrde Manger i 1801)? Eller dotter av Ole Olsen Vik som får born så seint som i 1761?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

HeiArtig at du slit med denne nøtta enno. Sidan vi hadde korrespondanse om Helga i vår, så har eg jobba litt med å finna løysninga. Eg ber om orsaking for at eg ikkje har kontakta deg, men det er berre kort tid sidan eg fann noko som eg trur kan vera løysninga.For kring ein månad sidan byrja eg å skriva på det som eg håpar skal verta ættesoga om Vik i Øygarden. Då kom eg over ein kandidat som er svært aktuell. Han heitte Ole Monsen Vik (1707-1771.Som du sikkert veit så vart Helga født i ein periode som kyrkjebøkene ikkje lengre eksisterer. Kyrkjebøkene for Manger brann opp i 1759.Men dei døypte heldigvis borna sine andre stader óg. Den 31. mars 1737 døypte Ole Monsen Vik og kona Anne Johannesdatter dottera Marte i Nykirken i Bergen. Dei fekk nok fleire born, men av di kyrkjebøkene i Manger brann opp så får vi ikkje vite om dei.Mellom dåpen i Nykirken i 1737 og 1759 har eg ikkje funne data om Ole Monsen, men i 1759 dukkar han opp att saman med kona som fadrar til fleire av borna som vart døypte på Vik. Men då heitte kona, Marta Johannesdatter. Fyrste kona, Anna Johannesdatter, må ha døydd og Ole Monsen har gifta seg opp att med Marta. (Kanskje var dei systrer).Eg har ikkje funne skifte etter Ole Monsen eller nokon av konene hans, så vi får truleg ikkje prov på at denne teorien er rett. Eg har ikkje sjekka pantebøkene, så der er det eit syltynt håp. Ein Mons Olsen Vik (1752-1838) var truleg også son til Ole Monsen og (truleg) Marta.Det at Helga seinare får ei jente som ho kallar Marta tyder på at også ho er født i andre ekteskap. Kven sonen Albrigt er kalla opp etter har eg ikkje noko svar på.Kor tid Helga Olsdatter (Vik) var født er litt uvisst. I 1801-teljinga står det at ho var 50 år, men då ho døydde i 1822 står det at alderen var 75 år, altså født 1747-48.Denne Ole Olsen Vik som du nemner, er det skifte etter, men der er ikkje Helga oppført.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Hei igjen ToreBra at du ikkje har lagt denne nøtta på hylla og eg skal jobba meir med henne når eg kjem heim til jul.Det er neppe truleg at Anna og Marta er systre, for då burde det ha vore gitt ekteskapsløyve, noko eg ikkje kan finne. Derimot finn me Ole Monsen Vik som gift med Anna Johannesdtr Nesse, dei fekk løyve til å inngå ekteskap 5. april 1731.Eg kan ikkje finne Marta Johannesdtr som gravlagd i perioden 1759-1801, men det er ei på Rong som er 70 år og truleg mor til anten husbonden Rasmus Olsen eller kona Brita Monsdtr. Kjenner du meir til dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Når det gjeld databasen over gravlagde i Manger, så er den svært mangelfull i denne perioden. Spesielt gjeld dette kvinnene. Dei som ikkje hadde råd til å betale presten for jordfesting vart ikkje ført inn i bøkene. (Rått og brutalt.)Men det kan tenkjast at du er inne på noko når du nemner Rong. Her har eg ikkje den fulle oversikten, men dersom vi går eit steg attende og ser på foreldra til Ole Monsen Vik (1707-1771), så heitte dei Mons Olsen og Marta Olsdatter.Marta Olsdatter kom frå Rong og var dotter til Ole Johansen og Kari Johannesdatter Rong. (Kjelde: Skifte etter Ole Johansen Rong, 25. Nov. 1715).Det var også relasjonar mellom Rong og Nesse (Blomvågnesset). Og namnet Johannes var flittigt brukt på båe stader. Kanskje er denne tråden verdt å fylgje litt til.Du skal ikkje sjå bort frå at vi klarer å løyse mysteriet Helga Olsdatter Vik/Landro ein dag.Det er godt med julenøtter, men denne kan nok bli hard å knekke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Eg nemnde tidlegare at Ole Monsen Vik og Anna Johannesdtr Nesse måtte ha kongeleg løyve for å inngå ekteskap. I tingboka for året 1731 (fol. 237b) finn me at dei var tremenningar: Ole Monsen si farmor 'Mari Vig' var søster til Anna Johannesdtr si mormor 'Magdeli Vig'.Dei hadde dessutan avla born før ekteskapet, for i tingboka for året 1730 (fol. 198) er dei stevna for 'begangne første Lejermaal og Barneavling til Bøders erleggelse, som desforuden ere beslegtede'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.