Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#11813] Claus Johannesson og Guri Arnesdotter på Buholmstrondi i Ålesund - kva lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Claus Johannesson, fødd på garden Mo i Hafslo (Luster) i Sogn 16.8.1833, flytte i 1850 til Flakstad og i 1854 til Buksnes der han 7.1.1862 gifte seg med Guri Arnesdotter, visstnok fødd på Sogge i Grytten(?) kring 1832. Huslyden budde nokre år på Kyllingdal i Buksnes, men flytte kring 1866 til Borgund og kring 1872 til Ålesund der me finn dei busette på Buholmstrondi både i 1875 og i 1900. Dødsdatoane deira er ukjende...Me kjenner til fire born som voks opp:* Johan Clausson, fødd i Buksnes 1862, nemnd 1865 og 1875, men elles ukjend* Arnt Clausson, fødd i Buksnes 1865, nemnd 1865 og 1875; kan vera identisk med sjømann Arnt Berteus Clausson som i 1891 utvandra frå Ålesund til New York, 25 år gamal(?), men elles ukjend* Gjertrud (Jensine?) Christine Clausdotter, fødd i Borgund 14.5.1867, nemnd i 1875, men elles ukjend* Caroline Inger Clausdotter, fødd i Borgund 16.11.1870, nemnd i 1875, men elles ukjendDessutan hadde dei visstnok tvillingar, Carl Rotin og Caroline, fødde i Borgund 20.4.1869, men som døydde kort tid etter(?)Kan nokon hjelpa meg med fleire opplysningar om denne huslyden som til dømes:- Dødsdatoar for Claus og Guri?- Stadfesting av opphavet til Guri? Mor hennar var Jøda Torgersdotter frå Lesja, medan faren skal ha vore Arne Arneson Sogge...?- Kvar i Borgund denne huslyden budde frå 1866 til dei hamna på Buholmstrondi i Ålesund?- Og sist, men ikkje minst, opplysningar om kvar det vart av dei fire borni?På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å henta fram att dette spørsmålet no i romjuli. Kanskje er det nokre nye lesarar som no er ferdige med den verste julestridi og som kan hjelpa meg med fleire opplysningar?Eg kan forresten leggja til at Claus Johannesson ættar frå dei gamle stormannsættene Rumohr og Munthe i Sogn.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Heen

Kan foreløpig bekrefte en av de opplysningene du spurte om. Guri Anresdotter Sogge Reiten ble født 06.05.1832 og døpt 28.05.1832 i Grytten, foreldre er : Arne Arneson Sogge Reiten og hustru Jøda Torgeirsdotter. Prøvde også å lete etter deres ekteskap men fant det ikke under Grytten. Opplysningene fant jeg på film nr. HF-1147, side 84.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Glenn Murray

Skal vi se, Arne Arnesen f. 1796 var 3. eller 4. generasjon på (Sogge)Reiten. Kona Jøda Torgeirsdtr var etter mine notater født på Kjønsletten, Lesja i 1789. Paret ble viet i Grytten kirke i 1822.Jeg vet ikke hvor i Ålesund Claus og Guri bodde, men ta en titt i sfæren omkring Devold-folket - de var Guri's nære slekt.http://www.murray.as

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

1. Huslyden flytta neppe frå Borgund til Ålesund kring 1872, for allereie ved dottera Gjertrud sin fødsel i 1867 budde familien på Buholmstranda i Ålesund. 2. Gjertrud står i kyrkjeboka oppført som Gjertrud Christine Munthe (f. 14.05. 1867). 3. Caroline Inger (f. 16.11.1870) står i same kjelde oppført med enda eit førenamn: Caroline Inger Anna. 4. Den første Caroline (f. 20.04. 1869) døydde 15.05. same år av kikhoste. I tidsrommet 27.04. - 18.05. døydde 5 andre born på Buholmstranda av same sjukdom. 5. Tvillingbroren Carl Robin (f. 20.04. 1869)døydde 11.06. same år. Dødsårsaka er ikkje nemnd. Både Caroline og Carl kan i utgangspunktet ha vore svakhelsa, for dei vart heimedøypte.Dette er det eg har funne så langt.Helsing Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk so mykje til Hanne, Glenn og Gunnar for interessante og verdifulle innlegg!Eit spørsmål om opphavet til Guri Arnesdotter: Eg forstår det slik at Arne Arneson var gardbrukar på Sogge Reiten og lurer på: Er det slik at Reiten er (var) eit bruk, eller ein parsell, av Sogge-garden??Elles er eg glad for å ha nøyaktige opplysningar om bustaden til Claus og Guri og datoar for borni deira! Eg har ikkje tilgang til kjelder frå Ålesund og set stor pris på all den hjelpi eg kan få. Om eg berre visste kvar det vart av Claus og Guri etter 1900 og borni deira...!? Kanskje opplysningar vil dukka fram einkvan stad...!?Nok ein gong, hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Glenn Murray

Reiten har i likhet med nabogårdene Megård, Østigård og Bakke mistet 'fornavnet' Sogge i nyere tid. Alle disse gårdene er ganske store etter målestokken ved en vestlandsfjord.Det var Arne Arnesens eldre bror Ole f. 1788 som satt med hovedbølet. Arne hadde en plass som var kalt Reitabakkjin, men siden han var så nær slekt med sjølfolket så skrev han seg Sogge-Reiten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no fått stadfest fulle namn og fødselsdatoar på dei to eldste borni i huslyden til Claus og Guri(ne) i Ålesund:* Johan Jørgen Clausson, fødd i Buksnes 17.5.1862* Arnt Bertheus Clausson, fødd i Buksnes 12.2.1865Då får me samstundes ei stadfesting av at det var denne Arnt som utvandra frå Ålesund i 1891 med reisemål New York!Men eg vil tru det må finst fleire opplysningar om både Claus og Guri(ne) og dei andre borni deira i Ålesund?Eg takkar nok ein gong hjarteleg for all hjelp når det gjeld denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Gunnar, som gjennom eit innlegg under tema #14403 nemner at Claus Johannessen døydde i Ålesund 8.10.1903.Han vert oppgjeven å vera enkjemann; noko som fortel oss at kona Guri(ne) Andersdotter må vera avlidi mellom 1900 og 1903. Kanskje nokon kan hjelpa med å finna datoen?Elles hadde skiftet etter Claus Johannessen vore interessant, men dette er vel berre tilgjengeleg i Trondheim?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Gurine Johannessen døydde av lungebetennelse 14. april 1902 i Ålesund.Helsing Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Gunnar, for denne datoen.Utfordringi no er å finna att dei fire borni til Claus og Gurine. Finst det kjeldemateriale i Ålesund som kan hjelpa meg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg ønskjer i dag å blåsa lite vetta støv av denne saki, der eg framleis står utan spor av opplysningar om borni til Claus Johannesson i Ålesund. For å summera opp; dette er borni me leiter etter:* Johan Jørgen Claussen, fødd i Buksnes 17.5.1862, nemnd 1875. Seinare lagnad ukjend.* Arnt Bertheus Claussen, fødd i Buksnes 12.2.1865, utvandra 1891 til New York, men er ikkje attfunnen der borte.* Gjertrud Christine Munthe Claussen, fødd i Borgund 14.5.1867, finn eg no ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2683&idx_id=2683&uid=ny&idx_side=-121>Lenke) gift i Ålesund 6.9.1896 med skipper Karl Martin Johansen, fødd i Ålesund 28.7.1868. Seinare lagnad ukjend.* Caroline Inger Anna Claussen, fødd i Ålesund 16.11.1870, finn eg no (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan det være Gjertrud Christine som er blitt Tina i f.t. 1900 for Ålesund?? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=38&filnamn=f01501&gardpostnr=458&personpostnr=7367&merk=7367#ovre>LenkeHer er vel en sønn av Kristian Ragnvald Larsen og kona Karoline? Nils Ingolf, f. 15.7.1900 i Ålesund (se nr. 135) Lenke. Nils Ingolf ble døpt 26.8.1900, og jeg lurer på om det kan være han som kan være innført i f.t. 1900 som født 26.6.1900 (feilregistrering?) Lenke. I folketellingen har Nils Larsen en eldre søster, Gjørdis, f. 20.5.1899, og skipper Kristian Larsen og hustru Karoline hadde en datter Hjørdis til dåpen i Ålesund i 1899, men hun er født 22.4.1900 og hjemmedøpt 17.5. og så ble dåpen stadfestet 23.7.1900 (se nr. 118)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei igjen, Lars!I folketellingen har det samme ekteparet en datter Klaudine. I kirkeboka finner jeg at ekteparet Kristian Ragnvald Larsen og hustru Inger Anna hadde en datter, Klaudine Cicilie, f. 12.12.1897, døpt 6.2.1898 i Ålesund (se nr. 15) Lenke. Da skulle vi kanskje kunne si at dette er den rette familien i folketellingen…??Mvh Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Sønnen Kristian Arnulf, f. 20.3., døpt 19.4.1896 i Ålesund (se nr. 54) Lenke - jf. folketellingen.Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Heisan, nå så jeg at du allerede hadde opplysningen om at Arnt Berteus emigrerte...Grethe

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Johan Jørgen ble i allefall konfirmert i Ålesund i 1877 (se nr. 45) Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Her er dåpen til Kristian og Karoline Larsens datter, Bertha Amanda, f. 11.6.1894, i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A06 (1894-1906), Fødte og døpte 1894, side 8, nr. 84 [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050414010761.jpg>LenkeSå var det å finne eldste datter, Gudlev… Og her er hun: Gudlov Johanna, f.25.2.1892, datter av ungkar og handelsreisende Lauritz Kristoffersen og pige Karoline Inger Anna Klausdatter, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A05 (1885-1893), Fødte og døpte 1892, side 141, nr. 43:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Hei igjen, Lars!Claus Johannesen døde 8.10.1902 – se, Ålesund, Ministerialbok nr. 529A07 (1894-1903), Døde og begravede 1902, side 240 (nr. 41) [url="http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050413040233.jpg>Lenke. Da står det ”E” foran navnet, hvilket kanskje tyder på at han var enkemann…Og her tror jeg at jeg har funnet dødsfallet til kona: Gurine Johannessen, d. 14.4.1902, gift med bryggemand Klaus Johannessen – se Ålesund, Ministerialbok nr. 529A07 (1894-1903), Døde og begravede 1902, side 238 (helt nederst blant kvinnekjønn):

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Du må orsaka meg, Grethe, for seint svar. Men eg er svært takksam for dei opplysningane som du har grave fram frå FT1900 og om borni til Kristian og Karoline. Eg er overvelda!Med alle desse datoane bør det kanskje vera mogeleg å finna att nokre av desse borni og nolevande etterkomarar, som kan bidra med fleire detaljar, særleg om dei to brørne som ''forsvinn'' for oss... Elles vonar eg òg at dødsdatoane til dei to døtrene, fru Johansen og fru Larsen, og mennene deira vil dukka opp...Nok ein stor takk til deg, Grethe, for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Mellom anna gjennom oppslag i Arkivforum (tema #57709) har eg no betre oversikt over borni etter skipsførar Kristian Ragnvald Larsen og kona Karoline Inger Anna (Clausen):* Gudlov (Gudlow) Johanna Larsen, f. Ålesund 25.2.1892, gift Kaarstad, men døydde før 1972 - let etter seg seks born.* Bertha Amanda Larsen, f. Ålesund 11.6.1894 – døydde barnlaus før 1972.* Kristian Arnulf Larsen, f. Ålesund 20.3.1896 – d. i Bergen 7.3.1972, ugift.* Klaudine Cecilie Larsen, f. Ålesund 12.12.1897, gift Aas, døydde i Moss 10.7.1971 - let etter seg to døtrer.* Hjørdis Larsen, f. Ålesund 22.4.1899, gift Hansen, døydde før 1972 og let etter seg ei dotter i Horten.* Nils Ingolf Larsen, f. Ålesund 15.7.1900, døydde barnlaus før 1972.* Arne Nikolai Larsen, f. Ålesund 6.9.1901, d. Ålesund 11.5.1973, ligg gravlagd på Øvre Gravlund i Ålesund i lag med kona Gudrun Signe Asbjørnsen, f. Ålesund 25.8.1906, d. Ålesund 8.11.1987 – dotter av slaktar Gustav Kristofer Asbjørnsen i Ålesund og kona Sina Mathea f. Ananiassen.Med desse nye opplysningane, er det kanskje nokon med lokal kunnskap i Ålesund som kan hjelpa meg spora opp nolevande etterkomarar etter denne huslyden? I so fall kan eg kontaktast på e-post: lars.e.oyane@sdsl.no.Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg nærmar meg no tid for publisering av manuskriptet som mellom anna omfattar denne huslyden i Ålesund, og eg vil derfor gjerne ta opp att spørsmålet mitt frå siste innlegg:''Med desse nye opplysningane, er det kanskje nokon med lokal kunnskap i Ålesund som kan hjelpa meg spora opp nolevande etterkomarar etter denne huslyden? I so fall kan eg kontaktast på e-post: lars.e.oyane@sdsl.no.''Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×