Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#11817] Nils Torbjørnson frå Hafslo (1840-1901) til Øksnes og Hadsel - borni hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Torbjørnson, fødd i Solvorn, Hafslo (Luster) i Sogn 2.6.1840, flytte i 1862 til Øksnes i Nordland der han 2.10.1865 gifte seg med Ellen Nikoline Nilsdotter frå Ramsvika i Øksnes, fødd i Øksnes 8.12.1831. Nils var fiskar, og han og Ellen budde først på Tunstad og sidan i Godvika, båe i Øksnes, men flytte i 1879 til Hadsel i Nordland der dei busette seg på garden Frøskeland. Ellen d. på Frøskeland 18.2.1899, medan Nils d. same staden 11.5.1901. Nils og Ellen fekk ikkje born i lag, men Nils hadde to born, eitt før og eitt etter han gifte seg med Ellen, og dei vart båe dels oppalne hjå faren og stemori:a. Bertina Thomine Nilsen, dotter av Nils og husmannsdotteri Synneva Johnsdotter frå Lægene under Fortun i Luster (1831-1897), var fødd i Øksnes 17.9.1864 og flytte med han til Hadsel, men gifte seg første gongen i Øksnes 25.5.1885 med ein Robert Albert Olsen som døydde i 1890. Bertina gifte seg so att i Øksnes 2.8.1896 med ein Henrik Jentoft Lund Arntsen, truleg frå Hadsel. Bertina fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre frå det andre.b. Nicolai Edvard Nilsson Torbjørnsen, son av Nils og Gretha Dorthea Nilsdotter frå Søberg i Bø (1837-1876), var f. i Øksnes 27.6.1870. Han voks òg opp hjå far sin, men gifte seg i Øksnes 26.12.1896 med Anna Dorthea Andersdotter, fødd i Alstahaug 1874. Nicolai og Anna var nokre år plassfolk på Hjelsand i Øksnes, men flytte i 1905 til Finnmark der lagnaden deira er ukjend. Dei fekk tre born, medan dei budde i Øksnes.Er det nokon med lokale kunnskapar som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om dei to borni til Nils Torbjørnson, ektemakane deira og lagnadane deira?På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil gjerne få blåsa nokre barnåler av dette spørsmålet frå Nordland og vonar at einkvan no kan hjelpa meg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Eva Willenburg

Fra Gård og slekt i Øksnes av Johan Borgos:Berntina Tomina Nilsdtr. f. 1864 på Tunstad, Øknes giftet seg først på Klo, ble tidlig enke, og kom til Skogsøya igjen, gift i 1896 med Henrik Jentoft Lund Arntsen f. 1870 i Hadsel, foreldre Arnt Hanssen Nilstad og Lovise Hansdtr. Barn : 1. Ludvikka Hansine 1895 - 1895 f. på Tunstad, Øksnes 2. Signe 1895 - 1895 f. på Tunstad, Øksnes 3. Harald Johan f. 1896 på Hjellsand, Øksnes, til Hadsel?Nicolai Edvard Torbjørnsen f. 1870 på Innerjorda, Hjellsand, Øksnes g. 1896 med Anna Dortea Andersdtr. f. 1874 i Alstahaug, NO, far Anders Johansen Barn: 1. Torbjørn f. 1898, Hjellsand, Øksnes til Finnmark 2. Ingrid Dorthea 1900 . 1901 3. Borghild Elvine Elise f. 1905, Hjellsand. til Finnmark

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Eva, for at du har referert dei opplysningane som Johan Borgos har samla om denne ætti. Dei svarar om lag til det som eg hadde frå før, og som eg trur Johan sendte meg for ei tid attende. So er problemet å finna ut meir om den seinare lagnaden til Bertina Thomine og Nicolai Edvard og ektemakane deira?Alle tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.