Gå til innhold
Arkivverket

[#11819] Britha Olsdotter Mansverk (1796- ) frå Solvorn til Voss - lagnaden hennar?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Britha Olsdotter Mansverk, døypt i Hafslo (Luster) i Sogn 4.7.1796, flytte i ung alder til Bergen der ho 19.1.1823 gifte seg med ein Ole Johannesson som truleg var son av husmann Johannes Larsson på ein plass under Kolve på Voss og kona Abelona Johannesdotter og fødd på Voss kring 1795. Lagnaden til dette paret er ukjend, men i 1865 dukkar Britha Olsdotter opp som innerst og enkje på Rekve øvre på Voss!!Me kjenner til tre born, men det kan godt ha vore fleire...:a. Anna Bergitte Olsdotter, fødd i Bergen 16.9.1824, budde i 1865 i lag med mor si på Rekve øvre på Voss, då ugift dagarbeidar med dotter Kari Larsdotter, f. Voss 1854, elles ukjendb. Abelone Olsdotter, fødd i Bergen 23.1.1827, døydde i Bergen 7.2.1827c. Britha Olsdotter, fødd på Voss 28.3.1834, ukjendEr det nokon med lokale kunnskapar frå Voss som kan hjelpa meg med fleire opplysningar om denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Kanskje har julefeiringi i vossabygdene avdekt nye opplysningar om denne huslyden som eg so gjerne skulle visst noko meir om?Det er framleis von i hangande snøre...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Julefeiringa har så langt ikke avdekket noe nytt. Personene du etterlyser er ikke nevnt under noen av Rekves-gardane i Vossaboki. Mvh. Britt D. Hjeltnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

I folketellingen 1875 for Voss er nevnt enken Brita Olsdatter, født 1797 i Hafslo prestegjeld. Hun bodde da på gården Gjermo. Mvh. Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Takk so mykje til Britt og Kenneth for innlegg om Britha Olsdotter og huslyden hennar. Det er vel so at den gamle bygdeboki til Kindem ikkje har med so altfor mange opplysningar om husmannsfolk og dei som hadde endå lægre status i samfunnet, so det er nok i originalprotokollane ein lyt leita etter fleire opplysningar her.Det er interessant å sjå at Britha Olsdotter framleis levde i 1875 og at ho då hadde tilhald på Gjermo. Eg ser av same teljingi at ei onnor Britha Olsdotter, då legdelem, fødd på Voss i 1838, er opplista framføre på same huslista, og det er vel ikkje urimeleg å tru det var dotteri, fødd i 1834? Men sikker kan ein ikkje vera; Voss er eit stort prestegjeld, og namnet er heller 'vanleg'!Derimot ser eg at eldste dotteri til Britha Olsdotter, Anna Bergitte, under namnet Bergitte, i 1875 er gift med ein snikkar Iver Knutson, fødd 1813, som då var strandsitjar på Gjernes, Voss. Dei hadde ei fosterdotter som då var eitt år gamal. Om dette er same Iver som i 1865 var ugift, 50 år gamal skreddar og budde på Vossebakken i lag med mor si og ein ugift bror, er usikkert! Men kanskje Bergitte kan følgjast vidare?? Eg finn ho ikkje i 1900...Eg er framleis svært interessert i fleire opplysningar om denne huslyden og takkar so mykje for all hjelp eg kan få!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg ser at Iver Knutson Gjernes, fødd på Nyre i 1813, døydde på Gjernes som enkjemann 27.3.1895. So er me eitt skritt nærare...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Fra Vossaboki b IV, s.202, husmannsplassen Vossabakkplasset står dette : Mari Ivarsdotter f. 1785 var enkje etter Knut, som døydde 1854 , 75 år gl. Mari døydde 1875, 89 år , og hadde sønene Olav f. 1809 og Ivar f. 1813 som båe budde der til dei døydde. Olav dreiv med å fiska og førea over Vosso, budde i bui og døydde ugift 1896. Ivar var skreddar, arbeidde mykje med karahuor og var hendig med ymse andre arbeid. Mest dreiv han med hjulmakararbeid. Han vølte og klokkor, arbeidde felor og felestrenger og var god felespelar. Ivar vart gift 1871 m. Anna Bergitte Olavsdr. Midtun og døydde 1895. Ho døydde 1885, 61 år gl. Olav og Ivar var vanlig kalla Tintrane og plasset Tintrebakkjen. Mvh. Britt D. Hjeltnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Family Group Record Search Results | Download--------------------------------------------------------------------------------Husband IVAR KNUTSS. Pedigree Birth: Christening: Marriage: 03 APR 1871 Voss, Hordaland, Norway Death: Burial: Father: KNUT OLSS Family Mother: --------------------------------------------------------------------------------Wife ANNA BERGETHE OLSDR Pedigree Birth: Christening: Marriage: 03 APR 1871 Voss, Hordaland, Norway Death: Burial: Father: OLE JOHANNESS. Family Mother: --------------------------------------------------------------------------------Children None-------------------------------------------------------------------------------- © 1999-2002 by Intellectual Reserve, Inc. All rights reserved. English approval: 3/1999 Use of this site constitutes your acceptance of these Conditions of Use (last updated: 3/22/1999). Privacy Policy (last updated: 10/12/2001). 27 http://www.familysearch.org v.2.5.0 ------------------ Fant dette på Family Search. Det ser ut til å være den rette Anne Bergitte. At hun skrives med gårdsnavn Midtun i Vossaboki betyr vel bare at det var der hun bodde før hun giftet seg.Mvh. Britt

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Britt, for nye innspel.Eg har vore ein snøggtur på Statsarkivet i Bergen og fann mellom anna følgjande:* Britha Olsdotter Gjerstad, husmannsenkje, 80 år, døydde på Vossevangen 22.4.1877. Dette er den einaste avlidne Britha Olsdotter i høveleg alder som døydde 1875-1886. Kan det vera ho?* Anna Bergitte Olsdotter Gjernes, husmannskone, døydde 29.11.1885.* Britha Olsdotter, dotter av husmann Ole Johannesson Sundsteigen og kona Britha Olsdotter, var fødd på Voss 28.3.1834. Dette var einaste barnet eg fann fødd av desse foreldri på Voss, men kvar vart ho av?? Ho fins ikkje i konfirmantlistene på Voss! Er det kan henda ho som i 1875 budde i lag med mor si, ugift legdelem?* Ole Johannesson Sundsteigen døydde 31.1.1835, 41 år gamal. Eg trur dette må vera 'min' Ole, men kvar er Sundsteigen på Voss?* Ole Johannesson, døypt på Voss 2. sundag etter påske i 1795 som son av husmann Johannes Larsson og Abelu Johnsdotter Gravle(?), er truleg mannen som gifte seg med Britha Olsdotter frå Hafslo, eller kva?? Johannes og Abelona var i 1801 plassfolk under Kolve på Voss!* Johannes Larsson (Straume) og Abelona Johnsdotter (Vinje) gifte seg i Oppheim sokn på Vossestrand i 1791, og i Ætteboki for Vossestrand går det fram under Straume at dette paret flytte til Bidne, Kolve og Midtun på Voss. Her kjem dette Midtun-namnet att, som Anna Bergitte nytta då ho gifte seg i 1871. Eg er ikkje lokalkjend på Voss! Korleis ligg desse stadene i høve til kvarandre, Bidne, Gravle(?), Kolve, Midtun, Sundsteigen og Gjerstad?Eg takkar på førehand nok ein gong for oppklarande opplysningar.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Vossaboki IV s. 453. Husmenn på Midtun : Johannes Larsson f. 1763 g. som enkemann 1829 med Katla Jonsdotter Vinjo, f. 1780, hadde plass på Sundstejen. I 1830 laut han bøta 10 spd. for ulovligt sal av brennevin. Det var klaga elles og over sal av rusdrikk der. Med fyrste kona fekk Johannes sonen Olav, som vart g.m. Brita Olavsdotter. Dei budde på Sundstejen og fekk dotteri Brita f. 1834.Sundstejen må være en husmannsplass under garden Midtun, den ligger på sørsiden av Vangsvatnet ca. 10 km. fra Voss sentrum. Gjernes , hvor Anna Bergitte flyttet til, er rett utenfor Voss på samme side av vatnet.Gravle? er vel gården Gavle på Vinje, Vossestrand ca. 2 mil fra Vangen, der finnes også Bidne. Vet ikke akkurat hvor de ligger.Gjerme og Gjerstad ligger på Dyrvedalen , Bulken, vest for Vangen (mot enden av Vangsvatnet). De ligger noen km. oppe i dalen, ganske nær hverandre. Rekve er i samme området , men nede ved vatnet, litt lenger mot vest.Kolve ligger i Raunddalen ca. 1 mil mot øst fra Vangen.Vossaboki b. III s. 333. Husmenn på Kolve : Johannes Larsson f. 1761 g.m. Abelue Johannesdotter , hadde borni Olav f. 1795 , Jon f. 1798 og Lars f. 1802.Alt ser ut til å stemme med det du har funnet. Jeg har kun ættebøkene å henvise til, og det er jo ikke alt som er tatt med der.Mvh. Britt D. Hjeltnes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Godt Nytt År! Eg har via Liv på Voss fått nokre opplysningar til deg Lars.Eg skriv direkte av det Liv har skreve til meg, difor er det nokre opplysningar du allerede har..Ole Johanneson Kolve f.1793, var på Kolve i 1801, Johannes Larsen og kona Abbelona Johannesdtr. var husmannsfolk med litt jord.Dei hadde to døtre fødde i Bergen, (som du veit)og Brita f.1834 på Voss, då var Ole Johannesen husmann på Sundsteigen, under garden Vinsand på Voss. I 1834 døydde Ole, 41 år gml. Brita var inderst på Rekve 1865, og døydde 1877.Anne Bergitte budde på Gjerstad då ho fekk eit uekte barn, Kari f.1854, faren var Lars Andersen Mossefinn. Anne Bergitte gifta seg 1871, med Iver Knutson Gjernes.Kari Larsdtr. gifta seg 1884 med enkemann Erik Oddson Himle, dei fekk ei dotter Inger f.1893.Kari døydde i 1912 av lungebetennelse.Inger gifta seg i 1926 med Anbjørn Olsen Dymbe.Liv har ikkje funne noko om Brita(f.på Voss)Det var no nokre nyhende for deg her..Lukke til med arbeidet ditt!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

En liten oppklaring om husmannsplassen Sundsteigen. Vinsand og Midttun er nabogarder. Vossaboki IV s. 461 : 'Plassi på Sundsteijen, umtala på Midtun, høyrde fyrr til Midtun, men vart lagt til bruk 1 Vinsand på utskiftingen'. Årstall ikke nevnt. Mvh. Britt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Britt og Mariann for dei siste innleggi frå nyttårshelgji og helgji etter. So vidt eg kan sjå, so er det no ikkje so mykje meir å finna om denne ætti før ein eller annan vil forbarma seg over Vossevangen med å skriva ei ny detaljert ættesoge...!? Eg skulle likt å veta kvar det vart av den yngste dotteri til Ole og Britha...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.