Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jan Oldervoll

[#11824] Ny funksjon

Recommended Posts

Gjest Jan Oldervoll

Det er komen ein ny funksjon. I folketeljingane kan du no søkja på tvers av garden, eller for nesteperson. Lat oss sei at du veit om ei dame som heiter Anna at ho har ein son som heiter Johannes og at dei truleg budde i Bergen i 1801. Då søkjer du første etter Anna i Bergen 1801, og finn at det 669 av dei. Søkjer du så etter Johannes, og kryssar av for Alle på garden/huset, finn du at det berre er 61. Mykje raskare å finna ut av.Men så veit du kanskje at Johannes er ca. 10 år. Du finn du første alle Johannes t.d. 8-12 år og så søkjer du etter Anna i same huset og finn 3. Dei er det fort å kontrollera. Ingen av dei er mor og son. Bom, men så veit du det.Du kan også leita etter Anna og Johannes som gifte, bur i Bergen og det er dei einaste du veit. Søk første etter Johannes, dinest kan du, om du vil, finna alle dei gifte (leit etter sivilstand, og vel Alle, og marker dei du vil ha). Deretter søkjer du etter Anna, men kryssar av for Neste person. Då får du alle gifte Johannesar der neste person er Anna; totalt 11 par.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Har såvidt prøvd dette. Det var rett og slett lurt!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Dovenskapen er mor til framgongen, veit du.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Dette var jammen en fin ting, har sjekket det for moro skyld og fikk det til!mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Jeg får ikke fram noe valg om å krysse av for 'Alle på garden/huset', kun 'Søk i neste person'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Berre om du kjører på engelsk er det sant. Du får ikkje valet fram på første søk. Om du først har funne t.d. Ole vil du når du får fram att søkesida få det nye valet; for folketeljingane 1801,1865 og 1900, og etter kvar for kyrkjebøker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Er eg litt treg eller? Dette fekk eg ikkje til, berre 'neste person' kjem fram.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Treg trur eg ikkje du er. Hos meg kjem det på 'Finn postar der'-linja fram både ein boks for 'Alle på garden/i huset' og ein for 'Neste person'. Eg har testa både for Opera, IE og Netscape 4.74 og 6.02.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Her går det i IE 5,50 og eg prøver å følgje dømet ditt frå fyrste innlegget, men når du skriv 'søkjer etter Johannes' dett eg av. Kan du ta søket steg for steg, med teskei, evt kryddermål dersom du har det for handa?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Orsak, no trur eg at eg skjønar poenget; du starta søket på Anna i Bergen. Eg starta i landsomfattande søk, og det gjekk dårleg. Direkte søk frå Bergen gjekk bra.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.