Gå til innhold
Arkivverket

[#11937] Martha Monsdatter Kobbeltvedt f. ca 1740, død 1815 i Bergen. Foreldre ?


Gjest Johan Ludvig Kvamme
 Del

Recommended Posts

Gjest Johan Ludvig Kvamme

Martha Monsdatter Kobbeltvedt gifter seg i Bergen 19.05.1777 med Johannes Stehensen Kobbeltvedt 1749 - 1815. Han er fra Bogetveit i Åsane (Hamre) Det står Kobbeltvedt som gårdsnavn på begge ved vielsen. Hvem er foreldre til Martha, kan hun være fra Kobbeltvedt? De bosetter seg i Bergen etter vielsen og får 4 barn i årene 1777 - 1785Mvh. Johan Ludvig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ho kan sjølvsagt vere frå Kobbeltveit. Der er ein Mons Nilsen der som truleg vert gift to gonger som enkjemann. Men han må vere tilfluttar og gift før han kom dit. Eg finn ikkje at han har ei dotter som høver til Martha, døypt i Årstad. Difor trur eg ho må vere døypt ein annan stad om ho er dotter til denne Mons.Elles ser eg at Martha og Johannes vert vigde i St. Jørgen (altså Årstad) og døyper fyrste barnet der (Steffen). Sidan flutter dei nok til byen.Det kan hende eg kan finne meir ut av dette i andre papir, men då må eg leite.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse K. Kristiansen

Martha og Johannes er et par av min manns aner, og jeg er kommet til dem, men ikke lenger. Derfor er jeg svært interessert i videre opplysninger bakover. Hvor finnes forresten Kobbeltvedt? Er det på Sotra? Jeg er ikke så kjent i geografien rundt Bergen. MVH Åse Kr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Kobbeltveit finst både på Sotra (no skriven Kolltveit, om eg ikkje tek feil) og i Isdalen (eller Våkendalen) i Årstad (inst inne på vestsida av Svartediket under Blåmanen). Kobbeltveit i Isdalen var opphaveleg fire gardar, men no står berre nokre murar att.Dei folka vi her har med å gjere, budde på Kobbeltveit i Isdalen. Du finn dotter og verson til, og enkja etter, Mons Nilsen der i 1801-teljinga om du går inn via Hordaland, Bergen landdistrikt og garden Kobbeltvedt (òg skrive Kaabeltvedt i nokre kyrkjebøker m.m.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Kobbeltveit på Sotra heiter, som Bjørn skriv, Kolltveit i dag.Men ikkje alle er einig. Politisk redaktør i Bergens Tidende, Olav Kobbeltveit, har gått ihuga inn for at det skal heita Kobbeltveit, men har ikkje nådd fram.Dei folka som det er snakk om her, var nok frå Kobbeltveit i Isdalen. Eg har gått gjennom alle data som eg har frå Kobbeltveit på Sotra, men har ikkje funne noko som tyder på at dei var frå Sotra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Da Ung-Karl Johannes Steffensen og Pigen Marthe Monsdr 'bægge fra Kobbeltvæit' meldte seg for lysing var det Mons Nielsen og Zacharias Gundersen, de to bøndene på Kobbeltveit som var vitner.'Ungekarl og bøxlingsmand paa Kaabeltveit' Mons Nilsen Kobbeltveit (Årstad sokn) giftet seg 11. juli 1751 med Nicolaja Berentsdatter (fra Grepstad i Jølster). Hun døde sommeren 1759, og det ble holdt skifte etter henne 28. september 1759. Hun døde barnløs, og ble arvet av sine søsken i Jølster.Mons Nielsen Kaabelveit giftet seg igjen 22. juni 1760 med Martha Johannesdatter, som døde i september 1765, og nok en gang 16. juni 1766, nå med Anna Albretsdatter. Med Marthe Johannesdatter fikk han en sønn Niels, og en datterAnne Johanne. Med Anna Albretsdatter fikk han flere barn, blant annet datteren Inger, som sammen med sin ektemann Nils Nilsen overtok bruket.Mons Nielsen Kobbeltveit døde i 1800, 78 år gammel. Det er ikke holdt skifte etter ham.Marthe Monsdatter oppgir å være 54 år gammel i 1801-tellingen, og skal altså være født rundt 1747-48. Siden Mons Nielsen Kobbeltveit ikke hadde ektefødte barn som vokste opp før sønnen Niels ble født i 1760, kan Mons N. Kobbeltveit neppe være faren.På Kobbeltveit og på resten av gårdene i Årstad sokn dominerte jølstringene fullstendig rundt 1750. Mons Nielsens første kone var fra Jølster, nærmeste naboen Zacharias Gundersen Kobbeltveit var jølstring, og i Kalvedalen, på Tarlebø, i Harebakken, på Årstad, på Landås, på Haukeland, i Solheimsviken og i Møllendal satt det også jølstringer.Men Mons er slett ikke noe vanlig navn i Jølster, slik at jeg ikke får plassert verken Marthe Monsdatter eller Mons Nielsen blant jølstringene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, kan hende. For der er fleire kandidatar i Fana. Men Haus er òg eit nærliggjande område. Kobbeltveit låg jo attmed innfartsvegen over fjellet til Bergen.Eg trur du bør sjå nærare på fadrane. Dei kan gje deg ei peikepinn om kor du bør leite vidare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse K. Kristiansen

Takk for opplysningene om hvor Kobbeltvedt ligger. 'Vår' Marthe Monsdtr. må nok være født før 1850, 54 år ved FT 1801, 75 år når hun dør i 1815. Finnes det forresten et Prestemanntall for 1770 for området rundt Bergen, eventuelt Skatteliste for 1763? Slike lister dekker store deler av Troms.I Døde i Bergen 1753 fant jeg Martha Monsdtr. 'et fattig menneske fra Kaabeltveit', begravet i SJ. Kan hun ha forbindelse med den yngre Marthe, f.eks. farmor? En ev.sønn ville naturlig nok bli kalt Mons e.l., og ville vel selv ha oppkalt sin mor. Dette siste er bare tankespinn fra min side, men man leter jo litt etter ideer hvor man skal lete. MVH.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Vi veit om denne Marthe Monsdotter, d. 1753. Men problemet er at dei fleste på gardane i Isdalen på denne tida var frå Jølster. Men der er Mons eit svært lite brukt namn. Difor trur vi Marthe kjem frå t.d. Fana - og der er fleire kandidatar fødde på den tida ho må vere fødd. Problemet ligg i å finne rette koplinga. Den kan, om mogeleg, finnast hjå fadrane til borna. Det einaste eg no kan seie, er at vi arbeidar med saka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Turøy

Fødselsår er usikkert på den tida. Yngve Nedrebø meiner at ho var født kring 1747. I fylgje kyrkjeboka var ho 75 år då ho døydde i 1815. Det skulle tilseie at ho var født kring 1740.Under Skiftedesignasjonar i Nordhordland 1735-1748 finn vi ei Marte Monsdatter som var 3 år i 1740. Faren som det vart halde skifte etter heitte Mons Larsen Søvik. Ser vi på vigde i Fana, så var Mons Larsen Søvik gift med ei Eli Olsdatter. Ho gifta seg opp att i 1743 med ein Ole Rasmussen Søvik.Søvik ligg på andre sida av Nordåsvatnet, men det var ikkje så langt frå Kobbeltveit i Isdalen.Eg går ut frå at det ikkje finst skifte etter Mons Larsen, men i 1786-1787 vart de halde skifte etter ei Eli Olsdatter som budde på Aarstad Ulriksmølle. Ho kan være mor til denne Marta Monsdatter som var født i 1737.Eit skot i blinde, men kanskje…..Tore T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.