Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Kjell Andersen

[#12215] Lars Larsen f. 1842 ? i Hafslo i Sogn og Fjordane

Recommended Posts

Gjest Kjell Andersen

Søker opplysninger om Lars Larsen, f. 1842? i Hafslo i Sogn og Fjordane. Hvem var hans foreldre og besteforeldre......Det er 2 Lars Larsen som er utflyttet fra Luster til Nordland h.h.v. i 1861 og 1863 (Lofoten). Den jeg søker opplysninger om finnes i FT. 1865 og 1875 på Evenstad i Flakstad i Lofoten. Han omkom på sjøen i 1879 ikke langt fra sitt hjemsted. Jeg har som foreløpig kandidater som hans foreldre Lars Larsen, Hillestad og Karen Johannesdatter og at deres sønn Lars var født 18.7.1842. Ellers er det flere Lars Larsen`er på gården Høgi som kan tilhøre denne slekten?? Mvh. Kjell

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ottar Solberg

Det er vel ingen tvil om at Lars Larsen Hillestad er den rette kandidaten. I databasen til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane finn du under 'Inn- og utflytte' at Lars Larsen Hillestad flytte frå Hafslo til Flakstad 29.07.1863. Vi finn heller ingen Lars Larsen, ca 23 år gamal, i folketellinga 1865 i Hafslo. Når det i folketellinga for Flakstad 1865 står Lars H. Larsen, står kanskje H'en for Hillestad.Mvh Ottar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell Andersen

Hei Ottar! Tusen takk for svar og interesse! Jeg tror også at Hillestad er den gården Lars Larsen kom fra, men trenger litt hjelp til å komme videre på hans forfedre. Mvh. Kjell

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hei Kjell!Som bygdebokskrivar for Luster kommune er eg interessert i utveksling av opplysningar om huslyden til Lars Larsson (Hillestad) frå Hafslo. Nedanfor følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for gnr. 156, Kjos i Hafslo, siste bustaden til foreldri hans. Kan du svara på nokon av spørsmåli mine som er formulerte i eigne avsnitt etter teiknet #####?På førehand hjarteleg takk! Du må gjerne svara meg direkte til: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Lars Larsson Hillestad, frå Dokki under Kvam øvre, vart døypt i Hafslo 27.8.1815 og d. som husmann på Hillestad 1.3.1855. Han gifte seg 9.11.1841 med Karen Kirstine Johannesdotter frå Råum. Ho vart døypt 8.8.1813 og d. som enkje og legdelem på Kjos 29.5.1865. Lars og Karen fekk kring 1843 hand om ein plass under Hillestad, og der vart dei buande til dei kring 1853 flytte til Kjos. Her budde dei so levetidi ut. Dei fekk seks born i lag {her følgjer eldste sonen}: 1. Lars Larsson, f. 18.7.1842, Lars Larsson flytte i 1861 til Flakstad i Lofoten, Nordland og budde i 1865 som tenestedreng på garden Evenstad. Han gifte seg i Flakstad 27.6.1870 med Berit Johanna Jørgine Nilsdotter frå Sørfjorden i Tjøtta. Ho var dotter av Nils Nilsson og Serianna Christophersdotter##### (yrkestittel til faren, bustaden deira og opphavi til båe foreldri?)og f. i Tjøtta 5.10.1834.##### (sjekka denne datoen? – ikkje april 1836?)Lars og Berit slo seg ned som husmannsfolk på ein plass under Evenstad i Moskenes, Flakstad, men vart sidan gardbrukarar på Tuv i Moskenes.##### (eller budde dei alltid på Evenstad?)Lars miste livet på sjøen 3.9.1879, medan Berit d.##### (dødsstaden hennar? – på Evenstad eller Tuv?)4.8.1894. Dei fekk seks born i lag: a. Seline Eline Larsdotter, f. i Moskenes 10.12.1866, d. i Fauske 23.2.1940. Seline var scheiderske ved gruvene i Sulitjelma, Fauske og budde der mestedelen av levetidi si. Ho var ugift, men fekk ein son. b. Lars Kristian Graa Larsson, f. i Moskenes##### (høyrer han til denne huslyden i det heile?)1868,##### (flytte 1890 til Mo i Rana – fleire opplysningar?)b. Charlotte Kristine, kjend som Lotte Larsdotter, f. i Moskenes 4.8.1870, d.##### (dødsstaden hennar? – kvar i Alstahaug? – på Mindland?)i Alstahaug 29.4.1947. Lotte flytte i 1892 til Tjøtta og gifte seg##### (dato og stad for vigsli deira? – Vevelstad kommune? – Tjøtta?)med Jacob Adolf Knutson Dalen, f.##### (fødestaden hans?)18.7.1868. Han d. på Mindland i Alstahaug 12.4.1918. Jacob Dalen var gardbrukar og fiskar, og parfolket budde først i Vevelstad til dei i 1906 flytte til Mindland i Alstahaug. Dei fekk fem born i lag; dessutan hadde Lotte ein son frå før.##### (son hennar: Ludvig Hagen, f. 1891 – ikkje medrekna mellom dei fem?)c. Leonhard Julius Larsson, f. i Moskenes 5.7.1872, d.##### (dødsstaden hans? – Moskenes?)12.12.1958. Leonhard gifte seg første gongen i Moskenes 10.9.1899 med Birgitta Larsdotter frå Langstein i Vestnes. Ho var f. i Vestnes 7.10.1873, men d. hjå søster si på Røst 18.4.1910. Leonhard gifte seg so att##### (dato og stad for andre vigsli hans?)med Katrine Amalie##### (farsnamnet hennar?)Holst, f. på Nesland i Flakstad##### (stemmer denne fødestaden hennar?)6.6.1873. Ho d.##### (dødsstaden hennar? – Moskenes?)4.6.1942. Leonhard var først fiskar og budde på Tuv i Moskenes, men flytte 1920 til Sørvågen i Moskenes der han vart fiskebrukseigar. Han fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet.##### (stemmer dette?)d. Ludvig Norman Larsson, f. i Moskenes 2.7.1874, d. på eit sjukehus i Oslo 18.8.1932. Han gifte seg i Moskenes##### (vigselsdatoen deira? – kring 1904!)med Nicoline Severine Christensdotter frå Tuv i Moskenes. Ho var f. i Moskenes 31.3.1881 og d.##### (dødsstaden hennar? – Moskenes?)22.4.1945. Ludvig var fiskar og fiskearbeidar. Han og Nicoline budde for det meste på Tuv i Moskenes##### (skal vera flytte til Å i Lofoten 1923! – stemmer dette?)og fekk sju born.##### ('som vokste opp' – kor mange born i alt?)e. Juliane Martine, kjend som Julie Larsdotter, f. i Moskenes 23.5.1876, d. i Høyanger 23.7.1936. Julie flytte i 1896 til Saltdal der ho 26.7.1896 gifte seg med Ole Ingvald Christianson Langseth, f. på Langset i Saltdal 15.10.1873. Han d. i Bergen 24.9.1936. Ole Langseth var anleggsarbeidar, og huslyden budde mellom anna i Fauske, i Glomfjord og i Sulitjelma til dei kring 1920 flytte til Høyanger. Ti born. f. Bernhard Lund Larsson, f. i Moskenes 5.5.1878, d.##### (dødsstaden hans? – på Vinstra?)3.1.1955. Han gifte seg på Vinstra 1.8.1908 med Ingeborg##### (farsnamnet hennar?)Viken, f. på Vinstra 17.3.1873. Ho d.##### (dødsstaden hennar? – på Vinstra?)2.1.1963. Bernhard og Ingeborg vart småbrukarar på Vinstra, men Bernhard reiste kring som anleggsarbeidar mestedelen av livet. Han og Ingeborg fekk ein son i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjell Andersen

Hei Lars ! Tusen takk for disse opplysningene, dette hjelper meg til å komme på rett spor! Lars Larsen er min kones oldefar.Når det gjelder noe av etterslekten etter Lars Larsen, Hillestad har jeg noen opplysninger klare, mens andre opplysninger holder jeg på å nøste i. Jeg mailer dette over til deg når jeg har alt samlet, forhåpentligvis om noen få dager.Min e-mailadr. er: kjander2@start.no Mvh. Kjell

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Kjell, for hjelpi attende. Eg ventar i spenning!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.