Gå til innhold
Arkivverket

[#12220] Dei gamle versus dei nye kyrkjebokdatabasane


Gjest Tore Nordvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Tore Nordvik

Dei nye kyrkjebokdatabasane fungerer bra, og vil nok bli veldig nyttige når dei blir kopla saman. Men det er eindel funksjonar eg saknar, eller er det eg som ikkje brukar den rett?For det første saknar eg å bla i databasen, altså trykkje 'Neste' frå ein gitt stad i databasen. Dei gamle har ti innførslar på ei side, medan dei nye kun har ein på første nivå. Dermed må eg klikka ti gongar meir på 'Neste' for å bla i databasen.Det andre har samanheng med det første. Viss eg tar ut alle med bustad 'Berg' kjem eg til andre nivå. For å gå inn på første nivå må eg klikke ein for ein. I dei gamle kom dei ti første i databasen opp, på første nivå. Dette gjer det ti gongar meir tidkrevjande å leite 'på måfå' Dessutan blir det meir tidkrevjande å produsere utskrifter, anten ein vel å printe rett ut, eller kopiere dei over til eit tekstbehandlingsprogram.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Anette Skogseth Clausen

Tusen takk for konstruktiv tilbakemelding! Vi er klar over at det kan være mer tungvint å bla seg gjennom det nye oppsettet, men vi håper at Digitalarkivets brukere er villige til å leve med det lille tilbakeskrittet ettersom søkefunksjonen har blitt så mye mer effektiv. Kanskje slipper en å bla så mye når en nå kan søke seg fram til den/de rette handlingen/personene på betydelig kortere tid enn før da en måtte søke seg gjennom veldig mange navnefelt? Jeg håper du også er klar over at du kan søke etter personer selvom du har gjort et utvalg på handlingsnivå, og omvendt. Legg også merke til avkryssingsboksene for å søke etter Neste person og personer i en hel handling. Utskriftsvennligheten har vi ikke tenkt på, Digitalarkivet er primært beregnet for internett. Samtidig har vi sjelden mottatt klager på utskrifter fra folketellingene som er ordnet på samme måte som det nye kirkebokoppsettet, så vi regnet med at dere ville godta dette også.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Nordvik

Grunnen til at eg likar å bla er at ein får større kjensle av at det er ei kyrkjebok ein leitar i. Dessutan har ein som regel ein viss peiling på kva prestegjeld ein bør leite i, og det er utruleg kva informasjon ein kan finne berre ved å bla, ting som dukkar opp der ein minst ventar å finne det.Eg er klar over avkrysningsboksane der eg kan søke på neste person, men dette bør kome klårare fram, spesielt med tanke på nye brukarar. Men det blir vel laga ein brukarrettleiing med tid og stunder.Eit anna problem er når det er tomme felt, dvs når eksempelvis mora sitt farsnamn ikkje fins. Når ein ber om alle borna til eksempelvis Ole Olsen og Anna Olsdtr, får ein det ein ber om, men har presten utelatt Olsdtr ein stad, dett denne posten bort. Det var sjølvsagt og tilfellet med dei gamle databasane, men sidan ein alltid var på første nivå var det enklare å sjå kva variablar ein burde søke vidare på for å få med seg alle aktuelle kandidatar. Då minska sjansen for at nokre skulle falle bort. Dette er vel ikkje noko stort problem for erfarne brukarar av Digitalarkivet sine databasar, men igjen tenkjer eg på nye som lett kan falle i den fella.Utskriftene frå folketeljingar fungerer, iallefall for meg, heilt perfekt. Men det er forskjell på ei folketeljing og ein kyrkjebokdatabase. Grunnen til at dei nye kyrkjebokdatabasane blei utvikla var vel for å ha moglegheit til å finne ein person gjennom heile livet, dvs døypt, konfirmert, vigd, fadder, gravlagd osb berre ved nokre få søk. Men når ein sit med alle resultata er dei framleis på andre nivå, og må klikke seg inn på kvar einskild. Når ein vil ha oversikt over eit foreldrepar med alle born var det ei smal sak å lage utskrift med dei gamle databasane, no er det tidkrevjande. Ei folketeljing derimot gjer alle opplysningane direkte, så der er det uproblematisk.Eg skal innrømme at dette ikkje er noko stort problem, men er det mogleg å ha begge formata? Eller vil det vere for ressurskrevjande og okkupere for mykje plass? Kva med å ha landsomfattande søk på to nivå, og kvar einskild database på eit?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.