Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bjørn Jonson Dale

[#12240] Glad II på Sunnmøre - til Finnmark

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

Bergensborgaren JENS JENSSEN budde på Sunnmøre seinast 1632, først i Håkeshamn i Ulstein, sidan på Jensholmen i Herøy (oppkalt etter Jens). Jens hadde sonen HANS JENSSEN (borgarskap 1667) som handla i Håkeshamn, sidan på Indre Brandal, der han var gift med prestedatra Anne Rasmusdt Brandal. Hans Jenssen kalte seg GLAD, likeeins fleire av etterkommarane. Sonen JENS HANSSEN GLAD (1674-1710)handla i Håkeshamn, og hans son HANS JENSSEN BRANDAL (1707-49)på Indre Brandal. I ekteskap med Birgitte Colbensdt Ødegaard hadde Hans Jenssen m.a sonen Jon Colben, som seinare kalte seg COLBANUS GLAD og blei klokkar i Alta. Colbanus hadde 6 barn i ekteskap med Petrikke Marie Knutsdt Hasund (lensmannsdatter fra Sørneset i Borgund), m.a datra Colbana Margrete Glad (1784-, levde 1801) og sonen KNUD JØRGEN GLAD (1772-), som 1801 var gift (med Johanne Hansdt) og budde som fiskar og husmann utan jord i Melsvik, Talvik. 1801 hadde Knud sonen COLBANUS GLAD (1800-); seinare 4 søner til og datra Berit Marie Kirstine Glad (1801-), som 1865 var hushalderske på Kvamme i Talvik.Spørsmål 1: Ein Jens Jenssen fra Oslo tok borgarskap i Bergen 1625 og ein Jens Jenssen fra Varberg 1630 (ingen andre aktuelle JJ på denne tida). Kan Jens Jenssen fra Oslo ha vore av ætta til borgarmeister Oluf Glad. Spørsmål 2: Kva hendte med klokkarætta Glad i Finnmark?Den som vil ha nærare opplysningar om dei ymse ledda og greinene i denne ætta mellom Jens på Jensholmen og Colbanus i Alta, kan ta kontakt på epostadressa bj-dale2@online.no. Eg svarer gjerne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.