Gå til innhold
Arkivverket

[#12323] Christopher Morgenstierne den eldre (1619 - 1679)


Gjest Øyvind Gjervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Øyvind Gjervik

Denne Christopher Morgenstierne var gift 2 ganger, 2.gangen med Birgitte Munthe (1634 - 1708).De bodde på Fladhammer i Luster.Problemet gjelder hans første ekteskap. Ifølge Lars E. Øyane, var han da gift med enken Bertha Andersdotter (ca.1618 - ca.1655). Men ifølge Sverre Munthe, så var han da gift med en Elisabeth Vilchensdatter.Hvem har rett?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Personleg held eg ein knapp på Lars Øyane. Sjølv om namnenormaliseringa frå Birgitte til Bertha kan diskuterast:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Øyvind Gjervik

Selv har jeg også mer tiltro til Lars enn Sverre, som deg, men jeg sitter neppe inne med den samme kunnskapen og tilgang til kilder som du har. Derimot er det alltid greit å bli oppdatert.Dette blir nok neppe siste gangen jeg kommer til å stille spørsmål omkring det Sverre har skrevet.Takk skal du ha Jo Rune, for hjelpen på begge min 2 innlegg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hans Mathisen

Da jeg har disse personene i min egen database, ble jeg interessert i denne dialogen. Men jeg forvirres dessverre litt av Ugulens innlegg der han sier (sitat): 'Sjølv om namnenormaliseringa frå Birgitte til Bertha kan diskuterast'. Hva siktes det til her?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Det vil seia at Lars Øyane har valt å leggja seg på ei normaliseringslinje med omsyn til namn, som eg (personleg) er delvis usamd i. Ei av dei verre normaliseringane er altså at han nyttar Bertha for Birgitte/-a -- stort sett er det variantar av dette namnet ein finn i kjeldene. Og skal ein absolutt normalisera dette er det nok meir nærliggjande å velja andre namneformer. Skrekkeksempelet etter mi meining er likevel når han ei stad omtalar den frå norsk mellomalder velkjende baronen Bjørn Ellingsson:-) Dette skal altså vera Bjarne Erlingsson av Bjarkøy-ætta:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kristian Hunskaar

Det som i alle fall forvirret meg, var at begge hustruene het Birgitte/Berta. Er det så å forstå at Morgenstierne først var gift med Birgitte (aka Bertha) Andersdotter, og så med Birgitte Munthe?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Det stemmer det, Kristian. Den første var dotter av futen Anders Lauritssøn (stamonkelen til Heiberg-slekta, jf. også Henning Sollied i NST IX, s. 180), og så med bispedottera Birgitte Munthe. Birgitte Andersdatter var på si side enkje etter bergensborgaren Niels Hjermann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Berre ein liten kommentar når det gjeld normaliseringi av namnet Birgitte:I dei originale kjeldene frå indre Sogn, anten det gjeld tingbøker, skattelister eller skifteprotokollar, er dette namnet som regel stava Berette, Beritte eller Berete, og same namneformene vart nytta anten det var snakk om husfrua på Flahammar eller husmannskona under same gard. Eg har ALDRI sett namneformi Birgitte nytta i nokon av desse kjeldene og forstår heller ikkje kvifor dei sokalla 'høgbyrdige' ættene skal 'forfina' namni sine i høve til 'allmogen'! Difor normaliseringi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Det illustrerer jo poenget så godt som noko:-) Birgitte er også ei normalisering, forøvrig. Men nett det at namnet endar på '-itte' eller '-ette', der samstundes truleg også førstelekken i denne delen av namnet har hatt trykk, skulle tilseia ei normalisering annleis enn Bertha (som har fjerna heile denne stavinga, Ber[et]tha). Brita, eller noko liknande, kunne vore mest nærliggjande i denne samanhengen og mest i tråd med tradisjonell uttale. Elles HAR eg sett skriftforma Birgitte for fleire av desse fruene av noko 'betre' slekt, utan at det er noko stort poeng.For ordens skuld: Eg har ikkje noko problem at namna er normaliserte, men eg er ikkje alltid samd i den valte normaliseringsforma:-) Det er for den saks skuld neppe nokon av allmogen i Indre Sogn som kalla seg sjølv Ole, Iver eller Einer (normaliseringsformer i bygdeboka), helst gjekk det vel i Ola, Ivar og Einar. Men det er eit val som de har gjort, og det er jo greitt nok det. Men samd i alle formene er eg ikkje:-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Lars Ove Øye

Hei Jeg er helt ny her på forumet, og registrerte med stor interesse at Morgenstierne ble diskutert her, selv om det er en stund siden. Jeg har aner tilbake til Chrisopher, men vet egentlig ikke nok. Er det noen som har samlet trådene her nå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.