Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Stig Steinkjer

[#12404] Britha Endresdtr. Erevik, Bømlo

Recommended Posts

Gjest Stig Steinkjer

Leter etter forfedre til Britha Endresdtr. Erevik (1826-1913) , fra Bømlo. Britha var gift med Asbjørn Asbjørnsen Skaret (1791-1870) Stord. Er det noen som kan hjelpe ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

I Bømlo Bygdebok bind 1 finn eg fylgjande under Erevik: Endre Ingvaldson Øyjordsøyno f. 1792 d. 1849. Gift med: 1.Johanne Olsdatter Laurhammer født 1794, død 1836. Barn: a) Brita f.1827 gift med Asbjørn A. Skaret, Fitjar. b)Ola f. 1828 c)Ingvald f.1830, utflytte til Fitjar. d)Kari f.1833 og d.1839.Endre gift oppatt med 2.Oline Sjovatsdatter, enkja etter Tollak M. Ytra Klubbo, ho døde i 1849. Barn frå Endre sitt 2.ekteskap: e)Kari Johanne f. og d.1839. Endre og Oline døydde i Koleraen, gravfesta same dag. Endre fekk også ein son, Gudmund f.1824, med enkja Anna Endresdatter Straumøyno, Fitjar. Endre bygsla i Erevik i 1826 og var brukar der til 1847.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Under garden Laurhammer finn eg så vidare i Bømlo bygdebok: Ola Olsen Tislavoll, Fitjar død 68 år gamal i 1836. Gift med Kari Andersdatter død 62 år gamal i 1831. Born: a)Johanne f.1794, gift Erevikjo. b)Gyri gift med Lars M. Tangen, Fitjar c)Aron f.1805 g. Tislavoll, Fitjar d)Kari f.1807 e)Ola f.1810 og d.1811. Ola kjøpte halve garden av far sin i 1795 som då var eigar, men var brukar på bnr.1 som han hadde til 1800. I 1803 selde han parten og flytte til Erevik.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Her er enno litt meir. Eg finn også i Bremnes bygdebok at eit gamalt namn på garden Sæverud i Bremnes er Øyjordo og at folkje her nytta dette som etternamn. Øyjordsøyno står her også oppført som ein husmannsplass under Øyjoro.Ingvald Endreson nora Sæle f.1731 kom til Øyjordsøyno i 1789 og gifte seg med Brita Samsonsdatter norde Mæland, enkje etter forrige brukar der.Går eg til Nora Sæle på Bremnes finn eg så fylgjande: Ingvald Endreson Stølo f. 1731 d.1805 g.m. 1. Sofie Thomasdatter Gåsland d. før 1789, barnlause. Ingvald Endreson gift oppatt med Brita Samsonsdatter (enkje etter Ystein Y. Øyjordsøyno).Barn: a)Ingvald f.1790 g. Øyjordsøyno, b)Ystein f.1791 g.Brendøyno, Fitjar c) Endre f.1792 g.Erevikjo (Altså far til Britha Endresdatter). d)Haldor f.1794 d.ug. i 1832(drukna).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Foreldra til Brita Samsonsdtr finner du i BVømlo II, s. 131Samson Gregoriusson, bygsla av Johannes Nilsson i 1754. Han var brukar til 1773, då han flytte bort med huslyden. Kona heitte Inger Eriksdtr. Dei var truleg frå Stord. Gifte der. Born: a. Brita, f. 1756, g. nora Meland. b. Malene, f. 1759. Samson budde i Skjerpo. Var lagrettemann.mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er foreldra til Ingvald Endresson Stølo, f. 1731. Mor hans var den omtalte RussaMarto:B I, s. 292:Endre Haldorson Gåsland, d. 1752. G. m. Marita Enevoldsdtr., d. 60 år gl. i 1763. Born: a. Karl, g. Urong. b. Anna Marie, f. 1729, g. Stølo. c. Ingvald, f. 1731, g. nora Sele. d. Haldor, f. 1736, g. Urong. e. Anna, f. 1738.Etter segna skulle Marita vera av russisk ætt. Her i bygda vart ho kalla «Russa-Marto». Ho vart kjend med Endre på den måten at ho var kokke hjå tsaren av Russland som var i sendeferd til Kjøbenhavn samstundes som Endre var i militærteneste der. So bar det til at ho skulle ha barn med dåverande prins Carl av Danmark, og for at dette ikkje skulle koma ut, vart det kunngjort for eit norsk regiment av marinesoldatar, som då var i Kjøbenhavn, at den som ville gifta seg med jenta skulle straks verta fri tenesta og få reisa heim. Endre steig då fram og sa seg viljug. Dei vart sende oppover med eit orlogsfarty som skulle til Bergen, og vart sette iland i Øklandsvågen. Marta hadde ei stor kiste med seg med grovsmidd beslag og lås. Denne kista har vore i ætta si eige til straks før siste verdskrigen, og var kalla «Russakisto».Det som særpregar denne segna er at mest alle som høyrer til denne ætta veit at dei er av «russaslekta» og kan fortelja segna mykje likt, medan andre utanom ætta blandar den saman med andre segner, og veit seg ikkje å vera av denne ætta.Eit er visst: Endre var «mariner» i den tida dette skulle ha hendt. I kyrkjeboka står ikkje at dei er vigde her i bygda, og Karl er heller ikkje døpt i Gåslandskyrkja.Det var skifte etter Endre i 1752. Medelen var ikkje stor, berre 5 rdl. I buet var 7 kyr og kviger, 2 kalvar og 4 sauer. Av «jernfang» var ei bakstehelle, 1 øks, 1 navar, 2 spajarn og nokre ljåar. Av «træfang» 2 færingsbåtar, 1 fiskesnøre utan stein, 4 strokkar, «adskillige melkekiørler af bøtter, koller, Stamper, Kiærner m.v.» 1 mjølkeskåp, 1 børe «i Kaaven», 1 kiste utan lås, 4 sildegarn, 2 tønner havrekorn som var sådd om våren. Mannen sine gangklær var 1 svart og 1 kvit vadmålstrøye, 1 grå og 1 svart vadmålsbrok. Ekkja melde frå at då eldste sonen, Karl, gifte seg, hadde han fått 2 kyr i heimanfylgje, og mannen hadde «paa sit yderste» vilja at dei 3 andre borna istaden for arv skulle og få 2 kyr kvar, «og da Enken meere end gierne bifaldt saadan hendes Mands forlangende skiønt hun des aarsage liidet eller intet kand tilkomme at det overskydende naar gielden og de øvrige afkortninger er fradraget, 'begierede hun og hendes lougverge at bem.te 3 Børn maatte nyde, og som af Retten tilstodes -». Dette tyder på at tilhøvet i heimen og samlivet mellom dei hadde vore godt, og at ho har vore eit «godmenneske». Som før nemnt brukte Endre garden saman med løremannen Endre Jonson frå 1737 til 1742 då Endre Haldorson bygsla andre helvta. Endre var brukar til han døydde. I 1743 fekk han, og mange fleire, stødnad av «den Kongel. Naadegave» 4 mark i pengar.Side 376 er foreldra til Endre:Haldor Olson Sætre i Moster, f. ikr. 1672, d. 1734. G. m. Barbru Endresdtr. Hollund. Born: a. Endre, g. Stølo. b. Peder, f. ikr. 1699, g. Urong. c. Barbru, f. ikr. 1706, g. Svortland. Haldor tok truleg over bruket etter Størk i 1698. Han var brukar til ikring 1705. I 1710 er sagt at bruket hadde lege øyde i 4 år, og det låg framleis øyde til 1713. Haldor kom seinare attende til Gåsland og var brukar på bruk B. Haldor var i «mariner» i 1692, utskriven i 1689. I 1701 er sagt at brukarane på Gåsland var «Fattige Folck».

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Foreldra til Barbru Endresdtr Hollund, B I s. 278:Endre Hollund var 56 år i 1665. Døydde ikr. 1680. G. m. 1. Brita, d. ikr. 1660. Ikkje kjende born. Endre vart g. att m. Barbru Guttormsdtr. Urong. Born: a. Knut, g. Mækjebakken. b. Ola, g. Rubbestad. c. Siri, g. Stavland. d. Barbru, g. Gåsland. Barbru Guttormsdtr. vart g. oppatt m. Nils E. Hollund.Endre var brukar frå 1634 og truleg til han døydde. Endre var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år, og kyrkjeverje i 3 valbolkar. I 1662 vart Endre stemnd av presteekja, Anna Offesdtr., for ei ku som han,hadde lova henne i «utferd» for konasi. Kua hadde han teke i leige av Nathanael Melbo som var i nær slekt med henne, og truleg laverje for henne. Endre vitna at drengene til den nye presten, hr. Johan Bechmann hadde vore på Hollund og henta kua, og meinte at «Efterdj Hr. Johan gjør hende Regnskab for andet hendes jndkomst, at hand och er god for at giøre hende Rigtighed for dend. » På tinget vart «Herom afsagt at saa frembt hr. Johan jche fornøyer hende med Penger for Koen da haffuer hun sig koen at tilholde. Thi Endre kand jche giffue 2 Kiør for Een Sagh.» I 1666 vart Endre stemnd att. Denne gongen av Peder Larsson nora Sele som kravde han for bygsel og landskyld av ein part i Sele som han og systera hadde arva. Endre var formyndaren deira og hadde teke mot pengane på deira vegner. Endre svara at han burde ha kostpengar for 6 år for Brita Larsdtr. etterdi ho var lita då han tok henne til seg. Saka vart utsett og kom ikkje opp meir.B I, s. 302 Foreldra til Barbru Guttormsdtr:Guttorm Jonsson, var 50 år i 1665. Ukjent kva tid han døydde. Kona var truleg ekkja etter Knut Omundson.Kjende born: a. Jon Guttormson Svortland. b. Knut Guttormson Urong. c. Barbru Guttormsttr. Hollund. Guttorm vart brukar ikr. 1645. Då ekkja etter grannen Lars gjekk frå bruket sitt i 1657, vart det delt mellom Guttorm og grannen Halvard, soleis at Guttorm då brukte 5/8 partar av garden til ikr. 1664 då sonen Knut fekk bygsla 112 1. smør, 1/2 hud. Bruket vart då delt i 2 bruk, som me her vil nemna bruk A I og A 2. Guttorm sat att med 3/8 partar av garden, eller 3/4 1. smør, 3/4 hud, til ikr. 1683. Det ser ut som om Guttorm var velstandsmann. I 1657 fostra han 1 hest, 12 kyr, 4 ungnaut og 9 smaler. Han var kyrkjeverje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Stig Steinkjer

Dette var fantastisk, tusen takk for bidragene !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.