Jump to content
Arkivverket

[#12515] Mari Pedersdt. Brekke ( - e. 1775) , Bømlo


Guest Stig Steinkjer

Recommended Posts

Guest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s.481: Peder Jensson, d. 71 år gl. i 1740. Første kona er ukjend. Ho d. ikr. 1702 og vart gravsett under stolane i Gåslandskyrkja. For dette betala Peder 2 rdl. Andre kona heitte Anna Larsdtr., d. 77 år gl. i 1755. Born: a. Jens, f. ikr. 1702, g. nera Nese. b. Mari, g. Hovstad, Fitjar. (Desse borna kan vera etter første kona.) c. Nils, f. ikr. 1711, g. Brekke. d. Brita, f. ikr. 1715, g. Noraneset. e. Lars, f. ikr. 1718, g. Brekke. f. Ola, f. 1719. g. Anna, f. 1723, g. m. Lars L. Tjong. Peder var truleg av «betre» folk. 1 skoskattmanntalet i 1711 er kona hans nemnd «Hustru» og tausa vart kalla «Pige», medan det vanlege var «kone og tøs». Peder var ein av dei beste menn i bygda. I 1701 vart sagt at han var 30 år og «lever vel» dvs. at han stod seg godt. Han hadde då ein dreng, Anfinn Jensson, som var 14 år gl. Peder var brukar til han døydde. I 1720 kjøpte han bruket som var 2/5 partar av garden. Den tiandeparten som vanta på helvta var truleg parten i laksvågane som seljaren heldt unna. Parten var eit sjølvstendig bruk, som her vert nemnt bruk C. På skiftet etter Peder vart bruket utlagt på ekkja og arvingane. Dei selde til sonen Lars i 1747. I 1712 bygsla Peder den helvta av garden som låg øyde.mvh Kjellaug R.P.

Link to post
Share on other sites
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.