Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Stig Steinkjer

[#12548] Anna Olsdtr. Rolvsnes (1701-1775), Bømlo

Recommended Posts

Gjest Stig Steinkjer

Er det noen som sitter med kilder på forfedrene til Anna Olsdtr. Rolvsøy (1701-1775), Bømlo ? Anna var kona til Lars Monsson Ivarsøy (1715- ).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Finner ikke Rolvsøy i B I, II eller IV, er du sikker på at det ikke ligger under Fitjar? Ivarsøy hører til Fitjar ser jeg i bygdebøkene.Bind III har jeg ikke, men det er Søra Bømlo og alle disse øyene ligger jo imellom Stord og Bømlo.Mvh Kjellaug R.P.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Stig Steinkjer

Beklager, ser at jeg har blandet kortene, det skal være Rolvsnes.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Uffda! Jeg leste feil!! B I, s.94Ola Larsson Rolvsnes, son til Lars, bygsla i 1700. Bruket var 1/2 laup smør, 1/2 hud som var halve garden. Ola var brukar so lenge han levde. Ola var fødd ikr. 1693. G. m. Guro Johannesdtr., f. ikr. 1693. Born: a. Helge, g. Skinnhueneset, seinare Uslettøyno. b. Sissela, f. 1708, d. 1733. c. Anna, g. Rolvsnes. d. Lars, f. 1720. («Rike Lars». Stortjuv.) e. Halvard, f. 1723. Både Ola, Guro og dottera Sissela døydde i sotta i 1733. Gravfeste same dag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Stig Steinkjer

Kjellaug; igjen, takk for hjelpen ! :) mvh stig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 87:Far til Ola: 5 Lars Andersson Rolvsnes, f. ikr. 1643, d. 1719. G. m. 1. Malene Halvardsdtr. Urong, d. før 1695. Born: a. Bjørn, utskriven til «mariner» i 1689 til 1700, død i 1719. b. Ola, g. Rolvsnes. c. Anders, husmann på Rolvsnes. d. Marta, g. Gilje. e. Endre, g. Rolvsnes. Lars vart oppattg. m. Marta Hansdtr., d. 1718, ekkja etter Torbjørn Aslakson Hollund. Lars og Marta var barnlause. Lars vart truleg brukar etter faren i 1669, av halve garden. Lars stod seg tolleg godt. Det var skifte etter han i 1719. I buet var helvta i ei laksnot, I kastenot, 1 kvern med hus, 7 kyr, 2 stutar, 2 kalvar, 16 smaler, 9 geiter, 1 hors med føl og I utan. Lars var brukar til han døydde. Nettoeiga var 25 rdl.Som det går fram ovanfor, so har det stundom vore ein, stundom to brukarar på garden, og storleiken på bruka har vore skiftandefram til år 1700. Etter den tid er garden skift i to like bruk, og ein kan fylgja brukarane på dei einskilde bruk frametter. Garden vart truleg ikkje delt før år 1700, men når det har vore to brukarar so har dei drive garden saman, og butt i same husa.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 86 Far og farfar til Lars Anderson:Villompo Reffsnes i 1563. (Willom po Rolsnness i 1567). I 1590 svara han leiglendingskatt av I laup smør. Han var framleis brukar i 1597 då han svara skatt av like mykje.Omund Rolsnes var brukar i 1601, og har venteleg teke over bruket etter Villom. I 1611 vart han utskriven til soldat og send til Svinesund, men var heime att i 1612. Kona hans heitte Steinvor. Omund var brukar av heile garden fram til 165 7, so nær som i 16 I 0 -1 I då ein Thomis er nemnd som brukar saman med han, og i 1647 -48 då Anders Omundson - truleg sonen - var brukar av 1/3 part. Omund var legdsmann for soldatlegda og lagrettemann.Anders Omundson, f. ikr. 1602, truleg son til førre brukaren. Han er nemnd som husmann utan jord på Rolvsnes i 1637. I 1647, og venteleg nokre år før, var han brukar av tredjeparten av garden. I 1657 er han nemnd som brukar att, og har då heile garden. I 1661 let han sonen Helge få bruka 1/4 parten av garden, og sat sjølv med resten til han døydde i 1669. Anders var g. 2 gonger. Begge konene hadde vore gifte før og hadde born i første ekteskapet. Første kona heitte Ragnhild. Ho døydde ikr. 1663. Born:a. Helge Rolvsnes. b. Guttorm Habbastad. c. Lars Rolvsnes. d. Kari Goddo. e. Knut Skålavikjo. Andre kona heitte Malene Larsdtr. Ikkje born med henne. Anders var velstandsmann. I skiftet etter han er nemnt at han åtte 1 naust og 1 sjøbu, 1 kvern med hus og 1 kvern på Fodno. Dei andre husa på garden åtte eigaren. So hadde han 9 kyr, 7 ungnaut, 5 stutar, 5 geiter, 14 smaler, 2 hestar, 1 hors med føl og 1 liten fole. Vidare åtte han 1 kastenot og 1 laksnot. Laksnota bruka han i laksevågen i Hanøyno, som han leigde halvparten av, og svara 12 rdl. årleg i leige for. Etter leiga å døma måtte laksefisket vera rikt. Elles hadde han etter seg 1 tesak (d. e. sverd), 1 børse og I sverd på Fodno. Anders leigde og nore Klubbevågen makrelvåg.I 1664 vart han stemnd, saman med fleire andre, av paktaren av fisketienda fordi dei ikkje hadde svara fisketiende dei siste 9 åra. Anders fortalde «at han i 10 aars tid ikke har fanget anden fisk end undertiden nogen Murt som kunde være en Ringe ting til hans husbehov. Desligest fanget han et snes makrel for 7 år siden -». So skralt er det lite truleg at fisket kunne ha vore. Anders var lagrettemann.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s.310/311:Forfedre til Malena Halvardsdtr Urong:'Bruk A 2. Urong Skyld: 1/2 1. smør, 1/2 hud. Som før er nemnt vart bruk A delt i 2 bruk i 1664.Knut Guttormson Urong, var 24 år gl. i 1665. D. i farsotta i 1695. G. Barbru Jonsdtr. Alvsvåg, d. i 1696 i same sotta. Born: a. Peder. Hadde bruket ei tid. b. Siri, f. ikr. 1673, g. Økland. c. Guttorm, f. ikr. 1679, g. Urong.Knut fekk bygsla denne parten av farsbruket ikr. 1664. Då faren fall frå ikr. 1683, tok han over hans bruk som var større. (Sjå nr. 8.)(Ola Johannesson var brukar ikring 1683. I 1864 skulle futen panta han for skuldig skatt, men han var då faren frå garden. Bruket låg øyde i 1692.)Peder Knutson Urong, d. i sotta i 1695, var brukar då han døydde, men ein veit ikkje kva tid han tok over bruket. I 1692 var han 22 år og «mariner». Bruket låg no øyde til 1711. Då vart halve bruket slege saman med bruk A 1 som då vart halve garden. Den andre helvta av bruket låg øyde til Kolbein Olson bygsla i 1723. Truleg var det denne helvta av Kolbein sitt bruk som vart liggjande øyde då han fall frå i 1742. I 1770 bygsla dei 3 brukarane på garden kvar sin tredjepart av øydebruket. Seinare har heile garden vore i hevd til no dei siste åra, då 2 bruk er liggjande øyde.Bruk B. 3/8 partar av garden.Som før nemnt vart garden delt i 2 ulike bruk i 1624.Knut Halvardson, bygsla dette bruket i 1624. I 1633 bygsla han tredjeparten av bruk A og vart soleis brukar av halve garden. Han var g. m. dotter til føremannen. Namnet hennar er ukjent. Dei hadde truleg sonen Halvard Knutson Urong. Knut og ei syster åtte 2 pund smør og 8 spann korn i Vestvik, Valestrand, og 1 pund smør i Løkling som han svara odelskatt av i 1624 og 1626. (Truleg var han av den gamle Alvsvågætta som åtte gods i Løkling.)Knut var ikkje velståande. Han døydde truleg i sine beste år. Det er mykje rimeleg at han var sjukleg. Han var i mange år so utarma at han svara ikkje skatt. Han døydde ein gong mellom 1637 og 1645. Det siste året er ekkia og ein son nemnde. Ekkja sat i tronge kår til 1646 då son hennar, Halvard, tok over bruket.«Laurids» (Lars) er nemnt som brukar saman med ekkja etter Knut i 1646 til 1648. Seinare var ekkja hans brukar til 1656. Ho heitte truleg Guri. I 1649 låg denne parten av bruket øyde, og det er då sagt at ho «slet forarmet». I 1646 svara ho ikkje skatt. I 1657 tok Halvard Knutson over denne parten og.Halvard Knutson Urong, var 40 år i 1665. Han bygsla 3 spann smør, 3/4 hud i 1657. Han var brukar til han døydde i 1696 i den sotta som gjekk over bygda då. Kona heitte Brita Sakkariasdtr. Ho d. i 1695 i same sotta som Halvard. Born: a. Erik, f. ikr. 1673. Brukar etter faren. b. Mari, g. Fylkesnes. c. Malene, g. Rolvsnes. I 1657 fostra Halvard 6 kyr og 12 smaler. Det vart halde skifte etter Brita i 1695 og etter Halvard i 1696. Buet stod seg bra. Nettoeiga var 33 rdl. Husa var då noko skrale. Buet hadde flor saman med den parten som låg øyde, og tredjeparten i løa. Elles hadde bruket ei røykstove åleine, og nokre fleire hus som trong vøle. Abotspengane skulle Halvard og sonen ha dersom dei vølte husa til pinstid året etter, elles skulle dei betalast til futen. I buet var 9 kyr, 9 smaler og 3 t. såkorn. Mellom utlegga er nemnt at skifteretten fann ei bismarvekt, som Halvard ikkje hadde lagt fram i skiftet, og som han åtte saman med grannen. For dette måtte han bøta halve verdet, som vart sett til 3 mark pengar. Halvard var lagrettemann.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B II, s. 91 Barbru Jonsdtr Alvsvåg sine foreldre:Alvsvåg Bruk B 1. Fjerdeparten av garden.'Tidlegare er nemnt at bruk B vart delt i 2 bruk ikr. 1618. Bruk B I var først berre 1/4 part av bruk B, men då brukaren Jon døydde i 1648 vart bruket tillagd ein part av bnr. 7 soleis at desse bruka vart jamstore.Jon, vart brukar ikr. 1618. Truleg var han son til Torstein på Bruk B. Jon var brukar til han døydde i 1648. Ekkja var so brukar av fjerdeparten av garden til 1662. Kona heitte Ingeborg. Kjende born: a. Endre søra Meland. b. Knut Alvsvåg. c. Barbru Urong.Jon åtte bruket sitt, 1 spann smør, 1 hud. So åtte han ein liten part i Kuleseid og ½ 1. smør i søra Habbastad, og ein liten part i Rymbareid, Fitjar. Alt truleg arva. I 1657 fostra Ingeborg 3 kyr, 1 kvige. Jon var lagrettemann.'B II, s. 90 Alvsvåg Bruk B. Halve garden.'Garden vart, som før nemnt delt i 2 like bruk ikr. 1600. Torstein vart då brukar. Han hadde bruket åleine til 1618 då ein «Joenn Allsuogh» fekk bruka fjerdeparten. Bruket vart då truleg delt. Den parten som Torstein hadde ått, og som seinare vart fråskilt ein fjerdepart til, fekk seinare bnr. 7. Det andre vert her nemnt bruk B 1. Torstein var brukar til 1642.I 1611 var Torstein med og rusta ut ein soldat til Svinesund, men av ein eller arman grunn svara han ikkje «knekteskatt» korkje i 1612 eller -13.Torstein var ein av dei største jordegodseigarane i bygda på si tid. Saman med Bård Sønstabø, som truleg var av same ætta, åtte han 1 1. smør, I hud i Sønstabø, 16 mrk. smør i Våge, 1 spann smør, 1 spann korn i Kuleseid, 4½ spann korn i Våge i Sveio. Av dette var noko odelsgods. So åtte han åleine 1 vett korn i Erisland i Skåre, 1 1. smør, ½ våg fisk i Alvsvåg, ½ 1. smør i søra Habbastad og 6 mrk. lyse i Hiskjo. Alt odelsgods.' Nå er det stop, videre bakover må du nok et annet sted-:) mvh kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.