Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Stig Steinkjer

[#12549] Endre O. Selle (Bømlo)

Recommended Posts

Gjest Stig Steinkjer

Søker informasjon rundt Endre O. Selle fra Bømlo. Kona til Endre var Ingeborg Eriksdtr. Nesbø, Fitjar, og datter deres var Gjøa Endresdtr. (1733-1811) var kona til Peder Salamonson Hovstad (1733-1798), Fitjar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Bømlo I, s. 259: Her er noe, skal se om jeg finner mer om Ola Endresson Hollund og Mari Rasmusdtr Innvær. Mvh Kjellaug 'Endre Olson Rubbestad, d. æ. f. 1700, d. 1744. G. m. Ingeborg Eriksdtr. Nesbø, Fitjar, d. 1744. Born: a. Ola, f. 1730. b. Gjøa, f. 1733, g. m. Peder Salomonson Hovstad. c. Sakkarias, f. 1736, d. liten. d. Sakkarias, f. 1738. e. Erik, f. 1743. Var «mariner» og tenestgjorde i Kjøbenhamn der han gifte seg og hadde 2 born. Då Endre og kona døydde, kom dei 3 yngste borna til morbroren Mattias Nesbø, den eldste var hjå farbroren Nils O. nora Sele. Endre stod seg ringt. I 1743 måtte han - som so mange andre - få stønad, 2 rdl. av «den Kongel. Naadegave» som vart dett ut avdi det var sott og uår i landet. I skiftet etter Endre og kona var m. a. 4 kyr, 3 kviger, 1 stut, 1 kalv og 2 smaler. Peder H. Urong fekk utlagt I rdl. 2 mark for underhald for eit av borna. Husa på bruket var mykje til nedfalls Nettoeiga var Il rdl. Endre bygsla i 1728 og var brukar til han døydde. Bruket vart no liggjande øyde til 1748 då Jacob Hasse Hy nnemør, gastgjevaren i Brandasundet, vart brunkar, men truleg slo han berre høyet og svara grasleige av bruket. Jacob hadde det til 1752.B I, s. 224: 79 Ola Endreson Hollund, var 33 år gl. i 1701 og var «mariner». Han d. i 1722. I 1701 er sagt at han kunne svara skattane, «Dog Fattig». G. m. Mari Rasmusdtr. Innvær, d. 67 år gl. i 1744. Born: a. Endre, d. æ. f. 1700, g. nora Sele. b. Synneva, f. 1707, g. Urong. c. Endre, d.y. f. 1709, d. 1727. d. Rasmus, f. 1714, g. nora Sele. e. Nils, f. 1716, g. nora Sele. f. Barbru, f. 1719, d. 1727. Em veit ikkje året då Ola bygsla på Rubbestad. Han var brukar til ikr. 1719 då han flytte til nora Sele, (sjå Sele, Nordre nr. 48). Ola brukte 5/12 partar av garden. Då han gav bruket frå seg, bygsla Jon Olson, på bruk A dette bruket ogso. Bruka vart slegne saman til eit bruk då, og var 2/3 partar av garden.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Stig Steinkjer

Kjellaug; du har vært til Stor hjelp, Tusen Takk for alle bidragene du har gitt. :) mvh stig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 278/279:55 Endre Hollund var 56 år i 1665. Døydde ikr. 1680. G. m. 1. Brita, d. ikr. 1660. Ikkje kjende born. Endre vart g. att m. Barbru Guttormsdtr. Urong. Born: a. Knut, g. Mækjebakken. b. Ola, g. Rubbestad. c. Siri, g. Stavland. d. Barbru, g. Gåsland. Barbru Guttormsdtr. vart g. oppatt m. Nils E. Hollund. Endre var brukar frå 1634 og truleg til han døydde. Endre var ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år, og kyrkjeverje i 3 valbolkar. I 1662 vart Endre stemnd av presteekja, Anna Offesdtr., for ei ku som han,hadde lova henne i «utferd» for konasi. Kua hadde han teke i leige av Nathanael Melbo som var i nær slekt med henne, og truleg laverje for henne. Endre vitna at drengene til den nye presten, hr. Johan Bechmann hadde vore på Hollund og henta kua, og meinte at «Efterdj Hr. Johan gjør hende Regnskab for andet hendes jndkomst, at hand och er god for at giøre hende Rigtighed for dend. » På tinget vart «Herom afsagt at saa frembt hr. Johan jche fornøyer hende med Penger for Koen da haffuer hun sig koen at tilholde. Thi Endre kand jche giffue 2 Kiør for Een Sagh.» I 1666 vart Endre stemnd att. Denne gongen av Peder Larsson nora Sele som kravde han for bygsel og landskyld av ein part i Sele som han og systera hadde arva. Endre var formyndaren deira og hadde teke mot pengane på deira vegner. Endre svara at han burde ha kostpengar for 6 år for Brita Larsdtr. etterdi ho var lita då han tok henne til seg. Saka vart utsett og kom ikkje opp meir. 56 Nils Erikson, var 50 år i 1701 og stod seg bra då. Han døydde ikr. 1714. G. m. Barbru Guttormsdtr., ekkja etter Endre Hollund. Ho d. i 1712. Born: a. Endre, f. 1681. Nils vart brukar ikr. 1680 og hadde bruket til 1702 då sonen fekk bygsla helvta. Dei var brukarar saman til Nils døydde. I 1710 var det eld laus på garden, og alle husa brende ned. Nils og Endre møtte på tinget og bad tingålmugen om tingsvitne so dei kunne verta fritekne for skatt nokre år medan dei bygde husa opp att.I 1702 vart Nils stemnd av Frederich Sprinpiil på Fitjar fordi Nils hadde brukt ei makrellnot dei åtte saman og «fordervet» den, og fordi han hadde kasta i Agastraumen som Sprinpiil meinte han hadde eineretten til. Torgjer Jonson indra Klubbo vitna at han hadde vore med Nils med nota, men dei hadde ikkje kasta. Nils møtte og svara at han hadde bygsla den helvta av makrelvågen som høyrde Fitjargodset til, og la fram bygselsetel som var dagsett 19. oktober 1698. I 1687 vart Nils dømd til I rdl. i bot fordi han hadde forsømt å føra tienden fram til den som skulle ha den. I 1712 vart halde skifte etter Barbru. 7 kyr, 5 kviger, 1 stut, 1 kalv 12 smaler, og noko makrellnot er nemnt m. a. Nils var lagrettemann.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 221: Mari Rasmusdtr Innvær:Rasmus Endreson, var 50 år i 1701, d. i 1720. G. m. Synneva Mikkjelsdtr. d. 1725. Born: a. Mari, g. nora Sele. b. Endre, f. ikr. 1683, g. Innvær.Rasmus var komen til Innvær i 1685. Han svara då odelskatt for noko «barnegods» (dvs. at han var formyndar og styrde med jcrdegodset) i Vestvik i Valestrand. Rasmus var brukar til han døydde. Det vart haldde skifte etter Rasmus i 1720. Nettoeiga i buet var 22 rdl. Elles er nemnt noko sylv, m. a. eit sylv signett, 9 kyr, 2 kviger, 2 stutar, 2 kalvar, 4 geiter, 6 smaler, 1 kvern med hus og 1 utan, 1 børse og 1 kårde. Rasmus var lagrettemann i mange år, kyrkjeverje og legdsmann. I 1701 er sagt om brukarane på Innvær: «Bønder, kand svare Deris skatter, Dog Fattige.»

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 305 Barbru Guttormsdtr Urong:Guttorm Jonsson, var 50 år i 1665. Ukjent kva tid han døydde. Kona (ukjend) var truleg ekkja etter Knut Omundson. Kjende born: a. Jon Guttormson Svortland. b. Knut Guttormson Urong. c. Barbru Guttormsttr. Hollund. Guttorm vart brukar ikr. 1645. Då ekkja etter grannen Lars gjekk frå bruket sitt i 1657, vart det delt mellom Guttorm og grannen Halvard, soleis at Guttorm då brukte 5/8 partar av garden til ikr. 1664 då sonen Knut fekk bygsla 112 1. smør, 1/2 hud. Bruket vart då delt i 2 bruk, som me her vil nemna bruk A I og A 2. Guttorm sat att med 3/8 partar av garden, eller 3/4 1. smør, 3/4 hud, til ikr. 1683. Det ser ut som om Guttorm var velstandsmann. I 1657 fostra han 1 hest, 12 kyr, 4 ungnaut og 9 smaler. Han var kyrkjeverje.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det er bare moro å hjelpe når jeg kan-:) Jeg har fått så utrolig mye hjelp her selv at jeg er veldig fornøyd når jeg og kan slippe til med litt informasjon.Tror ikke det er mulig å komme lengre med disse her ettersom det ikke står hvor de kom i fra.Kan hende det er mer i Sunnhordlandslekter, men den har jeg ikke. mvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.