Gå til innhold
Arkivverket

[#12602] Mari Jonsdtr. Hallaråker (1771-1855), Bømlo


Gjest Stig Steinkjer
 Del

Recommended Posts

Gjest Stig Steinkjer

Søker forfedre til Mari Jonsdtr. Hallaråker (1771-1855), Bømlo. Mari var kona til Mons Larsson Ivarsøy (1736-1806). Er det noen som har kilde® med informasjon om Mari ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei !I Bømlo bygdebok 1 finn eg fylgjande under garden Hallaråker nr. 16: Jon Rasmussen nora Sele f.1737 d.1771. Gift med Helga Larsdatter Stavland f.1738.Born: a)Inga f. 1762, g. Hallaråker b)Brita f. 1763, g. Storhaugvik, Vornes c) Helga f.1766 g. søra Habbestad d)Rasmus f.1768, g. Hallaråker, e) Mari f.1771 g. Ivesøyno, Fitjar.Helga vart oppattgift med Lars M. Kleppe b.p. Hallaråker (dei fekk også 4 born saman).Jon var først brukar på bruk B2 saman med verfaren eit par år. Ein veit ikkje kva tid han bygsla her, truleg ikring 1763.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Under Sele norde finn eg vidare:Rasmus Olson Nora Sele f.1714, d.1772. Gift med Brita Jonsdatter (syster til Rasmus J. Stavland og Inga Jonsdatter Hallaråker). Ein veit ikkje året ho vart fødd eller døydde.Born: a)Endre f.1732 b)Barbru f.1734, d.liten c)Jon f.1737, g.Hallaråker d)Siri f.1740, g.Nora Sele e) Helga f.1743 d.liten f) Mari f.1745 g.Risøyno, Fitjar g)Ola f.1750, d.liten h)Barbru f.1752 g.Erevikjo i)Helga f.1755, var blind og budde hjå systera i Risøyno.Rasmus bygsla saman med broren i 1736. Dei var brukarar saman til Nils si ekkje sa sin part av bruket frå seg i 1753. Rasmus var brukar til 1764 då han sa opp helvta til bate for versonen. Bruket vart då delt i to like bruk, A1 og A2. Rasmus var brukar på A1 til han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B II, s. 7 foreldra til Helga Larsdtr Stavland:8 Lars Rasmusson Stavland, d. 71 år gl. i 1790. G. m. 1. Helga Gunnarsdtr. Økland, f. ikr. 1707, d. ikr. 1784. Born: a. Hans, f. 1735, g. Meling. b. Helga, f. 1738, g. Hallaråker. c. Ola, f. 1741, g. Hallaråker. d. Gunnar, f. 1745. e. Rasmus, f. 1748, g. Urong. f. Lars, f. 1752. Lars vart oppattg. m. Ingeborg Kristoffersdtr. Hollund, f. 1748, d. 1824. Born: g. Lars, f. 1787. h. Kristoffer, f. 1789. Han var med i krigen 1807 -14 på kanonbåten «Nornen». Vart heimsend «for svaghed». Ingeborg hadde ei dotter, Alis, f. 1774 med Ola Erikson Laurhammar, og ei dotter, Guri, f. 1781 med Gunnar Ysteinson søra Habbastad. I 1824 vart innsend attest for at « - Ingeborg Christophersdtr. ikke har efterladt sig det aller ringeste. -» Lars bygsla bruket i 1734. I 1742 sa han det opp og flytte til Hallaråker. (Sjå Hallaråker nr. 96.) Bruket vart då delt, og eine helvta lagd til bnr. I og andre helvta til bruk B 1. I 1756 vart bruket slege saman att og bortbygsla. I 1735 vart Lars og grannane på Stavland stemnde av presteekkja Mad. Omsens «- fordi han uden forlov havde taget Kirkestien og beholdt den hele sommeren, saa at hun ikke visste hvor stien var og derfor maatte lage 2 nye stier -». Lars var lagrettemann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det skulle være B II, s. 4: Her er foreldra til Lars, samme side:Rasmus Torkjelson, d. før 1741. Kona heitte truleg Inga og levde i 1739. Born: a. Torkjel Stavland. b. Lars Stavland. c. Marta Stavland. Rasmus bygsla bruket ein gong mellom 1720 og 1723, men før 1733 hadde han overlate helvta til sonen Torkjel, og bruket vart delt i 2 like bruk. Det eine vert her nemnt A 1. Det andre fekk seinare bnr. 2. Rasmus hadde bruk A I til 1734. I 1735 vart Rasmus stemnd av presteekkja Mad. SI: Omsens for ei kyrkjeku han hadde nekta å koma attende med « - af de 3 de kiør hand hafve haft pa a leye -». Sonen Lars kunne vitna at faren hadde leidd kua attende til presten medan han levde. Når det er sagt at Rasmus hadde 3 leigekyr so kan det tolkast sø at han stod seg heller ringt og ikkje makta ala opp so mange kyr som han kunne fø på bruket. Han resta og landskyld då han døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 504: foreldre og besteforeldre til Helga Gunnarsdtr: Bruk A Il. Fjerdeparten av garden.Som nemnt før vart bruk A delt i 2 like bruk i 1669. 37 Gunnar Monsson Økland, var 33 år gl. i 1665, d. ikr. 1704. G. m. Malene Gunnarsdtr. Meling, d. ikr. 1702. Born: a. Gunnar, f. ikr. 1663, g. Økland. b. Marta, f. ikr. 1665, g. Rubbestad. c. Mons, f. ikr. 1673, g. Søvodl. d. Hans, f. ikr. 1677, g. Økland. e. Jon, f. ikr. 1685, g. Nordtun. f. Helga, g. m. Endre E. Børøyno. Gunnar bygsla helvta av det bruket faren hadde då han døydde i 1669, og var brukar av halve garden. I 1682 sa han opp dette bruket på grunn av vanhelsa, og var sidan berre brukar av bruk B 1. Frå 1685 og utover bruka han fjerdeparten av Søvodl. I Søvodl åtte han tredjeparten, og so åtte han 12 mrk. smør i Grutle og Hope, som kona hans hadde arva. Han åtte og ei tid part i nora Habbastad, som han makeskifte med ein part i Søvodl. Gunnar var velstandsmann og ein vyrd mann i bygda. Han var lagrettemann i mange år. Då kona døydde i 1702, vart ho nedsett i skipet i Gåslandskyrkja. For denne føremonen svara Gunnar 2 rdl. til kyrkja. 38 Gunnar Gunnarson Økland, f. ikr. 1663, d. 1710. G. m. 1. Brita Nilsdtr. nora Meland, d. 1693. Born: a. Mons, f. 1690, d. før 1701. Gunnar vart oppattg. m. Siri Knutsdtr. Urong, f. ikr. 1673. Born: b. Barbru, f. 1697, g. Svortland. c. Mons, f. 1699, g. Søvodl. d. Knut, f. 1702, g. Økland. e. Brita, f. 1704, g. Stavland. f. Helga, f. 1707, g. Stavland. Gunnar bygsla bruket i 1682 og var brukar til han døydde. Gunnar stod seg bra. Netto i buet var 43 rdl. utanom jordegodset. I buet var noko sylv, m. a. ei brurekrune, I ottringsbåt, 1 kvern med hus, helvta i ei laksnot, 2 hestar, 8 kyr, 3 kviger, 2 kalvar. I Søvodl åtte han 27 mrk. smør. Gunnar var kyrkjeverje og lagrettemann.B I, s. 494:Foreldre til Gunnar (farfar til Helga)Mons Olson (Økland?) var 80 år gl. i 1665, er sagt. Truleg var han noko yngre. Kona heitte Helga. Ho døydde før 1668. Born: a. Andor Økland. b. Gunnar Økland. c. Siri g. m. Kristoffer Sønstabø. d. Brita, d. æ. g. m. Gabriel Alvsvåg. e. Brita, d. y. g. m. Hans øvra Nese. f. Anna, g. m. Ola Gilje. Mons vart brukar i 1615 saman med Ola. Då Johannes på bruk B fall frå, tok Mons og Ola over dette bruket, og det er truleg at dei bruka kvar sitt bruk til Ola fall frå i 1627. Mons vart då brukar av heile garden til ikr. 1645, då sonen Andor fekk bygsla bruk B. som då berre var 1/3 part av garden. Mons sat med resten til 1657 då sonen Gunnar fekk eit stykke av bruk A. Mons var brukar av resten til han døydde. I matrikkelen 1668 er sagt at ein part av garden låg øyde, truleg det bruket som seinare vart kalla «Oyjoro». Parten vart sett i skatteskyld for 1 pd. smør i 1668, men kor lenge den låg øyde yeit ein ikkje. I 1657 fostra Mons 1 hest, 15 kyr, 5 ungnaut, 4 smaler og 4 geiter. I 1659 vart Mons stemnd av Karen, ekkja etter Christen Nielsen i Øklandsvågen, som då var brukar på Brekke. Ho meinte at ho hadde rett å bruka Brekke sin part i laksvågane. Ho la fram bygselsetel frå borgarmeister i Bergen, hr. Ove Jensen som då rådde for Apostelgodset, der det stod at Øklandsmennene skulle bruka dei 2 partane og Brekke den tredje, anten soleis at Karen skulle halda tredjeparten i nota med Mons og bruka vågane kvart år ilag med han, eller og at ho brukte vågane eit år og Mons i to år, og soleis skiftest om å bruka vaagane. I 1665 vart Mons stemnd saman med 8 andre, av presten fordi dei ikkje hadde svara tiende av laksefisket. Alle vitna at dei alltid hadde betalt laksetienden til slottet i Bergen, og sa at det var dei like kjært kven dei betala til. I 1669 vart halde skifte etter Mons. Buet hadde ei nettoeige på 58 rdl. Truleg hadde han skift frå seg etter kona straks før. I buet er nemnt noko smedverkty, 2 gamle børser, 1 tessak, 2 naust og 1 sjøbu, (dei andre husa på bruket åtte eigaren) 1 stor båt, helvta i ei laksnot, 1 kvern med reidskap som truleg stod i garden sitt kvernstø i bekken. So hadde han 6 gode kyr, 4 kviger, 2 stutar, og ymse anna. Skulda var mest berre skiftekostnadene og tenarløner. Mons var ein vyrd mann i bygda. Han var legdsmann for soldatlegda, og lagrettemann i mange år. Då Mons fall frå, vart bruk A. delt i 2 like bruk som her vert nemnt bruk A I og A II.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B I, s. 551Besteforeldre og foreldre til Male Gunnarsdtr Meling : Gyrd Knutson (farfar til Malene), bruka halve garden i 1601. Han var brukar til 1629, då han bytte bruk med sonen Gunnar og flytte til Søvodl. (Sjå Sjøvoll nr. 5.) Kona heitte Mari (Marren i 1645). Kjende born: a. Gunnar, g. Søvodl, seinare Meling. b. Johannes Meling. c. Lars. d. Erik Søvodl. e. Truleg ei dotter, g. m. Peder Danielson Bjørnevik.Gyrd sat som leiglending på Meling, men åtte 1 1/4 laup smør 1 1/4 hud i Søvodl i 1624 som han då svara odelskatt for. Noko av dette jordegodset vars utlagt på døtrene til Torstein Olsson Børøyno i 1606. Denne parten - kor stor han var, veit ein ikkje - må Gyrd ha teke på odel eller kjøpt før 1624. Etterkvart løyste han inn heile Søvodlegarden. Gyrd kjøpte og Grutle ein gong mellom 1626 og 1637. Dette var og odelsgods som vart skift etter Torstein Børøyno i 1606. I søra Habbastad åtte han 9 mrk. smør som han hadde som pantegods.Gyrd var med og rusta ut ein soldat til Svinesund både i 161 I og 12, men av ein eller annan grunn er han ikkje nemnd i «knekteskatt» manntalet korkje i 1611 eller 12 endå han var ein velståande mann. I 1617 vart Gyrd stemnd «for en Hest Hannd sig tilkiender och anderlles Bleff bevuist. Aff Sonnet och Gaff Penninge 8 Rdr.» Han vart soleis dømd for å vilje stela hesten, difor var bota so stor. Gyrd rydja laksvågen Oddevågen i Hiskjo, som han og sonen Gunnar brukte i over 60 år, og som dei svara 2 pund laks for året i landslut for.Gunnar Gyrdson Søvodl (far til Malene), (sjå Sjøvoll nr. 3) d. før 1663. Kom frå Sjøvoll i 1629 då han bytte bruk med faren. Kona heitte Marta Villumsdtr. og var dotter til Villum på Voll og kona Malene frå Eide. Marta døydde millom 1682 og 1685. Kjende born: a. Simon Meling. b. Haldri, g. Meling. c. Malene, g. Økland. (Og truleg har dei hatt ein son, Villum, som d. tidleg, for dette namnet går att i ætta seinare.) Gunnar arva ein part i Søvodl etter faren. Seinare, i 1747 løyste han inn 2 1/2 pd. smør i garden frå dei andre syskina, og vart eigar av heile garden, og heile Grutle. I Sønstabø åtte han I spann smør som seinare vart innløyst. I 1663 vart Marta stemnd for bruken av laksvåzen Oddevågen under Hiskjo som ho då vart frådømd retten til å bruka. I 1652 vart Gunnar stemnd for ein skipsbåt han hadde funne på rak nordmed Øklandsvågen og som han ikkje ville gjeva frå seg til lensmannen, men ville sjølv ha båten mot å svara det som den måtte vera verd. Det vart ikkje dom i saka og er truleg vorten forlikt med futen. Gunnar var brukar til han døydde. Bruket vart då delt i 2 like bruk, som me her vil kalla bruk B I og B 2.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Stig Steinkjer

Tusen takk for bidragene, både Helga og Kjellaug.Rasmus Olson nora Sele (1714-1772) og Brita Jonsdtr., er det noen som har informasjon om opphavet til de ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Dessverre finner jeg ikke noe i B I eller II, det står kun at Rasmus var bror til Nils Olson og at Brita var søster til Inga og Rasmus Jonson.Mvh Kjellaug

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.