Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Tor Kvien

[#12705] Døde i Innvik - Bergesen og Stensen

Recommended Posts

Gjest Tor Kvien

Det er gjort et flott arbeid med registrering av kirkebøker for indre Nordfjord. for de eldste utgavene på nettet, f.eks. Døde i Innvik fra 1750-1815 står registrert bare en dato.Spørsmål: Er dette dødsdato eller begravelsesdato?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg trur du kan vera temmeleg sikker på at det er begravelsesdato. Eg har ikkje sett på desse bøkene, men det eg elles kjenner til av slike er det begravelsesdato som er nemnd.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Ja, jeg har antatt det, men jeg vil jo helst være sikker, vet du, så jeg håper en av de som har registrert dataene for Digitalarkivet ser dette og kan bekrefte dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg trur du kan vere viss på at det er gravferdsdato. For går du nærare inn på materialet og ser på t.d. 1765, vil du finne at der truleg herja ein epidemi i soknet. Då er det mange frå same bygde som er bokført på same dag. Men eg trur ikkje alle dei døydde, men derimot vart gravlagt samstundes. Dessutan var det presten som førde boka. Og om han berre førde ein dato, var det nok den datoen dei kom til kyrkja med lika - for avstandene i det soknet var svært store.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

En interssant observasjon det med 1765 som jeg skal ta med videre. Takk for tipset.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Eg trur det må vere datoen for gravfestinga. I kyrkjebøkene etter ca 1815 er tre datoar oppgitt ved dødsfall: dødsdato, gravferdsdato og gravfestingsdato. Før den tid var det oftast datoen for gravfestinga som vart oppgitt.Det var den dagen presten kasta jord på kista. Sjølve gravferda kunne ha skjedd ei tid i forvegen. Då sette dei ein stokk ned på kisteloket. Stokken drog dei opp gravfestingsdagen slik at presten kunne sleppe den føreskrevne mengda jord ned på kista.Når så mange er gravfesta same dagen kan det skyldast at presten har 'samla opp' alle som var døde over ein viss periode. Gravfestinga vart gjerne gjort i samband med ein vanleg kyrkjesøndag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×