Gå til innhold
Arkivverket

[#12958] Ole Eriksen Aarland f. 1851 i Sund sogn - Minnesota USA


Gjest Terje Aarland
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det høyrest ut som rett Louis, men eg kan ikkje sjå at han døydde i Minnesota. Han var nok berre ''heimehøyrande'' der..Derimot fann eg ein av dei andre:ERICKSON, SAMPSONdeath cert id# 1920-MN-015973Date of Death: 02/23/1920County of Death: SWIFTResten burde vera ''plankekøyring''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Og det at Ole er registrert som emigrert i 1873, gjer nok svar på kvifor vi ikkje finn han i databasen frå 1874-1930...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Kanskje, du har rett at resten burde vere rein plankekjøring, men for meg som ikkje er så driven i dette med å finna dei der borte, er dette ikkje så enkelt. Kanskje det er enkelt? Uansett så setter eg umåteleg pris på den hjelpa eg har fått.Kanskje finner dere også dei andre. Gutane burde kanskje vere enklare å finne enn jentene. Kanskje det ville vere enkelt å finne Obit'en til han som døydde i 1974? For det er jo ikkje så veldig lenge sidan?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Søster til Ole Erickson - Margrethe Helene Ericksdtr. reiste også til Amerika. Ho og mannen hennar reiste til USA i 1897. Dei busette seg i Nord Dakota. Margrethe vart tidleg ekje og hadde eit strevsamt liv ute på prærien for å skaffe nok mat til alle barna som skulle mettast. Margrethe var gift med Nils Hanson Drønen. Dei tok etternamnet Dronen der borte. Eg har forholdsvis god kontakt med etterkomarane etter Margrethe, men dei veit ingenting om kvar det vart av Ole og hans etterkomarar. Kanskje visst Margrethe kvar dei budde, men sidan så vart det kanskje gløymd? Alle hadde kanskje nok med sitt og lite tid til slekta.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Som eg nemnde tidlegare, vil eg rå deg til, Terje, at du tek ein telefon til Chippewa County Clerk of Court, business hours vanlegvis 8:30-12 a.m. og 2-4:30 p.m., og/eller til Chippewa County Historical Society! Hugs sju timer tidsforskjell! Eg har breibandstelefon og kan ringa heilt gratis, men elles kostar det ikkje mange kronene med Telenors fasttelefon heller! Nekrologen (eng: obituary) til Ole Erickson vil truleg gje deg masse interessante opplysningar, ogso om døtrene, og vil spara deg for mykje tid til leiting etter bryllaupi deira!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Ja, eg antar at det er lurast å sjekke om det finnes en obituary for Ole. Så var det det å kunne få fram det eg skulle spørje om da. Nokre er meir språkkunnig enn andre og veit nøyaktig kva dei skap spørje om. Kanskje det står noko i obituary for hans søster Margrehte Helena Erickdtr Dronen. Ho budde i ND og vart fødd i 1869, men eg veit ikkje kvar tid ho døde. Eg kan skrive til ein av barnebarna hennar og be han finne hennar Obituary og sende den til meg?Eg setter umåteleg stor pris på alt du har gjort for meg. Takk for alt du har gjort for å klart å løyse denne saka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg skal prøve å få kontakt med dei inst. du hensviste til i løpet av kvelden så får vi sjå kva som er råd å få fatt i.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg ser av dykkar innlegg Louis Erickson, fødd 9. mars 1900, døyr i august 1974, men ikkje i Montevideo, Chippewa, MN. Er det mulig å finne ut kvar han døyr?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, no oppdaga eg at ''Mr.'' Louis Erickson, fødd 9.3.1900, døydde i Chippewa Co., MN 10.8.1974. Det var denne titelen, som var lagd til, som gjorde at eg ikkje fann han før! Men då skulle jo ein nekrolog (obituary) vera grei å finna! Det står forresten òg at mori hadde Anderson som jentenamn!Lukke til i kveld!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg har vore i kontakt med Chippewa County Clerk of Court i MN og fått opplyst at foreldre til Ole Erickson var Erich Larsen Aarland og Margrethe. Så dette var den rette Ole i alle fall. Dei hadde ikkje informasjon om barna til Ole Erickson. Det stod ingeting om barna og ektefellen. Eg bad også om dei kunne sjekke om der var info om Johanna og barna Louis og Carl, men dei hadde ingen info om desse. Så då er det på an igjen for å finne dei andre søskena for å sjå om det er mulig å få kontakt?Håpar på fortsatt hjelp til å finne nokon av barna til Ole og Johanna og kvar dei busette seg. Det kan vere mulig at det let seg gjere å finne noko som er deira etterkomarar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Er det mulig at Ole og Johanna også fekk barn etter 1900? I den lista av barn fødd før FT i 1900 står det at det siste barne vart fødd i 1900. Kan det tenkes at det var endå fleire?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Godt det var rette Ole! Om dei fekk born etter 1900 er jo heller tvilsamt, det dukkar ikkje opp fleire i 1910 eller 1920, etter kva eg kan skjøna på Lars E. Men det er jo ikkje fysisk umogeleg - sjølv om ho var 41 då ho fekk Louis, og allereie hadde fått ti...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Stemmer i med Heidi! Flott at saken løste seg!Finner forøvrig en Carl Erickson som dør i Appleton, Swift Co, MN i mai 1968. Han er født 18. mars 1890. SSN 501-05-5374, utstedt i North Dakota.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Først til Heidi: Du skriv at dei allered hadde fått 10 barn fram til 1900. I dei opplysningane som ligg i innlegg 19 er det bare 8 barn. Kven er dei to andre?Lars: Det ser ut som det er den rette Carl du har funne. Far hans Ole høyrer også til di slekt. Eg trur han var fetter til din bestefar eller oldefar.Kvar skal eg søkje etter nolevande slektningar eller etterkomarar etter desse?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Heidi Tofterå Slettemoen

Terje: I same innlegg 19 står førd på Johanna: 10 ch /8 living = 10 born / 8 i live. Det går òg fram at dei hadde vore gift i 20 år, og Lars har seinare funne at Johanna hette Anderson før ho gifte seg.Lars J: Hallooo! Kjekt å 'sjå' deg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Så bra at det er nokon som er så årvåkne her at det går an å legge merke til slikt. Eg visste ikkje kva dette stod for ein gong, ser det no.Lars skriv at det var ein Carl Erickson som døde i Appleton i mai 1968. Dette kan sannsynligvis vere son til Ole i og med at han vart fødd i mars i 1890. Eg har kikka etter i Switchboard white pages og funnet at der bur 5 personar der med etternamnet Erickson. Det kan kanskje vere nokon av hans etterkomarar. Kanskje det hadde vert lurt å ta ein telefon dit. I Montevideo var der 29 personar med etternamnet Erickson, kanskje nokon av desse også var ein av etterkomarane etter Ole.Det å få bekrefta at det var den rette Ole var vedlig spesielt, særleg når eg har leita etter han i nesten 30 år. Dei siste åra meir intenst enn dei andre. Eg er veldig takknemlig for at de som er så flinke til å finne fram klarer å oppspore person for person. Lars E Øyane har gjort ein fantastisk jobb og eg er han svært takknemlig, men også de andre treng ros for det arbeidet de har gjort. Så får eg håpa et det let seg gjere å finne ut litt meir om Henry, Martin og evn. Sampson (sist nemnde døydde 23. feb. 1920). Døtrene til Ole vert det vel vanskelegare å finne i og med at dei sikkert skifta etternamn dersom dei gifte seg.Håpar på at dere vil fortsetje med å ettersøkje dei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Ein slektning av meg (Mr. D) i USA skriv i ein mail at faren hadde fortalt at han hadde søskenebarn i Finley, North Dakota. Ole var onkel til faren til Mr. D. Det kan vere slekt av han enten på mor eller farsida til faren til Mr. D. Om det er eit forsøk vert å søke i Nord Dakota veit eg ikkje. Kanskje det er like lurt å leite etter nokon av dei andre barna til Ole og Johanna for å finne ut kvar dei budde?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har følgt denne tråden frå sidelinja og tykkjer det er fantastisk kva det går an å greie. Men no har eg berre lyst å understreke at det du bør prøve på no, er å finne obituaries på dei personane du har lokalisert, elles kan du kome til å gå over mange bekkar etter vatnet. Det er utruleg kva ein kan finne der - 'proceeded in death' og 'survivors' kan gje deg heile slekta på sølvfat.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg var litt forsiktig med å skrive kva denne Mr. D sitt etternamn var, men kan eg skrive det uten at det har noen betydning? Ein unngår jo som regel å skrive namn på personar som lever i dag. Så om eg skriv det etternamnet så kan det hende at ein lett kan finne ut om det var på far eller morsida til Mr. D dette søskenebarnet var.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar og bukkar for nye kompliment! Det er kjekt at nokon set pris på det ein gjere!Eg ser forresten av FT1920 at dei fire borni som då budde heime, Sampson, Carl, Johannah og Louis, alle var ugifte. Dei var jo framleis unge på den tidi, men det er vel høgst truleg at Sampson aldri rekte å verta gift...Elles KAN det vera Martin Erickson som me finn i FT1920 for Climax village, Polk Co., MN:ERICKSON, Martin 39 ND Nor Nor general merchantERICKSON, Amanda 36 ND Nor WI wifeERICKSON, Vivian 14 MN ND ND dauERICKSON, Orpha 10 MN ND ND dauDei budde der òg i 1910, men då vart kjerringi kalla Minnie!Rimeligvis er det denne Martin som døydde i Polk Co., MN 22.8.1927, for i 1930 er Amanda Erickson enkje og busett i Minneapolis, Hennepin Co., MN!Då Carl Erickson døydde i Swift Co., MN 15.5.1968, er jentenamnet til mor hans ''unknown''.Før me leiter meir bør nok nekrologane studerast nærare!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Då eg var i kontakt med Chippewa County Clerk of Court i MN, bad eg også om opplysninger på Johanna og Louis, Carl og Sampson, men merkeleg nok var det kun info på Ole Erickson. Så eg har prøvt å finne info om desse. Det er mulig at det er andre vegar å gå, men ettersom eg er lite kjent med dei måtane det går an å finne fram i så famlar eg ennå i 'mørket'. Eg er svært takknemlig for den måten denne saka har vorte løyst på. Kanskje har du rett at eg går over fleire bekkar etter vatn, men sidan eg har spurt etter dei eg har kjende info på, så rekna eg med at eg måtte fortsetje på ein av dei andre barna til Ole og Johanna. Det er mulig at det går an å finne info på Carl i Appleton? Men kven skal eg ta kontakt med der?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Har du prøvd Norway List? Ikkje lag for lang bakgrunnshistorie, men kort om kven du vil ha opplysningar om og kvar vedkomande døydde, så skal det forundre meg mykje om der ikkje kjem ein velvillig amerikanar og tilbyr seg å hjelpe. Framgangsmåten finn du her LenkeUlempen er at du får ein haug med post om alt frå julekaker til --- ja, kva som helst, men du kan melde deg av igjen når du vil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg har prøvt å søkje i nokon av desse utan direkte hell, men eg ser at det kan vere interssante opplysningar her Lenke Det er mulig at eg kan finne noko her. Ser at det kostar og hente ut opplysningar her, men dersom nokon av dykk på nettet har fast abb. så er det kanskje mulig å få hente ut info på den måten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg finner ei Vivia Erickson som vart gift 26. april 1941 når eg søker i Google då får eg henne fram her når eg gjer søk på namnet. Mannen hennar dør i 2003, men Vivian har dødd tidlegare. Det er vel mange som heiter Vivian Erickson så kanskje dette ikkje har noko med saka å gjere i det heile teke?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.