Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane

[#13100] Schjølberg-ætti på Kongsvinger og i Amerika - Jørgen og Oscar - opplysningar?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane

Tollassistent Jørgen Jørgenson Schjølberg, fødd i Vinger i 1822, gifte seg på Vallset, Hedmark 1843 med Caroline Mathilde Timmermann, fødd i Stange 1820. Jørgen og Caroline busette seg på Holt i Vinger og fekk fleire born, mellom anna sonen:Oscar Thomas Jørgenson Schjølberg, fødd i Vinger november 1856 eller 1857, var 1875 handelsbetjent i Christiania og skal ha vore gift der i byen, men utvandra som enkjemann til Amerika i 1888. Under namnet Oscar Berg, òg kalla Oscar Burg, gifte han seg att i Minneapolis, MN med Øllegaard Olsdotter Fedt, i Amerika kjend som Ella Fett, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 8.11.1861. Ho utvandra i 1883.Oscar og Ella Burg budde ei tid i Butterfield, Watonwan Co., MN, men flytte kort etter hundreårsskiftet til Kendall, Whatcom Co., WA. Ella Burg døydde 14.10.1912 og ligg gravlagd i Bellingham, WA.* Er det nokon som kan hjelpa meg med ein nøyaktig fødselsdato for Oscar Thomas Schjølberg i Vinger?* Er det nokon som har kjenskap til denne Schjølberg-ætti og som evenuelt kan hjelpa meg med å finna ut meir om lagnmaden til Oscar i Amerika?* Eg er òg interessert i opplysningar om Oscar sitt liv i Christiania. Han hadde ei dotter Nora, fødd i august 1878 som skal ha utvandra i 1893 - kan henda identisk med den Eleonora Schjølberg som utvandra frå Christiania i 1893, 11 år gamal? Kvar det vart av ho, veit eg ikkje.På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Finn Sollien

Oscar Thomas Andrè Schjølberg f. 1. november 1856, døpt 7. juni 1857: (K.bok nr. 10- 1855-1861 for Vinger sogn. S.79, dåp nr. 213). Har k.bøkene i base dersom det skulle være ønskelig med mere om Schjølbergs. FS

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk, Finn, for detaljane om fødsli til Oscar Thomas André Schjølberg.Om du har ein database for Vinger, kanskje du då kan fortelja meg kvar i Vinger faren Jørgen Jørgenson Schjølberg var fødd (2.6.1822), d.v.s. bustaden til Jørgen Schjølberg (Sr) og Else Karine Schøyen?Nok ein gong takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Finn Sollien

Send meg din EM adr. så overfører jeg ei fil direkte til deg med de 11 søsken og 1 halvsøsken. FS

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Takk, Finn, for at du vil hjelpa meg!Adressa mi: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.