Gå til innhold
Arkivverket

[#13119] Henrich Jansen, Lervågen, Lindås/Ravnanger, Askøy, ca. 1700 - 1765.


Gjest Alf Thynes
 Del

Recommended Posts

Gjest Alf Thynes

Henrich Jansen Lervogen er registrert i Lindås fra ca. 1728 til hans kones død i 1742. Han flytter så til gården Rafnanger på Askøy. Er det noen som vet hvor han er født og hva hans første kone het?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Han døyr på Ravnanger i 1865, 71 år gamal. Men eg finn han korkje i Nordre eller Søndre Bergenhus 1701. Og hadde han vore derifrå, burde han vore med på listene. Men der er ein Hendrick Jansen i Øvrebøs bok 'I Kongens teneste' som overlever krigen. Han er rett nok frå Bergen, men får 'Gage og Consumpsion' for 1718.At ein slik kar (ex-soldat) hamna i Leirvåg på den tida, kan vel ha hendt. Det var jo stort underskot på mannfolk på landet etter krigen ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Thynes

Det er en Henrich som blir født på Lindås i 1705. Foreldrene er ungkar Jan Janssen og Gierche Dirichsdatter, begge fra Bergen. Alderen ved Henrichs Jansen Ravnangers død tyder på at denne Henrich kanskje var litt sent ute.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, men han er likevel ikkje for sein til å vere far til dei som blir fødde seint på 1720-talet ...Alder ved død er alltid så som så på den tida. Men det står jo ikkje nokon alder når han gifter seg på Ravnanger med ei enkje som eg ikkje har funne opphavet til. Ho se ikkje ut til å ha born der før. Ho òg kan jo vere frå Lindås eller deromkring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Thynes

Det var en ting jeg glemte i går kveld. I henhold til Norhordland tingbok fikk Henrik Jansøn utstett skjøte til Lervaagen, datert Bergen 08.01 1728. I digitalversjonen av tingboken er han omtalt som Henrik Jansøn Stevele. Det er jo nærliggende å tro at Stevele kan være et gårdsnavn, men hvor.......?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Da trur eg vi har han. Om eg ikkje tar mykje feil, er han frå Stevold i Førde og bror til ein som skriv seg for Gudmund Jensen og hamner på Kleppe på Askøy. Men om så er, er han fødd etter 1701. Der er nemleg ein Jan Salomonsen på Stevold med fleire born i 1701, m.a. Gudmund. Og han er ein av mine forfedre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Henrik Jansen Stevold, sønn til Jan Salomonsen og Marta Endresdatter, trolovet seg i 1729 med Kristine Andersdatter Berg, Jølster.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Då er det nok han, sidan han dreg til Askøy seinare i nærleiken av bror sin.Men eg går ut frå at Nedrebø har henta desse opplysningane om trulovinga frå Føde bygdebok. Og då kan ikkje den boka vere mykje å stole på når det gjeld årstal, i alle høve. For i mellomtida fann eg paret på DA vigde i Førde: 21.11 1728.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Thynes

Henrich Jansen var tydeligvis en mann som var på farten, da blir det av og til litt vanskelig å følge sporene. Men med gode hjelpere går det meste an. Tusen takk for hjelpen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Det kan du seie. Men på denne tida var området kring Bergen som ein magnet på 'overskotet', særleg i Sunnfjord (med hovudvekt på Jølster og til dels Førde). Der er stor tilflytting og fleire arbeider med å granske desse. Det som undrar oss i dette høvet, var at han slo seg til så pass langt nord i fyrste omgang. Dei fleste drog nærare Bergen og vart leilendingar, ikkje sjølveigarar som Henrik. Men i alle høve er tilfellet svært interessant.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.