Gå til innhold
Arkivverket

[#13173] Johannes Johannessen f. 1831 på Tang, Hafslo - til Flakstad/Buksnes - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Johannessen, fødd i Hafslo (Luster) i Sogn 25.2.1831, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Flakstad 14.11.1859 med Anna Elisabeth Jensdotter, fødd på Krystad i Flakstad 9.12.1833. Johannes var fiskar, og han og Anna busette seg på Vik i Buksnes. Der budde dei framleis i 1875, men etter den tid forsvinn alle spor!Eg kjenner til desse borni:a. Ingeborg Marie Johannessen, fødd i Flakstad 5.4.1860, døydde i Flakstad 15.3.1863.b. Anna Marie Johannessen, fødd i Flakstad 5.4.1863, døydde i Flakstad 16.4.1863.c. Jens Martinus Kraus Johannessen, fødd i Flakstad 5.6.1864, nemnd i 1875, elles ukjend.d. Kristian Johannessen, fødd i Buksnes kring 1867, nemnd i 1875, KAN vera identisk med ein steinarbeidar Kristian Johannessen, fødd i Buksnes 1866, som i 1900 var busett på Løslet Leirvik i Ankenes, gift med ei Kristine, fødd i Buksnes 1866??e. Johan Johannessen, fødd i Buksnes kring 1871, nemnd i 1875, elles ukjend.f. Rakel Johannessen, fødd i Buksnes kring 1874, nemnd i 1875, KAN vera identisk med ei Rakel, fødd i Buksnes 1873, som i 1900 var gift med fiskar Rasmus Olsen på Sund i Buksnes, fødd i Buksnes 1871??Om nokon dreg kjensel på denne huslyden eller har tilgang til kjelder frå Buksnes, ville eg setja stor pris på å motta tilleggsopplysningar!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg står framleis fast når det gjeld denne huslyden og vonar på hjelp...!?Hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jennifer Richardson

Hi Lars.I'm having a little better luck today. Are youfinding people from your research? Jennifer(family history project from USA)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har motteke opplysningar om at dei to sønene til Johannes og Anna:* Jens Martinus Kraus Johannessen (f. 1864) og* Johan Christian Rhode Johannessen (f. 1871)skal vera omkomne under anleggsarbeid på Ofotbanen, og då er spørsmålet: Kva år kan dette ha skjedd?Og, er det nokon som veit om online kjelder som omhandlar personar som er omkomne ved jarnbanearbeid i Noreg?Hjarteleg takk for alle tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få blåsa lita vetta støv av denne saki som har lege uløyst i fleire år. Kanskje det er kome til nye brukarar i Brukarforum som dreg kjensel på desse folki i Buksnes eller ved Ofotbanen?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Magne Bernhardsen

Begge ektefellene døde på Opdøl i Buksnes; Anna Elisabeth Jensdatter (her kalt Johnsdtr.), f. 1833 i Flakstad, døde på Opdøl 2. juli 1889. Johannes Johannessen, f. 1825(!) i Sogn, døde på Opdøl 31. desember 1897. De må være kommet til Opdøl allerede i 1878, for de får ei datter den 29. juli 1878 her på Opdøl. Hun fikk navnet Albertine Jensine Lie Johannesdatter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Per Magne for eit interessant og svært oppklarande innlegg om denne huslyden.Eg reknar med det var som ''husmann og fiskar'' at Johannes og Anna budde på Opdøl i Buksnes?Elles er eg framleis svært interessert i fleire detaljopplysningar om lagnadane til borni i denne huslyden, særleg:* om dei to sønene Jens og Johan som skal vera avlidne under arbeid på Ofotbanen (sjå innlegg #4),* om sonen Kristian som truleg flytte til Ankenes (sjå innlegg #1), og ikkje minst* om yngste dotteri Albertine, fødd 1878 (sjå innlegg #6)?Alle gode tips som kan supplera med opplysningar om denne huslyden, vert tekne imot med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har no leitt litt gjennom dei skanna kyrkje- og klokkarbøkene for Flakstad og Buksnes og har fått svar på fleire spørsmål, m.a. dødsfallet til den vesle jenta Albertine Johannessen i 1881.MEN, framleis slit eg med å finna ut meir om lagnadane til:* Jens Martinus Kraus Johannessen, fødd i Flakstad 5.6.1864, skal vera omkomen under arbeid med Ofotbanen, dato ukjend.* Johan Christian Rhode Johannessen, fødd i Buksnes 4.5.1871, skal òg vera omkomen nder arbeid med Ofotbanen, dato ukjend.* Kristian Anton Schøning Johannessen, fødd i Buksnes 15.6.1867, gifte seg i Buksnes 28.12.1888 med Christine Albertine Bruun Fredriksdotter, fødd i Buksnes 3.1.1867. Dei budde 1900 på Løslet Leirvik i Ankenes der ogso Kristian var banearbeidar (Ofotbanen?), men den seinare lagnaden deira er kjend.Er det nokon som veit kva tid anleggsarbeidet på Ofotbanen pågjekk som verst, og kvar ein bør leita etter dødsfalli til dei to brørne - kanskje i Ankenes prestegjeld?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Soløy

Hei.Jeg kjenner igjen navnene til Jens Johannesen og Kristian Johannesen, men det kan jo være flere med de navnene. Kanskje du bør se under Flakstad igjen. Det finnes nemlig to brødre der med disse navnene på den tiden. Jeg skal sjekke dette nærmere får å se om det kan være dine personer.mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Soløy

Desverre er det ikke mye identitet hva angår datoer og årstall. De personene jeg kjente til var barn av Johannes Jensen, også hann født i Luster (Sogn).lykke til videre.mvh Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest ellen horn

HeiVet ikke om du fortsatt leter etter opplysninger om Johannes sin familie ?Mulig jeg kan hjelpe deg litt på vei med Johannes sin sønn Jens.Har ikke jobbet så mye med denne grenen av slekten ennå, men har da litt. Jeg har Jens registrert med mellomnavn Krantz ikke Kraus men det må være samme person.Jeg er og intressert i alt av opplysninger om Johannes og Anne sine forfedre og etterkommere. Jens Martin Krantz Johannesen (bosted vik) giftet seg med Hilda Olea Jentodt Hansen (bosted Reppe) 13.11.1891. (datter av Hans Jørgen Schønning Mortensen og Bergita Johanna Jentoft Hansdtr. – Har en del opplysninger om disse om det er av interesse) Finner han i folketelling 1865 på Busknæs og i 1975 på Vik i Busknes.Finner han ikke i folketellingen for 1900 men finner Hilda som enke på Ankneset . Jens og Hilda får sitt siste barn i 1898 så da er vel Jens død i perioden 1898-1900.Har notert at Jens er død I Narvik husker ikke helt hvor jeg har det fra så det må regen som usikker opplysning, men gjerne verdt å lete under Narvik ?Jens og Hilda sine barn:Hagbert Jensen f 1898 i Busknes – folketelling 1900 på ankenes.Amandus Johan Jensen f. 01.03.1892 i Busknes - folketelling 1900 på ankenes Gift 09.10.1917 på Karlsøy med Hanna Matilde Rebekka Lorentsdtr.Jentoft Hilbert Jensen f. 07.07.1894 i Busknes – folketelling 1900 på ankenesJohannes Jensen f.28.12.1898 i busknes – folketelling 1900 på ankenes Amandus er min Oldefar så her har jeg mer opplysninger om det er av interesse. Ellen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ellen for svært spennande innlegg!Nei, denne huslyden er framleis ikkje løyst, men eg har i kveld med hjelp av opplysningane dine funne fleire spennande tilleggsopplysningar, og eg har lyst til her å attgje manuskriptet mitt for huslyden til Johannes Johannesson, opphavleg frå husmannsplassen Flugen under garden Tang i Hafslo (der dei manglande opplysningane kjem klart fram...):~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Johannes Johannessen, f. (Hafslo) 25.2.1831, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Flakstad 14.11.1859 med Anna Elisabeth Jensdotter frå Krystad i Flakstad. Ho var dotter av fiskar og innerst Jens Knutson på Krystad og kona Abelona Hansdotter, likeins frå Krystad og f. i Flakstad 9.12.1833. Johannes var fiskar, og han og Anna var nokre år innerstfolk på Vigten og sidan på Myrland, båe i Flakstad, men flytte i 1864 til Vik i Buksnes der dei budde som plassfolk til dei kring 1877 busette seg som plassfolk på Opdøl i Buksnes. Anna d. som husmannskone på Opdøl 2.7.1889, medan Johannes d. som husmann same staden 31.12.1897. Dei fekk sju born i lag:a. Ingeborg Marie Johannessen, f. i Flakstad 5.4.1860, d. i Flakstad 15.3.1863.b. Anna Marie Johannessen, f. i Flakstad 5.4.1863, d. i Flakstad 16.4.1863.c. Jens Martinus Krantz Johannessen, f. i Flakstad 5.6.1864, d. etter eit ulukkeshende på Ofotbanen 18.11.1900. Han gifte seg i Buksnes 13.11.1891 med Hilda Olea Jentoft Hansen, f. på Reppe i Buksnes 1.10.1863. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – budde Norddalen i Ankenes – 1900 enkja på Leirvik Nergaard i Ankenes – seinare lagnad??)Dei fekk fire søner i lag.d. Kristian Anton Schøning Johannessen, f. i Buksnes 15.6.1867, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)Kristian gifte seg i Buksnes 28.12.1888 med Christine Albertine Bruun Fredriksen, f. på Haug i Buksnes 3.1.1867. Ho d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – budde 1890-åri på Opdøl i Buksnes – 1900: steinarbeidar (banearbeidar) busette på Løslet Leirvik i Ankenes – seinare lagnad??)Dei fekk fire døtrer i lag.e. Johan Christian Rhode Johannessen, f. i Buksnes 4.5.1871, d. etter eit ulukkeshende på Ofotbanen 15.11.1900. Johan gifte seg i Øye sokn i Surnadal 8.7.1894 med Elen Johannesdotter Strømsvåg, f. på Stangvik ytre i Stangvik 3.6.1864. Ho d.¤¤¤¤¤ (etter 1900!)¤¤¤¤¤ (budde Norddalen i Ankenes – 1900 enkja på Leirvik Nergaard i Ankenes – sidan?)Dei fekk ei dotter i lag.f. Rakel Johanne Eline Marie Johannessen, f. i Buksnes 25.12.1873, d. som gardbrukarkone på Sund i Buksnes 17.8.1906. Ho gifte seg i Buksnes 5.7.1900 med Rasmus Johan Berg Olsen, f. på Vevik under Sund i Buksnes 23.3.1872. Han d.¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)20.5.1955. Rasmus var fiskar, og han og Rakel var gardbrukarar på Sund i Buksnes. Dei fekk to søner i lag.g. Albertine Jensine Lie Johannessen, f. i Buksnes 29.7.1878, d. på Opdøl i Buksnes 22.4.1881.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Alle detaljar som du (eller andre) kan føya til om denne huslyden, er svært velkomne, særleg når det gjeld dødsfalli til dei som ved hundreårsskiftet budde i Ankenes...! Manuskriptet for garden Tang i bygdeboki for Luster (Hafslo) er for tidi under arbeid!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Vibeke Lund Åhling

Gravminner:2380002 Kristian A Sjønning Johansen 1506 1867 1607 1944 Narvik nyeKonen d. 12.05.45 ifølge steinen.Og hvem er Johan K. f. 1901 (og Haldis) på samme stein?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Ellen Horn

Hei LarsHar funnet en opplysning om at Hilda gifter seg opp igjen med en Kristian Jeremiassen.I folketellingen for 1900 finner jeg en Kristian J. på Skjerstad. Her er han oppført som unkar og gruvearbeider/murer.Dersom dette er rette mann er det vel trolig at vi må lete etter Hildas dødsfall i dette området. Når det gjelder Johan og Haldis som er skrevet på samme sten som Kristian og Kristine er det vel nærliggende å tro at dette er deres barn. Ellen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ellen Horn

Hei igjen .........Under søk på dis sine sider med gravminner finner jeg en Hilda Jeremiassen (212386) f 1863 d. 07.1937. Bosatt på Reppe og gravlagt på Voll kirkegård på Buksneset i Vestvågøy.Mulig dette er 'vår' HildaFinner i farten ikke Kristian Jeremiassen. Men finner Johan Kristian Jeremiassen f. 1858 d. 1916 buksnesEllen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.