Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mariann Stokken

[#13189] Eiel Torgersen (Egil Tarjeson) f.ca 1800 Kvitsøy i Rogaland.

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg siterer frå Tysvær bygdebok III, s.237 'Eiel Torgerson, f.ca.1800, d.1890, son til Torger på Kvitsøy'.Er det nokon som har kjennskap til denne Torger/Tarje(som det står i bygdeboka Gamle Suldal, s.217)Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Tusen takk Astrid!! Det trur eg jammen er den rette, eg fekk 'Gamle Suldal'(bygdeboka) i hende igår, så eg hadde ikkje sett namnet skrive annleis enn Eiel, før igår kveld.Eg har prøvd alt det eg kunne tenkja meg av variantar, både på Eiel og Torger, utan hell.Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Nei, dette var merkeleg, eg var sikker på at det skulle vera Kvitsøy i Rogaland, og det trur eg fortsatt, eller kanskje han kom frå Telemark, men isåfall skulle det vel stått Kviteseid i Tysværboka...Er det ingen som har noko om denne Torger på Kvitsøy(Kviteseid?)????Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Eiel Tarjesen = Egild Targiesen ?Eg har og prøvd ei tid, med lite hell, å finna ut meir om Eiel Tarjesen. Eg har ikkje funne han som døypt i kyrkjeboka for Kvitsøy, og det er heller ikkje nokon Eiel eller Egil i utkastet til bygdebok for Kvitsøy som Jakob Meling har laga (Lenke).Min fyrste reaksjon til Astrid sitt innlegg var og at Egild ikkje kan vera rett person sidan Eiel var frå Kvitsøy, ikkje Kviteseid. Etter å ha tenkt meg om er eg ikkje så sikker. For det fyrste, veit vi at Eiel kom frå Kvitsøy? Kvar har bygdebokforfattaren Hoftun informasjonen sin frå? Kan han (eller skrivaren av kyrkjeboka) ha blanda Kviteseid (Hvidesøe) og Kvitsøy (Hvidingsøe)? For det andre, vi veit at det var god kontakt over Hardangervidda mellom Suldal og Telemark, så det er ikkje urimeleg at ein telemarking slo seg ned i Suldal. I kor stor grad det var tilsvarande kontakt mellom Kvitsøy i ytre Ryfylke og fjellbygda Suldal veit eg ikkje. For the tredje er namneforma Tarje i hovudsak ei Telemarksform (1801-teljinga har 142 Tarje i Telemark, 19 i Agderfylka, ingen ellers). Så dersom Gamle Suldal har rett form av farsnamet, peikar det mot Telemark.Eit argument mot Egild er at mor hans heitte Gro. Eiel hadde tre born med fyrste kona Helga, og dei heitte Sigrid, Helge og Eli. Helge og Eli var kalla opp etter Helga sine foreldre, så kanskje er Sigrid oppkalla etter mor til Eiel (som i så tilfelle ikkje er den same som Egild).Konklusjonen min er at ein i alle høve bør undersøkja nærare i kyrkjebøkene (og eventuelt i bygdesoga for Kviteseid) før ein eventuelt forkastar Egild Targiesen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Torleiv, dette var spennande!!Eg kjem nok allikevel ikkje til å gjera noko meir med dette, kyrkjebøker frå så tidleg er ikkje mi sterkaste side!Eg prøver å hjelpa ein i Southampton, der ein forfar for frå Norge til England og gifta seg.Han er allerede kjempenøgd med det han har fått...Men sjølvsagt: visst du eller nokon andre finn noko, tek eg gjerne imot, og vidaresender!!!Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Eit besøk på riksarkivet i dag gav noko meir informasjon, om ikkje avgjerande.Det viktigaste av det eg fann er:Eiel døydde 21 jan. 1890 og det er då opplyst i kyrkjeboka at han var fødd i ”Hviteseid” (men med eit spørsmålsteikn etter). Eg har ikkje funne i nokon kyrkjebøker annan informasjon om kvar han kjem ifrå (informasjonen om at Eiel Torgersen skulle vera frå Kvitsøy finn eg berre i bygdebøkene for Avaldsnes og Tysvær – som har same artikkel).Eiel vart gift fyrste gong 26 juni 1825 og er då oppført som Egild Tarjesen i ministralboka (og Eijel Tarjeisen i klokkarboka). Same namneforma vart nytta då han melde utflytting frå Suldal 29 sept. 1827.Eg fann ikkje informasjon om innflytting til Suldal eller utflytting frå Kviteseid (den det treng ikkje bety noko).Kyrkjeboka for Kviteseid har 1798 dåp 25 sundag i treeining av ”Targie Olsen Strømens Søn Egild”. Eit poeng er at ein av fadrane var Sigri Egildsdr. Kaase, rimelegvis syster av mora. Eiel si fyrste dotter fekk og namnet Sigrid (ved dåpen 30 okt. 1825 er namneforma Siri brukt, ved utflyttinga frå Suldal 1827 er ho skriven Sigrid).Alderen som er oppgitt for Eiel varierer litt (som vanleg er). Ved flyttinga frå Suldal 1827 er alderen gitt å vera 26 år. Ved folketeljinga 1865 er alderen gitt som 66 år. Då sonen Engel Johan (i andre ekteskap) vart døypt 28 august 1870 er Eiel sin alder gitt til 71 år. Då han døydde står det at han var fødd i 1800. Alt dette er konsistent med at han kan vera fødd i 1798.Eg har ikkje greidd å finna giftarmålet i 1870. Ved dåpen av sonen Engel Johan er det opplyst at foreldra har vore gifte i 1/12 år (dvs. ein månad), men eg finn dei ikkje som gifte i kyrkjebøkene, korkje i Avaldsnes (der dei budde), i Fjellberg (der kona Madel kom frå) eller Skåre (der sonen Helge budde). Det vil vera nyttig å finna dette m.a. fordi namnet på far til brudgommen vart oppført i 1870 (ved giftemålet i 1825 står det ikkje). Om nokon veit kvar Eiel og Madel vart gifte, vær snill å seia ifrå, antan her på debattforum eller direkte til meg (torleiv@ii.uib.no).Torleiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Hei Torleiv, eg er ikkje einig i at du ikkje har funne noko avgjerande, eg trur at dette må vera rett, men eg er sikkert for 'grønn' å rekna på området....Det vart iallfall ein spennande historie ut av det !!Mariann, som takkar og bukkar på vegne av Jack i Southampton!!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg har funne ein Egild Torgersen(Fam. Search...)f.14.2.1802, far Targie Svensen, mor Sigri Egildsdtr. kan det vera at denne fadderen fekk eit barn, og var gift med ein med same namn?? Litt merkeleg var det ikkje???Dessutan lurde eg på om han Egild(Eiel) kanskje var på besøk i Suldal, då han traff på denne Madel, det står nemleg Suldal, under dei forskj. plassane ho hadde budd(også dette funne på Fam.Search, eg har forstått det slik at dei ikkje er til å stola på, men.....)Isåfall har han kanskje gifta seg med henne der, før dei for tilbake til Karmøy.Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Interessant. Folketeljinga 1801 viser at Tarje Svensen (26 år) og kona Sigri Egilsdr. (24 år) budde på plassen Kaase under garden Midsund Søndre. Så dette er utan tvil Sigri som var fadder for Egild f. 1798. Situasjonen er altså at systrene Gro og Sigri Egilsdøtre var gifte med kvar sin Tarje, og at begge kalla opp son nr. 2 etter morfaren Egil. Dermed har vi to syskenborn som begge heiter Egild Tarjesen. Kven av dei to Egilane (om nokon) som er 'vår' er usikkert, men sidan eldste jenta vart kalla Sigri er Egild f. 1802 mest sannsynleg.Når det gjeld Madel er det nok ho som var tenestejente på garden Mækeland, Sveio i 1865, så kanskje dei vart gifte i Sveio?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Kyrkjeboka for Sveio: 23 juli 1870 vart 'Enkemand Eigel Thorgersøn' og 'Pike Madel Olsdr.' gifte. 'Brudgommens far: Thorger Svendsen Næse'.Eg trur at vi no kan vera sikre på at foreldra til Eiel var Tarje Svensen og Sigri Egilsdr., husmannsfolk frå Kviteseid. Eg har ikkje oversyn over husmannsplassane i Kviteseid, men folketeljinga tyder på at gardane som er nemnde (Midsund, Næss) ligg i same området. Det er og mogeleg at foreldra til Eiel har skifta husmannsplass.Torleiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Tusen takk for hjelpa, dette var moro!!!Og no fekk du og løyst 'gåta' di, det var jo hyggeleg!Mange helsingar frå Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

No er det 100% sikkert(og vel så det!), at det er rett det du fann Torleiv, eg har klart å spora opp nokre etterkomarar, og Torger/Tarje var frå Kviteseid!Han og ein bror(det er ikkje funne ut kvar han vart av) gjekk over fjellet til Suldal!Det er også lagt ut på Fam.Search at han var frå Kvitsøy, men eg har gjeve beskjed til vedkommande(namnet stod der) at det er feil, så det vil truleg bli retta.Godt jobba dette, Torleiv.Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torleiv Kløve

Det var interessant at du har hatt kontakt med etterkomarar som veit noko om Tarje. Eg visste at Tarje har mange etterkomarar. Kona mi er etterkomar av sonen Helge som var tømmermann i Haugesund. Men i den delen av slekta som eg har kontakt med er det ingen overlevert kunnskap om Eiel. Det kunne vera interessant å få vita meir om etterkomarane hans, men dette er vel opplysningar som dels ikkje skal leggjast ut her (nolevande personar). Om du vil senda meg informasjon ville det vera fint, e-postadressa er torleiv@ii.uib.noOm du vil vita meir om etterkomarar av Helge så har eg noko informasjon.Torleiv

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×