Gå til innhold
Arkivverket

[#13298] Ole Sande og Rachel Maria Harder - Molde, Trondheim, Tromsø - avkom?


Gjest Bjørn Jonson Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

På Molde 14. april 1842 ekta ungkar og skomakarmeister Ole (Pedersen) Sande, f 1812 på Molde, jomfru Rachel Marie Harder, f 1821 i Tromsø, datter av Hans Pauli Harder og Kristine Andersdt Tønsaas. Ole hadde gått i skomakarlære hos Dahl i Trondheim. Paret fikk 27. januar 1843 datra Hanna Christine, dpt i Domkirka i Trondheim 22. mars s.å.Hanna Christine Sande blei konfirmert i Tromsø 6. juni 1858. På skiftet etter innanlandshandlar Peder Larssen Sande på Molde 1859 heitte det at sonen Ole då budde i Tromsø. Seinare har eg ikkje funne ut meir om denne familien. Kva hendte med dei? Blei Hanna Christine gift, fikk ho barn? Hadde ho søsken?Dei fleste av Ole Sande sine søsken skreiv seg ellers Sanne, og det kan hende at han også tok opp denne praksisen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Enno, meir enn seks år seinare har eg ikkje makta å finne ut meir om disse folka. Er det hjelp å få no?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Tusen takk for hjelpa! No blir det spennande å sjå om eg klarer å finne ut meir om lagnaden til disse, inntil no, fire barna til skomakarmeister Ole Sande/Sanne og Rakel Marie Harder i Tromsø. (Paret kan vel ha fått barn mellom Hanna Christine i 1843 og Johan Fredrik i 1849.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for nye funn, Carsten! Eg finn ikkje Rakel Marie Harder som gjengift i Tromsø 1856-72, og heller ingen av barna hennar som gifte der før 1873. Eg finn dei heller ikkje i ft 1865. Kan heile huslyden ha døydd ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for nye funn, Carsten! Eg finn ikkje Rakel Marie Harder som gjengift i Tromsø 1856-72, og heller ingen av barna hennar som gifte der før 1873. Eg finn dei heller ikkje i ft 1865. Kan heile huslyden ha døydd ut?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk igjen! Eg har sjekka kirkebøkene m.o.t daude, og finn bare Peter Anton Sande og faren Ole før 1866. Skipsdrengen Oluf som døydde i 1860 heitte Tande til etternamn (det fanst både ein familie Tande og ein familie Sand i Tromsø på denne tida).Eg har ellers sett på utflytta fra Tromsø før 1866, men finn ingen av familien Sande der heller (det var ein stor flokk som fór til Amerika fra Tromsø i 1864, men ingen Sande). Har vi å gjøre med eit mysterium?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.