Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#13521] Ingebrigt Andersson Rønne, f. 1834 Luster i Sogn, flytte til Ålesund - lagnad??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ingebrigt Andersson, fødd på garden Rønnei i Luster 3.5.1834, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Hadsel 21.5.1861 med Marit Knutsdotter, fødd på Kavli i Grytten 20.9.1828. Ingebrigt og Marit flytte snart etter til Ålesund der Ingebrigt i 1865 var sjauar og dagarbeidar. Han skreiv seg då med ættenamnet Rønne. Ei dotter er kjend:a. Petra Marie (Rønne), fødd i Nordland kring 1858, levde i 1865.Eg har so langt ikkje vore i stand til å finna denne huslyden att i seinare kjelder. Er det nokon som kan hjelpa meg? Utvandra dei kanskje til Amerika?Med hjarteleg takk for hjelpi!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg tillet meg å blåsa litt vinterstøv av dette spørsmålet frå Ålesund. Eg lurer svært på om nokon har høyrt gjete denne huslyden?Hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.