Gå til innhold
Arkivverket

[#13543] Blei Peter Paulsen og Marthe Frantzdtr. vigde hos klokkaren i Borgund?


Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes
 Del

Recommended Posts

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Var på Ålesund Bibliotek, og fann endeleg vigsla mellom Peter Paulsen og Marthe Frantzdtr.i Borgund i 1832. Det har eg leitt etter lenge. Problemet var at eg fann det berre i Klokkarbok for Borgund-HF-1142* (1827-1840). Der står det ikkje noko anna enn namna, og hennar etternamn er ikkje rett.Ikkje noko om kvar dei er fødde og kva far/ foreldra heitte, ikkje forlovarar heller. Er vigsler alltid oppførde både i Klokkarbok som klokkaren har skreve og i Kyrkjebok som presten har skreve? Kvar finn eg innskrivinga i Kyrkjeboka i tilfelle? Meir informasjon under Brukarforum, nr.10383 og 11158Helsing Solveig Hånes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Martinus Ellingsen Lange var fødd på Langøya 1760 og døydde 1851. Han var klokkar i Borgund til svært høg alder, og klokkarbøkene (som han førte parallellt med presten sine 'prestebøker') er av svært dårlig kvalitet. I den ordinære kirkeboka for Borgund (som er utlagt i Digitalarkivet) er ikkje dette ekteparet innført. Eg har sett at Lange sine klokkarbøker stundom inneheld meir enn kirkebøkene, så sjøl om han var ein slurv (og han skreiv som ein gris), skal han ha takk likevel. For å finne opphavet til Peter og Marte kan du ta til med å leite etter dei som døypte i Borgund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Bjørlykhaug Hånes

Takk for raskt svar, Bjørn Jonson Dale!Marthe kom frå Myrhol i Hjørundfjord,og eg har fått opplysningar om familien hennar, far min fekk dei av ein slektsgranskar frå Myrhol. Men Peter, eller Peder, er eg ikkje heilt sikker på. I bygdebok frå Hjørundfjord, står det at Peter Paulsen var fødd i Urvigkråa i Borgund/Sula. Lurer på kvar forfattaren av boka har kjeldene sine frå? I 1801-teljinga for Borgund er der ein som kan passe, Peter Paulsen f.1798. Sjå link:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=arkivverket/ft1801/f11531&brukar=&loc=0&spraak=6&postnr=1156&next=5>LenkeMen i dåpsarkiva er det ein som heiter Peder Martinus frå Urvigkråa. Lenke Kanskje dette er foreldra hans?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Peter Andreas (Andreas Peter) Paulsen på Engeset døydde 1835, 35 år gammal. Han kunne ha fylt 36 i løpet av året, og ville då vere fødd 1799. I folketellinga 1801 ville han vere blitt rekna som 3-åring. Eg trur du har funne rette karen.Peter Paulsen på Engeset var ikkje fra Rødset (i Borgund), for der hadde Paul 1801 ingen barn, og han fikk heller ingen son Peter/Peder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Solveig Hånes

Takk for svaret! Greit å få vurdert kjeldene ilag med andre! Lurer litt på det med Rødsetbakken endå, på Hareid blei Røyset skreve på ein liknande måte før har eg sett. I Øksendal og, og i Volda. Eg sende ein mail til Arkivforum og. Dei antyda at Peter og Marthe kunne ha vore vigde ein annan stad, og at notatet i klokkarboka kunne vere ei melding om vielsen, men at det då burde ha vore notert som merknad. Kven veit? Hvis Peter var frå Urvika og Marth var frå Hjørundfjorden, (Hj.fj.båten brukte visst å gå innom Urvika, meinte onkel min), så kunne det vel hende at dei fylgde båten f.eks. til Hareid og blei vigde der? Det er berre manntal som er utlagde iDigitalark.derifrå. Så lurer eg på korleis ein får opplysningar om kjøp av gardar ( Peter kjøpte Engeset på Grytastranda. Då dei gifta seg i 1832, hadde han adr.Engesæths allereie) Kanskje der er fleire opplysningar i dette papiret? Då Marthe blei enke, gifta ho seg oppatt med Lars Karl Torsson i 1836. Kanskje står det noko av interesse i skiftepapira og? Kanskje opplysningane i bygdebøkene er henta derifrå? Mvh Solveig Hånes

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

(Strømme og Standal:)'Hjørundfjordboka V - Gard og ætt' har framifrå og oftast heilt pålitelige opplysningar, for den eldste tida (før 1900, trur eg) forska fram av den svært grundige sunnmørsgranskaren lektor Lars Strømme. Strømme bygde ikkje bare på kirkebøker, men også på skiftebøker og mykje anna tilfang. Når Strømme skriv at Marte Frantzdt Myrhol (1797-1882) blei gift med (sitat) 'Petter Andreas Paulsson Engeset, f 1798 i Urvikkråa, Borgund, d 1835', så kan ein lite på at dette er rett.Slekta på Myrhol skriv seg ellers fra den gamle lensmannsætta i Hjørundfjord.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aasmund Ulvund

BJØRN JONSON DALE eller andre. I ditt svar til Solveig B. Hånes har du endel opplysninger om klokker Martinus Ellingsen Lange. Jeg har tidligere etterlyst opplysninger i Brukerforum, 10931 og 10495, om Martinus og hans etterkommere. Jeg har nå funnet endel opplysninger om hans etterkommere, men jeg kjenner ikke til Martinus foreldre og søsken. Var Langøya endel av Borgund på hans tid? Om du eller andre vet noe om dette ville jeg være takknemlig for svar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Langøya ligg i fjorden mellom Ellingsøya i nord og 'fastlandet' i sør i Borgund (Oksnøya). Klokkaren tok namnet Lange etter øya. Etter boka 'Borgund & Giske IV - Gardssoge, Norddelen og byområdet', 'Langøya' (s 112 ff), ser det ut til at klokkar Martinus Lange var son av brukaren Elling Ingebrigtson Åse (dvs fra garden Åse i Borgund, 1725-66) og kona Brite Ingebrigtsdt Langøy (1727-). Ettersom databasen til Sulasoga no er lagt om til det nye kirkebokformatet, er denne kilda blitt omtrent ubrukelig (kva var vitsen med omlegginga?). Fleire av Martinus Lange sine barn budde i Ålesund, og dei ga opphav til stadnamnet Langeberget, som enno lever gjennom gatenamnet Langeberggata. Martinus Lange budde på prestegarden Borgund, men huslyden er ikkje nemnt i 'Borgund & Giske' (til liks med dei aller fleste andre ikkje-bønder i området). Huslyden finst i folketellinga 1801. Opphavet til førstekona hans, Anne Johannesdatter (Dahl) - mor til Ole Irgens Lange -er ikkje kjent, men eg vil tru at opphavet hennar må søkast lenger sør på Vestlandet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.