Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#13575] Lars Knutson Kylling (1773-1826) - haugianarhovding i Romsdalen - borni hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Lars Knutson Kylling (1773-1826), barnefødd på garden Morki i Hafslo, Luster i Sogn, flytte i 1809 til Grytten i Romsdalen og vart brukar på garden Kylling, men var òg ein av dei mest kjende haugianarane som fór kring land og strand i heile Noreg og jamvel i Sverige for å preika.Lars var gift to gonger, først med Margretha Augundsdotter frå Morki i Hafslo (1766-1803) og sidan med Anna Cathrine 'Cathrina' Pedersdotter frå Holmestad i Luster (1771-1852). Han fekk i alt fem born, men ei dotter Gjertrud døydde kort etter fødsli. Ei anna dotter Brit gifte seg med Ole Nilsson frå Langeland og budde på Kylling, medan sonen Knut hamna som husmann på Sletta i Grytten. Men:* Anna Larsdotter Kylling, fødd i Grytten 13.10.1809, gifte seg med haugianaren Nils Knutson frå Tostensrud, Level på Ål (1787-1860) og budde på Øvre Dale i Grytten. Me veit at Nils Dahle døydde i Grytten i 1860, men kvar vart det av enkja Anna? Ei Anna Larsdotter, 88 år gamal, døydde på Kavli i Grytten 4.10.1897. Alderen høver jo godt, men var det ho??* Margretha Larsdotter Kylling, fødd i Grytten 1.6.1813, flytte i 1833 til Ormeim i Grytten, truleg for å tena hjå haugianaren Elling Asbjørnson på Ormeim (1779-1854), som òg var komen frå Hafslo, Luster i Sogn. Men det er det siste eg har funne om Margretha. Kvar vart det av ho??Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Thorbjørn Meringdal

Elling Asbjørnson på Ormeim (1779-1854) ble gift med Ragnhild Syversdotter Bruem (1771-1.5.1840) som kom over fjellet fra Skjåk til Romsdalen. Gift 1810. Det er skrevet en bok om henne : 'Ragnhilds Ætt' av Odd Meringdal. Han har fulgt etterkommerne til Elling og Ragnhild fram til ca 1990. Boka utkom i 1995. Har du mere informasjon om Elling og hans slekt bakover i Hafslo, Luster i Sogn, så er jeg mer enn interessert i det.Også hva han gjorde som haugianer. Er det haugianerne som er ditt tema? Dette var jo ikke noe til hjelp for deg, snarere jeg som ber om hjelp. (Veit ikke om man kan bruke webdebatt på denne måten?) mvh Thorbjørn Meringdal

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar Thorbjørn for innlegg!Eg er bygdebokforfattar for Luster kommune, og difor er eg interessert i lagnaden til dei mange haugianarane som flytte frå Luster og slo seg ned andre stader i landet, særleg i Romsdalen. Kva dei ulike hauginarane gjorde som haugianarar, veit eg diverre mindre om, men eg kan fortelja at den haugianske ånden framleis lever i Luster den dag i dag!Når det gjeld ætti til Elling Asbjørnson, er det eit heller omfattande kapittel. Foreldri var Asbjørn Jacobson Opheim (1712-1786) og andra kona Gjertrud Andersdotter Josvanger (1740-1820). Elling var yngst av elleve søsken, og eg ættar sjølv ned frå tre av dei eldre søskeni hans. Det vil føra for langt å gå i detalj om denne store ætti her, men om du har tolmot til å venta endå eit år, so reknar eg med at det bandet av bygdebokserien som omhandlar mellom anna Opheim, ikkje skal vera so langt unna (band VI).Forresten so lurar eg på: Eg manglar nokre detaljar om huslyden til Elling Asbjørnson. Kanskje du kan hjelpa meg der?* Ragnhild Syversdotter var fødd i Skjåk kring 1774 - har du nøyaktig fødsels- eller dåpsdato for ho?* Har du fleire detaljar kring bryllaupet til Ragnhild Syversdotter med første mannen Peder Olson, d.v.s. vigselsdato og fødsels-/dåpsdato og døds-/gravferdsdato for Peder Olson? Og kven var foreldri til Peder Olson?* Marit Ellingsdotter døydde på Slettom i Lesja i 1894 - har du nøyaktig dødsdato for ho?* Sivert Johannesson, mann til Marit, døydde på Slettom i Lesja i 1880 - nøyaktig dødsdato?* Johannes Larsson, mann til Gjertrud Ellingsdotter, var fødd i Lien i Lesja i 1814 - nøyaktig fødsels- eller dåpsdato?Eg takkar so mykje på førehand for eventuelle detaljar du kan skaffa meg.Elles er eg framleis interessert i fleire opplysningar om borni til Lars Knutson på Kylling i Grytten...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har oppdaga at Anna Larsdotter Kylling døydde på Dale i Grytten i 1856, MEN eg saknar framleis opplysningar om lagnaden til yngste søster hennar:* Margretha Larsdotter Kylling, fødd i Grytten 1.6.1813. Ho flytte som nemnt til Ormeim i 1833, men eg kan ikkje finna ho i FT1865 eller i lokale vigselsprotokollar.Er det nokon som har råka borti denne haugianarjenta? Kanskje døydde ho ugift ein eller annan stad i Romsdalen?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.