Gå til innhold
Arkivverket

[#13622] Torbjørn Paulson (Quam) f. Hafslo 1813 - til Bøgevoll i Hosanger - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Torbjørn Paulson, fødd på Kvam i Hafslo (Luster) og døypt 24.4.1813, flytte i 1848 til Bergen, men gifte seg i Hosanger 4.6.1848 med Gjertrud Johannesdotter, fødd i Hamre kring 1826. Sovidt eg har forstått, busette parfolket seg på Bøgevoll i Hosanger, men lagnaden deira etter 1865 er førebels ukjend. Eg kjenner til fire born:a. Anna Dorthea Torbjørnsdotter, fødd i Hosanger 17.5.1848, døydde visstnok same året(?)b. Johanna Andrine Torbjørnsdotter, fødd i Hosanger 22.3.1850, tente i 1865 på Tveterås i Lindås, men er elles ukjendc. Peder Torbjørnson, fødd i Hosanger 2.4.1855, utvandra i 1892 frå Bergen som gift fyrbøtar til Amerika og vart då kalla Bøgevold, men elles er lagnaden hans ukjendd. Ragnhild Torbjørnsdotter, fødd i Hosanger 7.3.1865, ukjendEr det nokon med kunnskap om ætter i Hosanger som har vore borti denne huslyden og som kan hjelpa meg med fleire opplysningar?Eg takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Ludvig Kvamme

I 1900-tellingen for Alversund bor Gjertrud Johannesdatter på Plassen 'Hauane' under Bøkevoll sammen med sin datter Ragnhild. Broren til Gjertrud, Nils er føderådsmann på gården Bøkevoll. Gjertrud og Nils var barn av Johannes Nilsen 1796-1849 og Brytteva Larsdatter Gullbrå 1790-1861. Opplysninger om gården Bøkevoll mener jeg å ha hentet fra Alenfit-boken. Der står også at Torbjørn dør i 1880 på Bøkevoll. Datteren Ragnhild dør 1919. Vet ikke når Gjertrud dør. Men det er sikkert noen som kan skaffe flere opplysninger fra Alenfit-boken.Mvh. Johan Ludvig

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Tertnes

Hei! I bygdebok for Alenfit II for Seim sokn i Lindås er overnevnte familie nevnt:Torbjørn Paulson født 1813, død 1880, fra Kvamme i Hafslo i Sogn, var plassmann uten jord på Bøkevoll under br.nr. 1. Gift 1848 med Gjertrud Johannesdtr. Bøkevoll f.1825, død 1909, datter av Johannes Nilsson som var nr.13 på brnr.1, Bøkevoll. 4 barn: Anna Dorthea f+d 1848 Johanna Andrine f. 1850 ikke bosatt hos foreldre i 1865. Peder født 1855, var løsarbeider og reiste til USA i 1892 Ragnhild f. 1865 død 1919.Jan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Johan og Jan for nyttige opplysningar.Eg er forundra over at bygdebokskrivaren ikkje har undersøkt eventuelle skifte eller dødsmeldingar (etter Gjertrud 1909 og Ragnhild 1919) for å finna ut kvar det vart av Johanna og Peder, men no vonar eg på hjelp til å undersøka dei kjeldene...?Nok ein gong, hjarteleg takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Terje Hatvik

Lars:I FT 1900 på Nordre Mjelstad i Hamre (Hammer) fann eg følgjande person som tenar for ugift gardbrukar Ole Johannesen, f. 1849:1573/ / Johanna/Torbjørnsdttr./k/b/tj/ug/- Tjenestepige/1850/Seim SB/n/sDette må då vera den Johanna (Andrine) Torbjørnsdtr. som du søkjer? Eg finn i alle høve ikkje fleire Johanna med nett dét patronymet fødd 1850 i Seim SB enn ho her.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Eg veit ikkje om du allereie har funne ut av dette sjølv Lars, men her er i alle høve dødsfallet til Johanna Torbjørnsdtr. Bøkevoll frå Seim. Ho døyr 29. juni 1921 på Mjelstad i Hamre; der ho òg budde/tente i FT for 1900:Databasen 'Døde i Hamre sokn 1852 - 1968':2627/10/2906/0707/ugift kårkvinne/Johanna Andrina/Torbjørnsdtr. Bøkevoll/1849 22/3// Mjelstad/1921/HamreOg då er vel den biten på plass?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Terje, for interessante opplysningar om Johanna Torbjørnsdotter og lagnaden hennar. Eg seier meg lei for seint svar, men eg har vore i utlandet dei siste fem vekene og utanfor rekkevidde for Internet!Framleis manglar fleire detaljar, og særleg spekulerar eg på kvar det vart av broren Peder i Amerika. Eg vil tru at dødsmeldingane eller eventuelt skifti etter mori Gjertrud (1909), søsteri Ragnhild (1919) eller søsteri Johanna (1921) kan hjelpa oss med eit svar? Er det nokon som har tilgjenge til desse kjeldene og kan hjelpa meg vidare?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.