Gå til innhold
Arkivverket

[#13623] Ole Paulson (Quam), f. Hafslo 1823 - til Bodø og Tromsø og ??Amerika?? - lagnad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Paulson, fødd på Kvam i Hafslo (Luster) 21.2.1823, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Bodø 3.1.1850 med Henrikka Oline Larsdotter frå Tromsø, fødd kring 1824. Dei budde ei tid i Bodø, men flytte derifrå til Tromsø. So fekk dei ein son som vart døypt i heimbygdi hans Hafslo i 1857 før dei forsvinn. Kjende born er:a. Johanna Lorentze Olsen, fødd i Bodø 7.10.1849b. Paul Christian Olsen, tvilling, døypt i Tromsø 21.3.1852c. Peter Fredrik Olsen, likeins tvilling og døypt i Tromsø 21.3.1852d. Henrik Olai Olsen, døypt i Tromsø 10.12.1854e. Adolph Bernhard Olsen, fødd 12.6.1857, døypt i Hafslo 5.7.1857Eg har ikkje vore i stand til å finna spor etter denne huslyden i 1865 og mistenker dei for å vera farne til Amerika. Eller er det nokon der ute som kan hjelpa meg på veg til å finna att desse folki?Eg er forresten òg interessert i nøyaktige fødselsdatoar for det tre borni som var fødde i Tromsø og kva yrke faren då har oppgjeve?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få blåsa lite vetta støv av denne saki som har lege heilt uløyst fram til i dag. Med dei skanna kyrkjebøkene for Tromsø har eg no funne fødselsdatoane til tvillingane frå 1852, Paul Christian og Peter Fredrik: 29.2.1852, medan sonen frå 1854, Henrik Olai, var fødd 28.7.1854. Mori Henrikke Oleana Larsdotter Berg var fødd i Tromsø 19.2.1824.Eg ser ikkje noko til desse folki i FT1865 for Noreg, men ein kikk på FT1870 for 11th Wd, Chicago, IL finn eg denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Paulson, Ole 49 Nor day laborerPaulson, Henriette 46 Nor keeps housePaulson, Paul 19 Nor day laborerPaulson, Henry 16 Nor paper ballerPaulson, Adolph 13 Nor paper ballerPaulson, Andrew 7 ILPaulson, Christine 2 IL~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Men so oppstår eit nytt problem; eg finn dei ikkje att i seinare folketeljingar eller andre kjelder for Chicago, IL, so no undrar eg på om andre har betre auge enn eg og kan ta ein titt etter desse folki?Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Roger Thauland

I could use some help in resolving my sortof wild guess about a Ole O Paulson of Polk county, MN, Badger township, and the small community of Fisher. This is considered part of the Grand Forks, ND metro area. I do not see him in the MN death index, might have passed elsewhere, of course. Had 8 kids(living) with Gunhild(went by Julia). She was born Norway on Oct 30, 1858 to Gunther Aanonsen(?) and Toraand(?) Boe/boc. Hard to read the dc, she dies jan 6, 1914 at Erskine(Ole now also at Eskine-staying with a daughter) and is buried at Fisher, and my scanner is kaput. So what you think: vell..per the 1900 Ole was born july 1854 and to usa 1860 and so my wild butt guess is that this might be Henrik Ol..? This Ole has a son who has a ww1 record which suggests he lives in 1918. What do you think? Regards, Roger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.