Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#13632] Nils Carl Paulson (Quam), f. Hafslo 1827 - til Klipen (Apenes) Buksnes - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Nils Carl Paulson (Quam), fødd i Hafslo (Luster) 3.8.1827, flytte i 1858 til Lofoten, og me finn han att i Buksnes der han 31.10.1860 gifte seg med enkja Karen Sophie Pedersdotter, fødd på Næg i Buksnes kring 1825. Ho hadde før vore gift med ein annan Nils, som eg ikkje veit kven var, og hadde ein son Nils Nilsson, fødd i Buksnes 1851; han vart visstnok husmann og fiskar på Haugen i Buksnes (jamfør 1900).Nils Paulson, som i 1865 heiter Paulsen, i 1875 heiter Quam og i 1900 heiter Kvam, busette seg på Klipen (Apenes) i Buksnes der både han og Karen framleis levde i 1900. Dødsdatoane deira er ukjende.Dei fekk visstnok fire born i lag:a. Nikolai Nilsen, fødd i Buksnes 1861, gifte seg med ei Ingeborg Johansdotter, fødd i Buksnes 1862. I 1900 var Nikolai fiskar og busett med kona og åtte born i lag med foreldri hans på Klipen (Apenes) i Buksnes. Borni var: Charlotte Nilsen (1883), Inga Nilsen (1885), Oskar Nilsen (1888), Hilberg Nilsen (1890), Ingvald Nilsen (1892), Arnt Nilsen (1894), Alsing Nilsen (1897) og Signe Nilsen (28.3.1900). Seinare lagnad til Nikolai er ukjend.b. Paul Nilsen, fødd i Buksnes 1863, levde i 1875, men er elles ukjend.c. Kaja Nilsen, fødd i Buksnes 1865, levde òg i 1875, men er elles ukjend.d. Lise Nilsen, fødd i Buksnes 1867, levde likeins i 1875, men er òg ukjend.Kan nokon hjelpa meg med fleire opplysningar om denne huslyden, særleg om lagnaden til Nils og Karen og kvar det vart av dei tre yngste borni, Paul, Kaja og Lise?Eg er likeins interessert i nøyaktige fødselsdatoar for både Karen og dei fire borni!På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Dette er eit spørsmål som eg no gjerne vil blåsa litt støv av. Etter at kytrkjebøkene for Buksnes, dei som finst, no er skanna og ligg ute, har eg funna fleire manglande detaljopplysningar, men diverre stoggar bøkene for Hol sokn alt i 1899, so dødsfall manglar. Og dei eldre bøkene er mangelfulle...Her følgjer eit oversyn over denne ætti, slik eg kjenner ho pr. i dag (spørsmål er ''innfletta'':~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Nils Carl Paulsen (Quam), fødd i Hafslo 3.8.1827, flytte i 1858 til Lofoten, og me finn han att i Buksnes der han 31.10.1860 gifte seg med enkja Karen Sophie Pedersdotter, opphavleg frå Kraglien i Buksnes. Ho var dotter av husmann¤¤¤¤¤ (sjekka om han var husmann!?)Peder Johannesson på Kraglien, opphavleg fr?¤¤¤ (opphavet hans?)og kona¤¤¤¤¤ (namnet hennar med opphav?)og fødd i Buksnes kring 1824. Karen gifte seg første gongen i Buksnes 28.9.1849 med Nils Peter Graa Andersen frå Himmelstein i Buksnes. Han var son av¤¤¤¤¤ (gardbrukar eller kva??)Anders Nilsson på Himmelstein, opphavleg fr?¤¤¤ (opphavet hans?)og kona¤¤¤¤¤ (namnet hennar med opphav?)og fødd i Buksnes kring 1818. Nils Peter var fiskar, og han og Karen budde som plassfolk på Kraglien i Buksnes, men Nils Peter sette livet til på sjøen 16.4.1857. Ogso Nils Paulsen var fiskar, og han og Karen busette seg som husmannsfolk på Klippen under Apnes i Buksnes. Nils døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)medan Karen døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Nils og Karen fekk fire born i lag, men Karen hadde òg ein son frå første ekteskapet, som me kan nemna:a. Nils Andreas Blix Nilsen, son av Karen og første mannen Nils Petter, var fødd i Buksnes 26.2.1851, døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Nils gifte seg i Buksnes 6.7.1874 med Maren Johanna Christine Pedersdotter, fødd på Apnes i Buksnes 2.4.1847. Ho døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1875: husmann m.j., skomakar og fiskar på Finstadfjell i Buksnes – 1900: husmann og fiskar på Haugen i Buksnes!)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – inkl.:* Amandus Nlsen, f. Buksnes 1874 – n. 1875* Josefine Nilsen, f. Buksnes 1879 – n. 1900* Peter Nilsen, f. Buksnes 1883 – n. 1900* Otilius Nilsen, f. Buksnes 1887 – n. 1900)b. Nicolai Andreas Rohde Nilsen, fødd i Buksnes 20.1.1861, døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Nicolai gifte seg i Buksnes 4.11.1883 med Ingeborg Sofie Johansdotter frå Hol i Buksnes, fødd i Buksnes 23.5.1862. Ho døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Nicolai var fiskar, og han og Ingeborg tok over barndomsheimen hans som plassfolk på Klippen under Apnes i Buksnes der dei budde levetidi ut.¤¤¤¤¤ (stemmer dette? – dei budde der i 1900, men kva sidan...?)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 syner:* Charlotte Nilsen, f. Buksnes 1883* Inga Nilsen, f. Buksnes 1885* Oskar Nilsen, f. Buksnes 1888* Hilberg Nilsen, f. Buksnes 1890* Ingvald Nilsen, f. Buksnes 1892* Arnt Nilsen, f. Buksnes 1894* Alsing Nilsen, f. Buksnes 1897* Signe Nilsen, f. Buksnes 28.3.1900)c. Paul Jørginius Quam Nilsen, fødd i Buksnes 28.2.1863,¤¤¤¤¤ (konf. 1879 – lagnaden hans?)d. Kaja Sophie Nilsen, fødd i Buksnes 27.3.1865, døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900!)Ho gifte seg i Buksnes 25.11.1888 med Johan Julius Johnsen frå Hartvåg i Buksnes, fødd i Buksnes 26.1.1867. Han døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1888: fiskar Apnes! – 1900: fiskar på Tahaugen i Buksnes)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 syner:* Paula Johansen, f. Buksnes 1887* Adolf Johansen, f. Buksnes 1889* Hagbart Johansen, f. Buksnes 1891* Karen Johansen, f. Buksnes 1893* Magda Johansen, f. Buksnes 1896* Ragna Johansen, f. Buksnes 1898* Ragnvald Johansen, f. Buksnes 31.11.1899!)e. Lisa Petrine Nilsen, fødd i Buksnes 8.11.1867,¤¤¤¤¤ (konf. 1883 – lagnaden hennar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Særleg er eg oppteken av å finna dødsfalli til både foreldri og borni med ektemakar, samt å finna lagnadane til borni Paul og Lisa.Er det nokon som dreg kjensel på denne huslyden og som kan hjelpa meg vidare? Det ser ut til at dei har mange etterkomarar...!Eg takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alvin Andreassen

Lars! Er Nils Kvam bror av Ole Kvam innlegg 13623, og hvilken relasjon har de til Peder Eriksen Kvam innlegg 12991. Til Tromsø kom det i siste halvdel av 1800-tallet Kvam (Quam) folk, men de ser ut til å ha kommet fra Nord-Trøndelag.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Eg takkar Alvin for innlegg.Jau, Nils og Ole er brør, og dei kjem frå Kvam nedre i Hafslo, medan Peder Erikson kjem frå Kvam øvre i Hafslo og høyrer til ei heilt anna ætt. Me har mange Kvam-ætter frå Hafslo som ikkje er nært i slekt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.