Gå til innhold
Arkivverket

[#13685] Kor vart det av Nils Jonsen og Gunhild Mikkelsdtr. frå Voss/Vinje


Gjest Bjørn Davidsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Davidsen

Fyrst av alt takk til Renate Waagenes for den utvida basen over døypte i Voss. Den gav meg napp i ein kar eg lenge har leita etter opphavet til: Jon Nilsen (i Undersøkelseskomm. for Bergen 1804-05 oppgav han å vere frå Voss og 56 år gamal).Det er truleg han eg no har funne fødd på Grindeland i Vinje sokn 1749 av foreldre Nils Jonsen og Gunhild Mikkelsdotter. Nils var frå Hefte i Voss, Gunhild frå Grindeland. Så langt er det greit.Nils og Gunhild var husmannsfolk mange stader. Dei fekk i følgje bygdeboka for Vinje/Opheim fire born der på fire forskjellige stader: Grindeland, Sundve, Opheim og Kvasdalen. Borna var: Jon (1749), Ingeri (1752), Mikkel (1755) og Eiliv (1758).Dersom Jon er min Jon, dukkar han neste gong opp på Solheim i Årstad midt på 1780-talet og vert gift med Johanne (skreiv seg òg An(n)e og An(n)e Johanne) Lassesdtr. Hennar slekt held eg styr på.Problemet er at det berre er Mikkel av dei fire borna ein kan følgje i Voss. Han vert etter det eg minnest konfirmert kring 1772 frå Bygd, vert gift og sit på Grindeland i 1801. Dei andre ser ikkje ut til å vere korkje konfirmerte eller vigde i Voss. (Jon gjev opp i 1801 at både han og kona er i 2. ekteskap, medan han står innført som ungkar då dei gifter seg i Årstad/Bergen).Heller ikkje foreldra ser ein meire til i Voss etter 1758.I 1801 finn eg ein 46 år gamal Eiliv Nilsson i Luster. Han er den einaste i 1801 som eg har funne som kan vere han frå Voss. Men eg har diverre ikkje tilgang til meire tilfang derifrå.Grunnen til at eg trur den nemnde Jon kan vere min Jon, er at han sjølv gav opp å vere frå Voss (i 1804-05), at han namngav eldste dottera Gunnhild (Regine) og yngste Inger (Johanne).Er der ein eller annan som kan hjelpe meg vidare med desse folka? Det hadde vore morosamt å kome vidare - for eg er ikkje åleine om å leite etter opphavet til Jon Nilsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Grindeland ligger i Oppheim sokn, ikke i Vinje.Jeg ville sett etter skifter etter Nils og Gunhild, pluss barna, i tilfelle noen av dem dør barnløse, og ikke minst skifter etter barnløse søsken eller barn av søsken.Gunnhild har mange søsken. En bror er Hermund Mikkelson Vetletun (1728 - 1763). Kun ett av hans barn vokser opp, men dør barnløs, nemlig Botolv Hermundson Vetletun (1756 - 1815). Finner du skifte etter Botolv, har du også fasit. Vetletun ligger under gården Vinje.En annen bror er Torgjer Mikkelson Hest (1733 - 1759) som også døde barnløs. Et eventuelt skifte etter ham trenger ikke gi særlig ny informasjon siden han dør så pass tidlig.Jeg ville også sett litt i Aurland og Lærdal, siden Gunnhilds søster Dordei (1724 - ), g m Johannes Henrikson Hemre, flyttet dit. Kanskje andre havnet på de kanter også?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eilif Røen

Hei Bjørn.Det er vel overveiende sannsynlig at det er den rette Jon Nilsen du har funnet,særlig med hensyn til oppkallingen av døtrene Gunnhild Regine og Inger Johanne (hun var vel nest yngst)I ft 1801 blir vel Jon oppgitt å være 58 år.Jon Nilsen Mæstad døpt 1742 kan jo utelukkes,da han dør tidlig og Jon Nilsen Jørnevik døpt 1744 dør samme år.Da er det vel ikke flere kandidater?Foreldre til Gunhilder vel da Mikkel Olsen Grindeland og Ingeri Hermundsdtr Løn g.1716. Har du funnet foreldrene til Nils Jonsen Hefte?Jeg følger spent med på denne.Mvh.Eilif Røen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, eg trur vi har rette Jon her, men det hadde vore greit å finne ein meir handfast lenke, eller t.d. kor det vart av foreldra. Eg leita mykje i går, men fann dei ikkje. Godt du held eit auge med dette, slik at du òg er oppdatert.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Det var ei viss flytting frå Vossestrondi til Sogn på 1700-talet, mellom anna til Luster, men gardbrukar Ellef Nilsson i Skår i Luster (1754-1820) er diverre ikkje mellom dei. Han var barnfødd i Skår og tok over heimebruket etter foreldri sine.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Takk for den opplysninga. Då er nok 'vår' Eiliv død før 1801, men kor? Eg får leite vidare, for eg har ein mistanke om at foreldra var i nærleiken.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Eilif Røen

Det var vel en ganske stor utflytting fra Vossebygdene til Nordhordaland i andre halvdel av 1700-tallet,så det kan vel kanskje tenkes at denne familien dro dit.Har imidlertid ikke funnet noe spor etter dem i kildene som ligger her på DA.Når det gjelder Nils Jonsen Hefte finner jeg intet om ham i Kindems bok under Hefte.Derimot er der en Nils f.1724 på Gjøastein med foreldre Jon Steffason og Kari Eilevsdtr.En bror Eilev dør 1744.Mulige foreldre til Nils ?Mvh.Eilif Røen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Gjøastein og Hefte er jo nesten nabogarder, så dette høyres rimeleg ut. Han kan jo ha vore i teneste på Hefte då han gifte seg. Men kor det var av dei, er framleis det store spørsmålet. Eg òg har leita, m.a. i Nordhordland, utan å finne dei. Men der er enno mange kyrkjebøker som ikkje er registrerte, så vi får ta tida til hjelp. Ein dag får vi kan hende napp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.