Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#13711] Ole Pederson, f. i Luster 1807 - omstreifar, busett Erdal, Askøy, huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Pederson, døypt i Luster 7.6.1807, fór alt i ung alder på fantestien med foreldri sine, men gifte seg i Strusshamn, Askøy 26.12.1827 med Karen Simonie Rasmusdotter, fødd av omreisande foreldre i Grytten i Romsdalen 30.3.1813. Ole var kopparsmed, og huslyden hadde tilhald mellom streifarane på Erdal, Askøy der Ole døydde 21.8.1848. Karen gifte seg 3.6.1855 att på Askøy med enkjemannen Samuel Jacob Olson, som skal vera fødd på Slettehaug i Førde(?)kring 1823. I 1865 budde dette parfolket på Vispenes, Strusshamn, Askøy, men Samuel døydde på Skålevik på Askøy 1.6.1874. Kvar det sidan vart av Karen, veit eg ikkje. Eilert Sundt har ikkje stort å fortelja om desse folki heller!Ole og Karen fekk i alle fall desse borni, men dei kan godt ha hatt fleire...(?):~~~~~~~~~~a. Johanna Marie Petrine Olsdotter, fødd på Askøy 25.10.1828, vart gift første gongen med ????. Ho gifte seg att som enkje på Askøy 28.5.1855 med Nils Fredrik Fredrikson Skarholm, fødd i Avaldsnes kring 1832. Han var rimelegvis òg av streifarætt, men lagnaden deira er ukjend. Me finn likevel fire born døypte på Askøy:* Fredrikke Petrikke Amalia Nilsen, døypt Askøy 7.2.1855* Fredrik Olai Nilsen, døypt Askøy 6.9.1857 – var kan henda busett i Bergen i 1900 som blekkslagar?* Karen Samelie Nilsen, døypt Askøy 1.4.1860* Jonas Berntin Nilsen, døypt Askøy 18.5.1873~~~~~~~~~~b. Anna Serine Olsdotter, fødd på Askøy 1.2.1832, døydde på Erdal, Askøy 31.12.1848.~~~~~~~~~~c. Peter Olai Olson, fødd i Selje i Nordfjord 30.7.1834, ukjend lagnad.~~~~~~~~~~d. Caroline Olsdotter, fødd på Askøy 4.8.1835, er truleg idenmtisk med Olina Olsdotter, 28 år, som i 1865 budde hjå mori og stefaren på Askøy, men seinare lagnad er ukjend.~~~~~~~~~~e. Maria Cathrine Olsdotter, fødd i Selje i Nordfjord 7.10.1838, var i 1865 straffange på Bergen tukthus - då omtalt som “omstripperske” Marie Olsdotter Erdahl, seinare lagnad ukjend.~~~~~~~~~~f. Monsina Olsdotter, fødd på Askøy 29.7.1841, var i 1865 likeins straffange på Bergen tukthus - då omtalt som “omstripperske” Monsina Olsdotter Erdahl, seinare lagnad likeins ukjend.~~~~~~~~~~I tillegg finn eg ein Rasmus Olson, som døydde på Florvåg, Askøy 14.12.1827, 1¾ år gamal. Eg vil tru han kanskje òg høyrer til her!?Trass i utstrakt leiting har eg so langt ikkje vore i stand til å finna fleire opplysningar om denne streifarætti, so om nokon kan hjelpa meg, ville eg setja stor pris på det!* Kvar vart det av Karen Simonie Rasmusdotter?* Kvar vart det av borni hennar?På førehand hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Rasmus Olsen var fødd i Florvåg 2601 1826 av foreldra leilending Ole Nilsen og Synneve Johannesdtr. Veit førebels ikkje kor dei kom ifrå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til Bjørn for den opplysningi. Då kan me eliminera Rasmus i barneflokken til Ole og Karen!Er konfirmantane for Askøy databaseregistrerte for midten av 1800-talet? I so fall kan kanskje dei fortelja oss noko om andre søsken?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg fekk ein gong ein privatregistrert base med konfirmantar i Askøy for nokre år kring 1860-70 +/-, trur eg det var. Men den har eg heime og ikkje tilgjengeleg før i kveld. Då skal eg sjå etter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Desse fire konfirmantane fann eg (førebels) som kan knyttast til dei nemnde personane:18671013 Strudshavn J 18 Anne Serenne Elinsdtr Skaalevig 18520110 Erdal Ungkarl Elias Olsen Sk??? Pige Johanne Marie Petrine Olsdtr Erdal 3,0 Godt18700911 Strudshavn J 20 Fredrikke Petrine Amalie Nilsdtr Mindestrøm 18550127 Skarholm Ungkarl Omstreifer Nils Fredrik Fredriksen Skarholm Enke Johanne Petrine Olsdtr 4,0 temmelig godt18770805 Strudshamn G 15 Fredrik Olai Nilsen +???? 18620818 Skaalevig InderstB?Omstreifer Nils F. Nilssen Hstr Pedrine Johanne Marie Olsdtr god Kundskab, Ret godt Forhold18751003 Strudshamn P 26 Karen Samelia? Nilsdtr 18600220 ?under Strudshavn Inderst Omstrefer Nils Fredrik Fridriksen Hstr Johanne Marie Pelrine? Olsdtr Taalelig god Kundskab og god Flid og Neppe Meget god Oppførsel

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Og her er noko frå registeret mitt (henta frå kyrkjebøkene) som burde vere av interesse:Dette er truleg fyrste ekteskapet hennar (men ho har fyrste bornet med han lenge før):AS1792,0,Elias,Olsen,Erdahl,Uk,Førde/Slettehoug,32,Pige,Petrine,Olsdtr.,Erdahl,Erdahl,22 1/2,,,2404,1852AS1792,1,Elias,Olsen,Slettehoug i Førde-E,,,,,Johanne Marie Petrine Olsdtr,,,,Ungkarl Soldat,Oliver Johan,2311,0312,1848AS1792,2,Elias,Olsen,Erdahl,,,,,Johanne Marie Petrine Olsdtr,,,,,Ane Serene,1001,1801,1852 (Dette er nok den fyrste av dei konfirmerte)Men så:ASM,,Elias,Olsen,Hop,,,,,Elen Johanne Ole-Pedersdtr,,,,Inderst Arbeidsmand,Johanne Oleanne,1902,0504,1874 !!!Fann ho seg han Nils Fredrik for ein periode, for så å vende attende til Elias?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Svaret på det siste er: Nei. Elias Olsen døydde på Skiftesvik 3110 1853 33 1/2 år gamal, f. Sletthoug i Førde. Kven den siste Elias var, veit eg ikkje. Elen Johanne kan jo òg vere ei anna dotter av Ole Pedersen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Bjørn, for mange interessante detaljar.No ser eg at Johanne Marie Petrine var gift første gongen med Elias Cornelius Olson, ein bror av stefaren Samuel Jacob Olson. Samuel Jacob og Elias Cornelius var komne frå Slettehaug i Naustdal, Førde, men far deira var flytt dit frå Kvassheim i Egersund, so dette var folk 'på flyttefot'!På FamilySearch finn eg fleire born etter Nils Fredrikson og Petrine (som ho truleg må ha kalla seg til dagleg!):* Fredrik Olai Nilsson, døypt Askøy 26.10.1862 (dette var nok blekkslagaren i Bergen 1900!)* Maren Marie Nilsdotter, døypt Askøy 2.4.1865* Anna Christine Nilsdotter, døypt Askøy 4.8.1867* Peder Andreas Nilsson, døypt Askøy 31.7.1870So då får me fyllt 'hòlet' mellom Karen (1860) og Jonas (1873), og no finn eg òg huslyden i 1865 busett på Skålevik!Men kvar vart det av Nils Fredrikson og Petrine? Ein so stor huslyd kan vel ikkje berre 'forsvinna' sporlaust!?Og framleis saknar me dei andre søskeni...!?Eg finn forresten ein annan 'mistenkeleg' person som KAN ha tilknytting til denne huslyden:Aksel Nicolai Olson Erdahl, skomakarsvein frå Askøy, og kona Ingeborg Johannessen fekk desse borni i Bergen:* Hjalmar Olai, fødd (Johanneskyrkja) 12.5.1898* Johan Arnold, fødd (Sandvikskyrkja) 4.4.1904* Oskar Bernhard, fødd (Sandvikskyrkja) 27.11.1906Takkar nok ein gong for all hjelp med denne spennande huslyden!PS: Ole Pederson (1807-1848) var forresten son av 'Gryte-Per' og ein bror av Maria Pedersdotter som ei tid streifa med vevskeibindar Jacob Pederson Liseth (sjå tema 9693)!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Korleis veit du at Aksel Nikolai Olsen Erdal hadde tilknyting til Askøy? Står det nokon stad? Gardsnamnet Erdal finst nemleg mange andre plassar òg kring Bergen, m.a. i Fana. Så vidt eg kan sjå, var han fødd 1861. Men eg finn ingen god kandidat på Vestlandet i 1865-teljinga.Ein annan ting når eg først skriv til deg:Har du vore borti ein Jacob Jacobsen og ei Valborg Andersdotter. Dei får ein son Peer i Engevik på Askøy 1814. Denne Peer døyr 42 år gamal i Skiftesvik som uk. Men eg har òg ein Jacob som skal vere fødd i Marikoven omlag 1822 av far Jakob Jakobsen utan at eg finn han døypt i Askøy. Eg finn ingen Valborg A. død i Askøy. Derimot finn eg ein Jacob Jacobsen død på Nordre Hetlevik i 1844, 58 år gamal. Han er fødd på Nygaard i Fana som son av Jacob Crispinussen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg Bjørn for nytt innlegg.Folketeljingi for Bergen 1912 (Bakersmuget 6) syner:~~~~~~~~~~Aksel Nikolai Erdahl, fødd Askøen 16.6.1861, innflytt 1877, skomakarIngeborg Erdahl, fødd Masfjorden 11.9.1868, innflytt 1894Anna Marie Erdahl, fødd Bergen 7.7.1895Hjalmar Olai Erdahl, fødd Bergen 12.5.1898Johan Arnold Erdahl, fødd Bergen 4.4.1904Oskar Bernhard Erdahl, fødd Bergen 27.11.1906~~~~~~~~~~Når det gjeld Valborg Andersdotter, er ogso det ei gamal 'kjenning'. Ho var mor til 'Valborg-Anders', Anders Thorson Florvaag (1808-1890), som streifa ilag med Anna Malene Nilsdotter, som skal ha bakgrunn frå Hafslo, men som eg ikkje enno har greidd å identifisera. Denne huslyden er diskutert under tema 10451 der det ogso kjem fram at Valborg Andersdotter sidan slo seg i lag med ein Tollef Johnson...Anna Malena Nilsdotter skulle vel aldri ha vore innom Askøy for konfirmasjon?? Ho var fødd kring 1817 og var framleis ukonfirmert då eldste barnet hennar, Valivan Andreas Lindquist, vart fødd i Ølen 21.10.1835!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Ikkje rart eg ikkje fann han; han var ikkje døypt Aksel Nikolai, men Askild Nikolai. Foreldra var Ole Larsen og Marie Askildsdotter frå Hosanger (og truleg gift der). Du finn familien i 1865 på plassen Storskaret v/Erdal på Askøy.Elles takk for opplysningane om Valborg. Eg skal sjå nærare på det seinare.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Jeg vet ikke om du har interesse av det, Lars, men i Bergens Adressebok 1932 - 33 finner jeg følgende bosatt i Sandvikens Torvgate nr. 11:Hjalmar O. Erdahl.Ingeborg Erdahl, enkefru.Johan A. Erdahl, motormann.Oscar B. Erdahl, kontrollør.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

Hei LarsDu spør i innlegg 8 hvor familien til Johanne og Nils Fredrik ble av. Jeg har prøvd å spore de opp og har til nå funnet følgende:1865 folketellingen er de i Skaalevik, Fjeld: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61247&gardpostnr=179&personpostnr=3576#nedre>LenkeI 1875 er de på Askøy: Lenke Her vel muligens ekteskapet mellom Elias Cornelius og Johanne Marie Petrine: Lenke Er dette Fredrik Olai Nilsen sønn av Nils Fredrik og Johanne Marie som her blir gift i Askøy?: LenkeHer finner jeg Maren Marie, Peder Andreas og Johanne Marie Petrine allerede enke i 1891 folketellingen for Bergen: LenkeOg i 1900 folketellingen for Bergen finner vi Fredrik Olai Nilsen som ble gift med Severine: LenkeDette er vel Peder Andreas som vi finner som blikkenslager i Bergen i 1900 gift med Josefine Katrine Nilsen, samt hans mor Johanne Marie Petrine, nå som enke: LenkeOg her finner vi vel Johanne Marie Petrine død i 1907 i Bergen: LenkeHer er vielsen til Peder Andreas med Josefine i 1890 BB: LenkeOg her har vi Karen Samelie som gifter seg i Bergen med Adolf Rikard Hansen fra Hadsel: LenkeHer er Karen Samelie Nilsdatter i Hadsel, Nordland i 1900 folketellingen:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solfrid Vestaberg Ormøy

hmm, ser nå at noen av linkene ikke fungerer, skal se om jeg rekker å få rettet dem opp før kvelden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Öyane

Hjarteleg takk til Solfrid for nye interessante innlegg.Dette maa eg studera litt närare, men kanskje lyt det venta til eg kjem heimatt til Noreg seinare i januar.Med venleg helsing,Lars E. Öyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne få ta opp att dette interessante emnet som du Solfrid supplerte so mange fine opplysningar om sist januar!Eg er svært nøgd med opplysningane som då kom på plass om Johanna Marie Petrine, eldste dotteri til Ole Pederson. Den einaste detaljen som eigentleg manglar om Petrine og ektemakane hennar, er:* Dato og stad for dødsfallet til Nils Fredrik Fredriksen (eller Nilsen?)?Kanskje du, Solfrid, har funne dette i ettertid?Elles er me like ''blanke'' når det gjeld lagnadane til Karen Simonie Rasmusdotter, fødd i Grytten 1813, og dei fire yngste borni som ho fekk med Ole Pederson (sjå innlegg #1). Er det i det heile mogeleg å spora dei?Eg takkar nok ein gong for framifrå hjelp so langt og vonar på fleire gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Dei nemnde personane under Slettehaug / Førde, finn me i Naustdal Bygdebok I under Slettehaug: Bruk nr 1 og plassen Inste Slettene. Men i boka kjem det ikkje fram nye opplysningar i høve til denne debatten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Sæthre

Lars: I ditt innlegg nr 1 etterlyser du c: Peter Olai Olson. Kan det vere denne Lenke som er død i Bremanger berre 2 mnd gammal. Han er er oppgjeven med fødestad Irdal i Askøy - dette far far sin oppgjeven bustad når Peter vart fødd:Linken til detaljane fungerer ikkje:Fylkesarkivet - Sogn og Fjordane Post 1 av 1 Tilbake til lista Informasjon om Peter Olai Olss. Isdal/Askøen i kyrkjebøkene, Selje prestegjeldKorrektur: Ikkje lesen Slå opp meir informasjon om Peter Olai i: * Inn- og utflytte * Gravlagde * VigdeÅr 1834 Kyrkje Fødselsdato 30.7.1834 Dåpsdato .. Førenamn Peter Olai Etternamn Olss. Ekte (e) - uekte (u) e Far Ole Peders. Far's bustad Isdal/Askøen Far's yrke reisende skorstenbinder/kobbersmed Mor Karen Rasmusd. Mor's bustad Mor's yrke Merknad Helsing Jan Sæthre

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Harald Jarl og Jan for nye spennande innlegg.Det er nok ikkje stort å finna om etterkomarane til denne huslyden i Grytten, men det var godt å få på plass dødsdatoen til Peter Olai. Eg mistenkte han for å vera avliden i ung alder, og det stemte altso!Men kvar vart det so av dei andre søskeni i denne huslyden, (Car)Olina, Maria Cathrine og Monsina? Og Kanskje hadde dei fleire søsken?Eg vonar på fleire tips og takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Nina Berg

Fra mormonark.Foreldre Rasmus Simonsen Ysten og Johanne Marie Johnsdtr.Barn? Peter Christian dpt.30/7 1811 Selje.Songn og Fj....Karen Simonia f.30/3 dpt.2/4 1813 Grytten.....Johanne Maria dpt.3/4 1820 Talvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai S Gurrik Larsen

Jeg har følgende opplysninger (noe hentet fra Jacob Walnums register av 1897(?)):Barn av Ole Pedersen og Karen:1.Johanne Marie Petrine Olsdatter Erdal (25.10.1828-26.04.1907), gift med Elias Cornelius Olsen og Nils Fredrik fredriksen Viborg.2.Anna Serine Olsdatter Erdal (01.02.1832-31.12.1848).3.Peter Olai Olsen Erdal (30.07.1834-?).4.Maren Olsdatter Erdal (?-etter 1897).5.Caroline 'Olina' Olsdatter Erdal (04.08.1835-etter 1897). Caroline og Olina er oppført hver for seg i Jacob Walnums register. Gift med en 'Ole fisker'.6.Maria Cathrine Olsdatter Erdal (07.10.1838-?).7.Monsina Olsdatter Erdal (29.07.1841-etter 1897).Takk for all informasjonen dere finner, og legger ut her. Det kommer til nytte for mange!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Nina og Kai for interessante meldingar!Særleg interessant er lista over Ole og Karen Simonie sine born som du Kai presenterer. Denne Jacob Walnum må ha vore føre si tid med oppskriving av ættesamanhangar. Kven var han?Når det gjeld barneflokken på Erdal, so er dødsdatoen til Peter Olai komen til rette (sjå innlegg #19). Elles trur eg at Maren Olsdotter Erdal må vera identisk med Maria Cathrine Olsdotter Erdal; sistenemnde er då òg kalla berre Maria i FT1865, men Carolina og Olina truleg òg er identiske personar..., men kanskje ein gjennomgong av konfirmantlistene for Askøy for 1840- og 1850-åri kan stadfesta dette endeleg?Elles finn eg det overmåte interessant at dei tre søstrene, Carolina/Olina, Monsina og Maren/Maria Cathrine alle levde i 1897. Dette må då komma frå Jacob Walnum, men korleis skal me finna ut kvar dei vart av...?Dette er ein spennande huslyd, og det hadde vore svært so kjekt og fått desse folki ''på plass''!!Med venleg helsing og ønskje om Godt Nytt År!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kai S Gurrik Larsen

Jakob Bosted Suur Walnum (1851-ca.1920) var den som grunnla og var generalsekretær for Foreningen til modarbeidelse af omstreifervæsenet. Foreningen ble etter hukommelsen startet i 1897. Jakob Walnums datter Louise Walnum var expeditrice for bladet Fra landeveien, bladet som foreningen gav ut. Om jeg ikke husker helt feil så var Jakob Walnums bror Svend Borkmann Hersleb Walnum reisesekretær i foreningen.Walnum familien er interesant, stort sett var de alle provster, sogneprester eller så arbeidet de i foreningen (nevnt over)!Ønsker dere alle et riktig Godt Nyttår.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.