Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#14098] John Ingebrigtson Høgåsen, gift i Luster 1788, omstreifar,frå Melhus eller kvar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

John Ingebrigtson Høgåsen stod brudgom i Luster i Sogn 8.1.1788. Han gifte seg med Dorthe Marie Johannesdotter, dotter av omstreifar Johannes Pederson. Ho vart døypt i Hafslo (Luster) 21.12.1766. John og Dorthe var omstreifarar, men hadde vintertilhaldet sitt på plassen Slottet(!) under garden Skildeim i Luster. Dei fekk to born i lag:* Anna (Malene) Johnsdotter, døypt i Gulen 6.7.1787, vart gift i Bergen 31.5.1812 med Rasmus Elias Hansen, gullsmedmeister, døypt i Hidra ved Flekkefjord 26.4.1789. Dei budde i Bergen, men vart skilde(!) kring 1823.* Mons Johnson, døypt i Luster 26.12.1789, døydde i Luster 1798.Me veit ikkje kor gamal John var, men han må vera fødd kring 1760 eller kanskje nokre år etter. Han må vera avliden kring 1790 eller kort tid etter, for, utan å ha fått fleire born, gifte Dorthe seg 5.12.1799 att i Luster med omstreifar Ole Christopherson frå Fodnes i Lærdal, døypt i Vinje sokn på Voss 30.8.1778. Dei heldt fram som omstreifarar, men budde òg på Slottet i Luster der Dorthe døydde 1.3.1823. Ole Christopherson døydde på eit sjukehus i Bergen 4.4.1824. Ole og Dorthe fekk åtte born, og dei som ikkje døydde i barneåri, flytte alle til Bergenskanten (Sotra) og Nordland.MEN, det store 'mysteriet' er: Kven var John Ingebrigtson Høgåsen, og kvar var han komen ifrå?Eg takkar på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Gulen kirkebok A 13, 1776-1787, fol. 135a: 'Døbt den 6te Julii Joen Ingebrigtssøn og Dorthe Fladhammer, der angiver sig at være Trolovede Folck af Lysters Præstegield deres Datters op kaldet Anna. Daabs-Vidnerne vare: Matthias Jørgenssøn og mari Andersdr Saanæs. Ingeborg Nielsdr Sætevig, Johanna Ulriksdr Nessie. - Peder Johannessøn Hyllestad.'

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Takk til deg, Yngve, for at du sjekka denne dåpshandlingi frå Gulen. Då er me altso like langt når det gjeld spørsmålet om opphavet til John Ingebrigtson, so no vonar eg at ein eller annan kan dra kjensel på John Ingebrigtson... Høgåsen!?Hjarteleg takk for all hjelp!Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Astrid Ryen

Hva får deg til tro at han kommer fra Melhus?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Til Astrid:Eg har diverre ingen sikre opplysningar om opphavet til John Ingebrigtson, men etter ei samla vurdering av forekomstane av gardsnamnet Høgåsen i Noreg, er eg komen til at Sør-Trøndelag er mest sannsynleg som opphavet til John. Eg ser det er Høgåsen i Melhus, men òg i Støren (Gauldal), Selbu og i sjølve Trondheim!Har du Astrid andre forslag?Hjarteleg takk for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Kvam

For å lage litt mer forvirring så kan jeg opplyse at det er Høgåsen i Orkdal også nermere bestemt Svorkbygda, der var to husmannsplasser. Men om han du leter etter komer derifra er jeg ikke sikker på. Men du kan søke på DIS der er det en søkerside på Trønder-slekt og med lokalsøk i Orkdal. Hilsen Roar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg tykkjer det er på tide å trekka fram att denne saki som eg aldri har funne ei løysing på. Og ikkje berre for å søkja etter opphavet til John Ingebrigtson, men ogso for å etterlysa svigerfar hans:Johannes Pederson, som òg må ha vore av reisande!Johannes og den ukjende kona hans døypte tvillingar i Hafslo:Dorte (Marie) og Christine Margrete, dåpsdato 22.12.1766.Eg kan ikkje sjå at denne Johannes Pederson får fleire born i Hafslo/Luster, men om det er den same Johannes Pederson som i 1787 skriv seg ''Hyllestad'' då han det året var faddar på Dorthe (Marie) sin eldste dotter Anna (Malene) i Gulen, det veit eg ikkje!No vonar eg at einkvan dreg kjensel på desse namni og om dei eventuelt høyrer heime i det dåverande ''omstreifarmiljøet''?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.