Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Sigrid Breivik

[#14116] John Ols. Rønning , født ca. 1835 i Ørkedalen/Orkdal - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Sigrid Breivik

Hei!Eg er på leiting etter opplysningar om John Ols(en?) Rønning (namnet på den plassen der han og kona Karen etterkvart budde?), født ca. 1835, truleg i Orkdal. Han var gift med Karen Jakobsdtr. Rønning, født 1845 på Salsnes i Nord-Trøndelag. Hennes foreldre var Ingeborg Samuelsdtr. Skrøyvstad, født i 1826 (truleg i Salsnes - namnet er vel frå det området?) og Jakob Hågensen, født i 1811, truleg i Tolga.Karen og John var ved folketellinga i 1865, registrerte på Salsbruket i Fosnes i Nord-Trøndelag, og dei var allereie då gift. Han var oppgitt å vera 31 år, ho 21. Så slik sett skulle dei vel heller ha vore født i 1834 og 1844.Eg har ingen opplysningar om foreldra til John. Men om det kan vera eit spor, så heitte sønnene han og Karen fekk Konrad, Julius, Oliver og Jakob, født i den rekkefølga. Slik sett ser det ikkje ut til at han har kalla opp sin far - men kan Oliver vera eit spor? Synes sjølv at det høyrdest 'eksotisk' ut.John og Karen hadde plassen Rønningen under Seierstad. John døydde 13.3.1910, etter dei opplysningane eg har. Karen døydde 10.4.1926 i Overhalla.Finnes det dåpsregister for Orkdal/Børsa, som let seg bruke i dette tilfellet? Eg håpar det ikkje er for mange aktuelle kandidatar, sjølv om namnet ikkje er av dei mest 'fantasifulle'.På førehand takk for eventuell hjelp! Sigrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ola Klefsås

Det er litt uklårt med stadnamn/gardsnamn, slik det ofte er, men eg finn ein utflyttar i kyrkjeboka for Orkdal, John Olsen Rønningen, 18 år, til Trondhjem. Dette er registrert 22.10.1853 Han finst som konfirmant med same 'etternamn', fødd 04.10.1835, og dermed kan ein vere viss på at John, s.a. Ole Nilssen Barboe og Johanne Johnsdtr er same person, - f. 04.10.1835, dp. 08.11.s.å. Fadrane er Nils Olsen Rønningen, Erik Nilsen Rønningen og Konen Ingebor Larsdtr Barboe. Så finn eg vigde 17.06.1835 Ungkarl Ole Nilssen Barboe, 29 år, s.a. Nils Olsen Rønningen, og Pige Johanna Johnsdtr Aarlivold, 30 år, d.a. Jon Andersen Aarlivold. Brura trur eg må vere innflytta, men Ole vart f. 22.01.1806 og dp. 09.02.1807. Han var s.a. Nils Olsen Rønningen og Marit Engelsdtr. Truleg er det desse vi finn under Egga i 1801, men i Orkdalen er det dårleg stelt med bygdebøker, så eigedomshandlar og flyttingar er vondt å finne ut av. Vonar dette er hjelp eit stykke på veg.M.v.h. Ola

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigrid Breivik

Ola! Tusen takk for god hjelp!Eg minnes no, då eg såg namna, at andre i familien har vore borte i namnet Barboe. Men uansett kom vi jo eit steg lenger bakover. Og med fleire datoar blir det òg lettare å leite vidare!Sigrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Bjørnaas

HeiJeg har ei Johanna Jonsdt. Årlivoll som er døpt 18.8 1799, Svorkmo. Hun er datter av Jon Andersen (Bey) Årlivoll, f. ca. 1764 og kona Kari Olsdt. f. ca. 1764, Utenom Johanna, har jeg notert følgende barn: Anders Jonsen, f. 1788, Ingebrigt Jonsen, f. 1791, og Berit Jonsdt., f. 1793, g.m. Anders Andersen MonsetDette stemmer jo ikke helt i tid, men det er kanskje likevel verdt å sjekke. Jon Andersen døde i 1809, og det ble holdt skifte etter ham i 1810. (side 263, beh.prot., og s. 214 i sl.prot.)Jeg bruker bl.a. å få skifter sjekket av Kåre Hasselberg, på Kattem i Trondheim. Han tar for tiden kr. 200,- + m.v.a. pr. time. (Spesifiser at du kun vil ha slektsinformasjonen i skiftet).Hans e-postadresse er: khass@online.noBeste hilsen Inger Bjørnaas

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Bjørnaas

HeiJeg har nå fått avskrift av skiftet etter Jon Andersen Aarlivold, holdt 10.2. 1810 - 23.3. 1810Enke: Kari Olesdt. SoelbueBarn:1) Ole Jonsøn, 23 år, hjemme2) Ingebrigt Jonsøn, 18 år, hjemme3) Jon Jonsøn, 8 år4) Berethe Jonsdt., 16 år5) Johanna Jonsdt., 11 år6) Anne Jonsdt., 3 år Enkas lagverge: svogeren sersjant Ingebrigt Fridereicsøn AarlieKurator for 1+2: naboen Tron Berntsøn Rønningen (ubeslektet)Formynder for 3+4: deres besvogrede velagt Dannemand Ole Olesøn ByeFormynder for 5+6: motstermannen Iver Ericsøn Soelbuenke Martha Olesdt. Bye lot ved svogeren Ole Olesøn Bye levere en fordring i boet.Avdødes myndling Berethe Pedersdt. Bye. Avdødes svoger Ingebrigt Aarlie er kreditor. (Avdødes ?) brorsønn Anders Pedersen Bye krever for pløying. Håper dette kan være til noe hjelp.Beste hilsen Inger

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigrid Breivik

Tusen, tusen takk for hjelpa, Inger Bjørnaas! Her er det mykje å gå vidare på, når eg berre får rydda meg litt tid. Og det burde det vel bli tid til no, som dei fleste av oss går inn i ferien?Ha ein fortsatt fin dag!Sigrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roar Kvam

Hei Sigrid. Her gjør du samme feil som jeg gjorde til å begynne med angående alder. Før når de noterte alder i kirkebøker og skifter så skreiv de alder det år de var i. Står det han 31 i folketelling 1865 så er han fyllt 30, men han er i sitt trettienige år(31). Håper dette vart forståelig.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigrid Breivik

Hei Roar!Jo, eg er klar over 'problemet', men tenkte vel ikkje så nøye på det då eg skreiv innlegg nr. 1. Og det er vel difor vi har valget med +/- 1 år, når det gjeld alder på dei vi søker etter.Ei lita avsporing: enkelte synes det er så 'ille' at vi seier dei går i sitt 40. (førtiande) år, når dei nettopp har fylt 39.God jonsokhelg!Sigrid

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.