Takk for oppslag. Dette stadfestar både at Johannes Larsson var frå Kvål i Førde, og at det var ein del sunnfjordingar i området. F.eks. ser eg i gamle trådar her i forumet at også fadderen, Palme Olsson Halland var sunnfjording, og eg har også andre eksempel.
I bygdeboka for Førde står det lite om desse folka, men dei er såvidt nemnde under Indre Slåttene. Fyrst står det at folka der er nemnde vekselvis under Slåttene og Kvål i kjeldene. Så er det nemnt m.a. ein "Lars Andersson, død 1735 på Indre Slåttene, enkja brukte garden eit par år etter hans død. Av borna veit vi om: a. Eli. Neste brukar".
https://www.nb.no/items/eea96b7e0dfe3d9d59a01274b833fcdc?page=170
Men skiftet etter Anders Larsson Nes frå 1789 viser at han hadde følgjande born:
Anders, busett på Nes i Naustdal.
Karl, busett på Åse i Naustdal.
Johannes, busett på Halland i Radøy.
Eli. Neste brukar.
Marte. I følgje skiftet var ho g. med Ole Grimeland. I bygdeboka (Førde) finn ein dei under garden Skogstad/Plassa, som den gongen høyrde inn under Grimeland.
Slektstre: https://www.geni.com/people/Lars-Slåtten/6000000000972090813