Eg er ikkje sikker, men kan ikkje sjån at dette ekmnet har vore oppe før...
Ikkje so reint få ungdomar frå Luster og Hafslo flytte sist på 1600-talet og kort etter 1700 til Valdres og Hallingdal. Nokre av dei har eg etter kvart fått oversyn over, men det voks opp fem brør på ein husmannsplass på Havelden under Flahammar i Luster, som eg ikkje har spor etter i det heile! Kanskje sit det nokon med spesialkunnskap på dette feltet som kan hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei?
Eg attgjev frå manuskriptet mitt det eg til no veit om dei:
~~~~~~~~~~~~~~
Peder Pederson Havelden, truleg frå Flattun, var f. kring 1652 og d. kan henda her på Havelden kring 1705. Peder Pederson busette seg truleg på Havelden kring 1680 eller noko før, og me trur det var denne plassen inst på Havelden han då fekk hand om. Her budde han framleis i 1701, og truleg vart han buande her levetidi ut. Peder var gift, men me veit ikkje kven kona hans var. Dei fekk minst fem søner i lag:
1. Peder Pederson, f. kring 1677,
Peder Pederson flytte
##### (1701: «tente søndenfjelds» - anten i Valdres eller i Hallingdal - lagnaden hans?)
2. Torbjørn Pederson, f. kring 1679,
Torbjørn Pederson flytte
##### (1701: «tente søndenfjelds» - anten i Valdres eller i Hallingdal - lagnaden hans?)
3. Ole Pederson, f. kring 1681,
Ole Pederson flytte
##### (1701: «tente søndenfjelds» - anten i Valdres eller i Hallingdal - lagnaden hans?)
4. Erik Pederson, f. kring 1685, levde framleis i Luster i 1711.
Erik Pederson flytte
##### (må vera identisk med Erik Pederson «Hofelderen» som vart utkommandert til store nordiske 28.10.1709, men som vart «kasseret» før 29.7.1717 - lagnaden hans?)
5. Jens Pederson, f. kring 1689, budde hjå foreldri på Havelden i 1701.
Jens Pederson flytte
##### (lagnaden hans?)
~~~~~~~~~~~~~~
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne og lagnadane deira!