Kan nokon hjelpe med å finne opphavet til dette ekteparet som kom til Volstad på Ellingsøya i 1806?
Martinus Larsson Volstad vart fødd rundt 1773, uvisst kvar. Det einaste ein veit om opphavet hans er farsnamnet Lars, men det er ikkje nok til å spore han vidare bakover. Eg har gått gjennom ministerialboka for Borgund for tidsromet 1771 - 1775 i håp om å finne ei dåpsinnføring som kunne vere aktuell, men har ikkje funne noko så langt. Litt bale å leite når alt er blanda, så eg kan ha oversett noko.
Han bygsla halve Ågnegarden, Nedre Volstad 1 på Ellingsøya i 1806. Ved folketeljinga i 1815 er han 41 år og kona Pernille er 34 år. Dei har borna Eli 10 år, Ingebor 9 år, Lars 7, Inger 4 og Hans 1 år. http:// https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065684002433
Han brukte garden heilt til han døydde i 1828. https://www.digitalarkivet.no/kb20050614020332
Han var gift med Pernille Henriksdatter, f. ca. 1780. Kvar ho kom ifrå er også uvisst. Då mannen døydde, fekk ho kår hos sonen Lars, f. 1808, brukar på Ågnegarden, Nedre Volstad 1 på Ellingsøya frå 1834 og til han døydde i 1855. Andre kona hans, Pernille Knutsdatter, fekk kår hos broren til Lars, som overtok Ågnebruket då Lars døde.