Jentenamnet Øllegaard, til dagleg gjerne avstutta til «Øllgård» eller berre «Ølla», er vel i dag heilt borte frå indre Sogn, og ifølgje «Opplysningi 1881» finst det berre to personar med dette namnet i heile Noreg i dag, som båe bur austafjells.
Namnet har aldri vore vanleg i indre Sogn, men det har fulgt nokre ætter som stort sett høyrde til dei «øvre» skikti, mellom anna ætti Klingenberg i Sogndal og ogso ætti Teiste i Hafslo. Men kvar kom dei ifrå?
* Øllegaard Pedersdotter var truleg fødd kring 1570 og kom til Kroken i Hafslo då ho kring 1605 gifte seg første gongen med Johan Andersson Teiste (1560-1607), son av Anna Johansdotter Kruckow.
* Øllegaard Mortensdotter var fødd i Sogndal kring 1625 som dotter av gardbrukar Morten Larsson i Amla og kona Guri Mikkelsdotter Due, prestedotter frå Sogndal. Denne Øllegaard gifte seg med Peder Jensson Klingenberg og vart stammor for Klingenberg-ætti i indre Sogn.
So vidt eg kan sjå, ættar alle Øllegaard'ane i indre Sogn frå ei av desse to, og fleire greiner har òg forvilla seg til Bergen! Eg ser ikkje noko ættemessig samband mellom dei to!
Eg er forsovidt interessert i båe desse jentene og opphavi deira, men er det mogeleg å komma vidare med nokon av desse huslydane? Ser me på kven t.d. Øllegaard Pedersdotter goifte seg med, kan ho ikkje ha vore noki «kven som helst», men kva for ein Peder som var far hennar, har eg aldri sett nokon teori om!
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!