Har eit familiemedlem som manglar informasjon om sin farfar. Han er eit lite mysterium, og så langt har me ikkje funne så mykje. Lurte på om det er nokon her som kan sette oss på sporet vidare.
I kyrkjebøkene, fann eg innføringa på familiemedlemet sin far, som fødd i Arendal i 1911:
Arne - Ministerialbok for Barbu prestegjeld, Barbu sokn 1910-1929 (0990Q) - Digitalarkivet og Arne - Klokkerbok for Barbu prestegjeld, Barbu sokn 1890-1922 (0990Q) - Digitalarkivet.
Utifrå dette, så er mannen me er på jakt etter, Kristian Kristiansen, f. 1885. I klokkerboka kan det sjå ut som han er buset i Egersund. I ministerialboka står det i kommentar, at "Faderen er reist tilsøs uten at la høre fra sig". Eg har søkt på navnet i Egersund og Arendal, men utan funn. Eg har også sjekka med Arkivverket om det var bidragssaker i Nedenes amt, men heller ikkje her var det resultat.
Så då lurte eg på om det er nokon her som ein ide korleis eg kan gå vidare?