Eg har i fleire år vore på leiting etter utvandringsåret til Halvor Andersson Øverli og huslyden hans frå Etnedal i Sør-Aurdal. Spørsmålet vart òg teke opp i dette emnet, men utan at me kom fram til ei løysing: https://forum.arkivverket.no/topic/205964-even-evenson-hestekind-og-kona-kari-halvorsdotter-utvandra-frå-etnedalsør-aurdal-men-kva-år/?tab=comments#comment-1735486
Halvor Andersson og Berit Knutsdotter, gardbrukarar på Øverli i Etnedal, fekk i alle fall desse borni i Etnedal:
* Anna, f. 28.5.1839
* Ingeborg, f. 1.1.1842
* Kari, f. 28.4.1844
* Bertha, f. 18.12.1846
* Knut, f. 25.5.1849
Me har vel her ei utfordring i at det manglar kyrkjebøker for 1850-åri, so me finn korkje fleire born eller utvandringi deira...
Men kanskje nokon veit råd? Kanskje er huslyden nemnd i Bygdeboki for Etnedal?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips med omsyn til utvandringi deira!