Elizabeth Cecelia MORIN, indianarjente, fødd i Valley Co., MT fødd 5.7.1887
gifte seg første gongen i Mandan, ND 25.10.1903 med:
John Henry ROBIDOU (1875-1928), son av Gjertrud Johannesdotter frå Urnes i Hafslo (1852-1923)!
Elizabeth og John farma i Missouri township, Burleigh Co., ND, men Elizabeth rømde frå John og borni sine i 1910 og vart sidan skild frå mannen.
So gifte Elizabeth seg att 16.2.1914 (dato truleg frå ei ættetavle, men ikkje stadfesta) - stad ukjend, men truleg North Dakota - med
William Paul WING - sidan kjend som William Paul EDWARDS frå Indiana (1885-1963). Dei budde i Maza, Towner Co., ND og i Burlington, Ward Co., ND, men vart skilde kring 1925
So gifte Elizabeth seg tredje gongen (marriage license datert Ward Co., ND 23.7.1927) - nøyaktig dato og stad ukjende - med
Παναγιώτης Αδραχτάς (Panagiotis Adrachtas) - kjend som Peter ALLAS frå Αγορέλιτσα, Μεσσηνία (Agorélitsa, Messinia) i Hellas (1883-1969). Dei busette seg i Milwaukee, Milwaukee Co., WI
Dei store spørsmåli gjeld altso dei to siste vigslene til Elizabeth, og eg ville vorte svært so glad om nokon greidde å finna ut av dei? Kanskje er dei nemnde i lokale avisoppslag?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!