Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'anders olson'.
Fant 1 resultat
-
1. Bygdeboka for Innvik - Stryn 2:3:2, side 221 fortel at Ola Olson Valaker, f. ikring 1620, gift med ei Sigrid er brukar på Olabruket i 1644. Men i 1650-åra er ein ny Ola komen til Valaker, nemleg Ola Andersson, også han fødd i 1620. Han brukar same gardparten som Ola Olson Valaker hadde brukt, og er truleg gift med enkja etter Ola Olson. Vidare er det sagt at Anders Olson, som følgjer etter Ola Andersson, er f. rundt 1640, døde 70 år gammal i 1710, og er brukar i 1670-åra. Spørsmålet er : Er han son til Ola Olson Valaker eller son til Ola Andersson Valaker, eller er han ikkje son til nokon av dei? https://www.nb.no/nbsok/nb/f2ded7a89d71425a218d5da8a4fbe950.nbdigital?lang=no#224 Sokneprestenes manntal 1664-66 https://media.digitalarkivet.no/view/35521/121 opererer med 5 brukarar på Valaker: Joen Oluffson på 60 år; Joen Lauritsson på 50 år; Anders Olsson på 46 år; Lauritz Rasmusson på 50 år og Oluff Oluffson på 44 år. Jon Olufson er brukar på Valaker 3, Jon Lauritsson på Valaker 2, Lauritz Rasmusson på Valaker 4 og Oluff Oluffson på Valaker 1, altså Olabruket. Såvidt er forstår betyr dette at Ola Olson Valaker framleis er i live og at han dermed også må vere far til Anders Olson. Men den Anders Olufson som også er nemnd som brukar, kven er det? Fogdenes og sorenskrivernes manntal 1664-66 har med dei same brukarane: https://media.digitalarkivet.no/view/35574/85 2. I framhaldet av dette oppstår det eit nytt problem: Anders Olson Valaker, f. ca. 1640, d. 1710 er gift to gonger, først med Anne Hansdatter Faleide. Ho døydde før 1690, men det er ikkje sagt kor lenge før. Så gifter Anders seg for andre gong med Synnøve Olsdatter Kårstad, d. før 1706. Ei dotter, Anne, er nemnd. Ho døde 86 år gammal i 1756. Ho var då fødd rundt 1671. Sonen Ola Andersson døde 74 år gammal i 1753. Han skal etter det vere fødd i 1679. Dette skulle tilseie at dei begge to er born av Anne Hansdatter, første kona til Anders Olson Valaker, for ho levde til framimot 1690. Men så skriv Jakob Åland i bygdeboka at Ola var son til Synnøve, og det skaper problem. Om det er tilfelle, må han vere son av Synnøve frå eit tidlegare ekteskap eller ein uekte son. I motsett fall er det som BB skriv feil. Manntalet i 1701 finn vi her: https://media.digitalarkivet.no/view/38456/144 Det noterer Anders Olson som brukar. Han er 61 år, altså fødd i 1640. Han har sonen Olle på 19 år som bur på bruket. Dette er vel den Ola Anderson som skulle vere Synnøve, andre kona til Anders sin son. Ifølgje det som står her skal han altså vere fødd rundt 1682. Kven er så mor hans?
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive