Eg leitar etter 3 x tippoldemora mi Alida Marie Anfinnsdtr. etter alderen som er oppgjedd ved FT 1801 og død 1805 skal ho være fødd omlag 1752/53.
Ho gifte seg 4. Juli 1779 i Bru sokn (Kinn prgj.) i Sogn og Fjordane med Henrik Johannesson Høydal og dei var gardbrukarar i Øvre Standal i Kinn.
https://www.digitalarkivet.no/kb20070510610516
Eg har sjekka ut alle konfirmantlister og kommunikantlister i Sunnfjord og Sogn der desse har vore tilgjengelege utan resultat.
Både Alida og Anfinn er eit nokså sjeldan namn i Sogn og Fjordane, bortsett frå nokre sokn i Sunnfjord og Sogn - i Nordfjord trur eg knapt namnet Anfinn finst brukt i det heile på den tida.
No håpar eg ho kan være å finne i Hordaland ein stad, men søk på diverse variantar av Alida/Ales/Alet og Anfinn/Andfin/Amfind har ikkje gjeve resultat så eg håpar ein kvan har vore bort i dette namnet og kan gje meg tips eg kan sjekke ut.
Eg set svært stor pris på tips!