Dette er ei utfordring som eg har kjempa med i mange år, men som eg aldri har greidd å koma noko nærare ei løysing på! Kanskje tidi no er mogi?
Anfind Olson Børtnes, son av husmann Ole Johannesson og kona Ingeborg Anfindsdotter på plassen Børtnes under garden Urnes i Hafslo, var fødd i Hafslo 14.8.1868 og utvandra til Amerika i 1887.
Ei eldre søster Kari Olsdotter Børtnes, gift med Anders Larsson Svangstu alias Andrew Larson, utvandra i 1885 og budde levetidi ut i Nelson, Buffalo Co., WI der Kari døydde 23.11.1937. Dei fekk elleve born i lag, men etterkomarar som eg var i kontakt med for mange år sidan, har ingen aning om kvar det vart av «onkel Anfind» utover følgjande «rykte»:
Truleg budde Anfind òg ei tid i Buffalo Co., WI, men han reiste derifrå til Duluth, MN der han skal ha drive forretning. På eitt eller anna tidspunkt selde han butikken sin, og kort etter forsvann han som «dogg for soli»! Det har vore spekulert på om han vart teken av dage på grunn av pengane han fekk då han selde butikken, men dette har ikkje vore mogeleg å prova so langt!
No vonar eg at einkvan i Brukarforum kanskje kan ha tankar kring oppsporingi av lagnaden til Anfind Olson Børtnes/Urnes i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!