Desse opplysningane plukka eg for mange år sidan ut av ymse online kjelder:
Lensherre Axel Henrikson Gyntersberg, av pommersk adelsætt, skal vera fødd kring 1520, uvisst kvar, og døydde kring 1588 på Torget i Brønnøy. Han gifte seg kring 1555, truleg i Meløy, med Kirstina Trondsdotter Benkestok, dotter av væpnar og lensherre Trond Tollefson Benkestok på Gjeresvik i Meløy (1497-1558), opphavleg frå Joranger nedre i Hafslo i Sogn!
So vidt eg veit, fekk Axel og Kirstina i alt ti born, mellom anna ei dotter:
* Cecilia Axelsdotter Gyntersberg, som vart første kona til gardbrukar (og godseigar?) Johan Andersson Teiste i Kroken i Sogn (1560-1607). Men Cecilia skal vera avlidi i ung alder, og Johan gifte seg kring 1606 att med adelskvinna Øllegaard Pedersdotter av ukjent opphav.
Eg kjenner ikkje til born etter Cecilia og Johan, men er det nokon som er i stand til skaffa meg litt fleire opplysningar om denne Cecilia, som til dømes omtrentlege fødsels- og dødsår?
Finst det dokumentasjon for at Cecilia Gyntersberg verkeleg var gift med Johan Teiste?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!