Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'bergset'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 1 resultat

  1. Dette er opplysningar henta frå Jakob Aaland si bok «Nordfjord fraa gamle dagar til no Del 2 3 3:2», som omtalar dei einskilde gardane i Stryn og Innvik: Ola Larsson Bruland vart fødd rundt 1648, kanskje på Bergset i Utvik, Nordfjord. Kven foreldra var er ukjent. Han var brukar på Kiparbruket i Utvik i 1690-åra. Han fekk skøyte i 1703 på odelsgods i bruket. Ola var gift med Brite Arnedatter ukjent kvar frå. Dei var velståande. Ola åtte mellom anna to bruk i Bruland, (I tillegg til Kiparbruket, Sølvbergbruket, Bruland 6), eitt bruk i Bergset (Villumsbruket, Bergset 5) og eitt bruk i Sølvberg (Bakkebruket, Sølvberg 5). (s. 454ff.)I buet var det også m.a. brurasølv. Dottera Ane var gift med ein Aksel Kristofferson i Bergen. Ei anna dotter, Sigrid, var gift med David Rasmusson Muri. I 1701 var sonen Arne 26 år og Lars 20 år. Ingen av borna hans overtok Kiparbruket. I 1721 bygsla Jakob Nilsson Ulvedal Sølvberggarden, Bruland 6 av eigarane Lars Olson Sølvberg, son til Ola, og David Muri, svigersonen, gift med Sigrid Olsdatter. Sonen Lars er nemnd som brukar av Bakkebruket på Sølvberg, men under namnet Lars Olson Bruland «Trondheims-Lars». Han fekk skøyte i 1710, 1716 og 1728 på bruket løyst frå Ola Bruland sine arvingar. (s. 598) Ein Peder Abrahamson Hegdal bygsla i 1707 Villumgarden på Bergset av svogeren Ole Larsson Bruland. (Han var gift med Synnøve Olsdatter Bruland, og tre av sønene deira vart gifte i Randabygda.) Sonen til Ola, Arne Hegdal, åtte ein del av garden. (s. 604) Ola Larsson Bruland døde i 1711. Skiftet etter Ola Larsson Bruland i 1711: https://media.digitalarkivet.no/sk20081127700415 Skifte på Bruland, Utvik, Nordfjord 10. mai 1713 etter Ole Larssen Bruland. Arvingar er den attlevande kona Brite Arnesdatter og dei seks borna: Ole Olson Bruland; Arne Olson Hegdal; Lars Olson Sølvberg; Ane Olsdatter gift med Axel Kristiansen; Sigri Olsdatter gift med David Muri og Synneve Olsdatter gift med Peder Abrahamson Hegdal. Frå Geni har eg saksa fylgjande, som vel også er henta frå Jakob Aaland: "Muligens Sønn Av LAURITS OLSSON BERGSET F. Ca 1616- Død Før 1672, Og Hustru ANNE RASMUSDOTTER BERGSET (ROSET) Død 1655, Gravlagt I Kirken." https://www.geni.com/people/Ole-Larsson-Bruland/6000000040472923168 Det er sagt at Ola Larsson Bruland (Bergset) var ein velhalden mann, og det ser vi av jordpartane han åtte i Bergset, Sølvberg og Bruland. Men kvar kom dette jordegodset frå? Kva ætt kom Ola frå? Kven var forfedrene hans, og korleis hadde det seg at han åtte såpass mykje jord. Han hadde også ymse sølv og deriblant brurasølv i buet, noko som vel tyder på at han kom frå ei velståande ætt. Aaland har antyda at Ola kom frå Bergset, men finst det kjelder som kan fortelje oss meir om denne mannen og ætta hans?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.