Opphavleg hadde eg på 1980-talet berre identifisert to søner etter Lars Sørenson Natvig - av den sokalla «Heiberg-ætti». Men kort etter hundreårsskiftet vart eg konfrontert med påstandar frå Danmark som hevda at Lars skulle ha hatt (minst) to søner til, som båe vart prestar på Bornholm i Danmark. Desse hadde eg før plassert som sønesøner etter sokneprest Christen Henrikson Lyster til Luster, men ved nærare studium av saki, trur eg at danskane har rett. Det at ein av sønene heitte Thue, tydeleg oppkalla etter morfaren i Valdres, har vore eit avgjerande element i saki!
Eg går difor no ut med denne nye versjonen av manuskriptet mitt for garden Sørheim i Luster, der Lars Sørenson budde i mange år før han flytte til Natvik i Årdal:
~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under!
Eg ville setja stor pris på eventuelle kommentarar til denne ættetavla og takkar so mykje på førehand for supplerande opplysningar, t.d. frå studentbøker og universitetsmatriklar etc.!