Hei!
Noki stor sak er ikkje dette, men eg har stundom spekulert på kva premisser som gjeld når det gjeld spørsmål om å vera «aktiv» brukar i Brukarforum?
Eg ser at ein ved passering frå 9 til 10 innlegg får stjernetalet auka frå ei stjerne til tre, men alt før ein har nådd 50 innlegg er ein oppe i «aktiv» brukar med topp tal stjerner, seks! Kva er eigentleg «vitsen»?
På ei tilsvarande side i eit tysk forum har dei eit stjernesystem frå ein til fem der ein får fire stjerner ved 500 innlegg og topp «ansiennitet» med fem stjerner først etter 1000 innlegg!
Det hadde vore interessant å vita korleis dette fungerer i Brukarforum?