Eg har fått store vanskar med å leita etter borgarlege vigsler etter siste omleggingi av søkesystemet, so i dag ber eg om hjelp i følgjande konkrete sak:
Ved følgjande søk i Nasjonalbibliotekets base: https://www.nb.no/search?q="Lillemor Haug"
får eg opp lysingi 23.7.1953 for Nils Aarøy og Herborg Lillemor Haug, og det ser ut til at det vert referert til byfogden i Oslo, men eg finn ikkje borgarlege vigsler i Oslo for 1953!
Kan nokon hjelpa meg finna nøyaktig dato og stad for denne vigsli?
Eg ville tru at dei borgarlege vigslene for Oslo for denne perioden skulle vera tilgjengelege...? Eller kanskje har eg misoppfatta oppslagetr eg fann hjå Nasjonalbiblioteket? Dei er ofte ganske so «kryptiske»...
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!