Hei !
Det gjeld sak nr. 20 litt ned om midten på venstre side.
I bygselbrevet er det lista opp tre vilkår. Vilkår nr. 1 - det om å halde hus og gard i stand - startar på linje nr. 6. Dei tre punkta omfattar i alt 7 linjer. Med mitt mangelfulle talent for å tolke gamal skrift er det så som så med å få tak i rette tydinga. Eg ville derfor sette stor pris på å få tyda dei tre punkta (linje 6-12) i bygselbrevet.
SAT, Søre Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/L0006: Pantebok nr. F, 1847-1852, s. 210
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/tl10040904010213
Så ein ting i tillegg. På nest siste linje, rett etter Elias Pedersen Melbøe og foran 'til vitterlighed' står eit eller anna. Er det ei eller anna som går på 'med påholden penn' ?
mvh Kjell